Hopp til innhold

Kvinner demonstrerte i Moskva søndag

MOSKVA (NRK): Det er venta støttemarkeringar for den fengsla opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj fleire stader i Russland søndag. Styresmaktene i landet seier dei som deltek risikerer å bli arrestert.

Demonstranter i Moskva

Rundt 150 kvinner hadde samla seg i ei gågate i Moskva søndag.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Rundt 150 kvinner deltok i ei protestmarkering i ei av gågatene i Moskva søndag. Dei heldt kvarandre i hendene, og danna ei lenke av menneske gjennom gata.

Styresmaktene har åtvara mot slike demonstrasjonar, og seier at dei som bryt lova vil bli stilt til ansvar. Dei siste vekene er 11.000 personar arrestert etter liknande demonstrasjonar.

Demonstrantane viser støtte til den opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj, som blei arrestert då han kom tilbake til Russland frå Tyskland. Der hadde han fått behandling etter at han blei forgifta på ein flytur frå Sibir i fjor.

Til støtte for fengsla kvinner

Dagens demonstrasjon i Moskva er ei støttemarkering for dei arresterte, seier ein av demonstrantane, Alina, til NRK.

– Eg deltek i demonstrasjonen for støtte dei som er arrestert utan grunn, særleg kvinnene.

Er du ikkje redd for å bli arrestert?

– Det er eg, men nokon må våge å vise at dei står fram og markere standpunkta sine, seier ho til NRK.

Demonstrant i Moskva, Alina

Demonstranten Alina seier til NRK at ho er med på markeringa for å ta avstand frå dei mange grunnlause arrestasjonane av kvinner i Russland.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Fleire av dei andre demonstrantane NRK snakkar med i Moskva, seier det same som Alina, dei er i gatene for å vise støtte til dei fengsla kvinnene, og at dei ønsker eit regimeskifte.

Tidlegare har det vore uniformert politi og opprørspoliti i gatene under demonstrasjonane. I dag har det ikkje vore synleg politi i Moskva.

Men sivilt politi har vore til stades for å ta bilete av demonstrantar som har snakka med journalistar.

Lysmarkeringar

Dei mange arrestasjonane dei siste vekene, gjer at støttespelarane til Navalnyj no går nye vegar for å markere motstand mot regimet.

Søndag kveld blir folk over heile Russland oppfordra til å tenne lys i hjarteform eller bruke mobiltelefonen til å lyse med for å vise støtte til den fengsla opposisjonspolitikaren.

Navalnyj i retten

Aleksej Navalnyj viste eit hjarteteikn då han møtte i retten i førre veke.

Foto: AP

Markeringa skal vare 15 minutt slik at politiet ikkje skal rekke å aksjonere.

Fleire av dei NRK møter i sentrum av Moskva søndag, seier dei vil også skal delta på markeringa i kveld.

Et nærmere blikk på russlands opposisjonsleder Aleksej Navalnyj.

Et nærmare blikk på russlands opposisjonsleiar Aleksej Navalnyj.

SISTE NYTT

Siste nytt