Hopp til innhold

Tilbyr Navalnyj behandling i Europa

Både Tyskland og Frankrike har tilbode å gje den russiske opposisjons-politikaren Aleksej Navalnyj behandling på sjukehus. Han kjemper for livet på sjukehuset i Omsk, med ein mogleg forgifting.

Navalnyj kanskje forgiftet 200820-DR19

Ein video frå flyet skal vise Navalnyj på veg inn i ambulanse.

Foto: Privat

Opposisjonspolitikaren var på veg med fly frå Sibir til Moskva då han kjende seg dårleg, melde pressetalskvinna hans torsdag morgon.

Laster Twitter-innhold

Flyet landa i Omsk. Der blei han frakta til intensivavdelinga på sjukehuset.

– Vi trur Aleksej blei forgifta med noko som blei blanda i teen hans. Det var det einaste han drakk i dag tidleg. Legane seier gifta blei teke raskare opp på grunn av den varme væska, seier pressetalskvinna hans, Kira Yarmish.

Navalnyj drikker te på flyplassen

Eit bilete tatt på flyplassen, skal syne Navalnyj drikke te om morgonen.

Foto: privat

Gjennom dagen har legane kjempa for å redde livet hans, opplyser kjelder på sjukehuset til Reuters.

Ifølgje det russiske nyheitsbyrået Interfax er tilstanden hans alvorleg, men stabil.

President Vladimir Putins talsmann Dmitrij Peskov seier ifølge Reuters at ein eventuell forgifting må bekreftes av ein analyse frå et laboratorium.

Tyskland og Frankrike med tilbod om hjelp

Ein talsperson for Kreml seier at russiske myndigheiter er klare til å vurdere ei førespurnad om å behandle Navalnyj i utlandet, om nokon spør om det.

Tysklands Angela Merkel seier Navalnyj kan få behandling der. Ifølgje avisa Bild står eit fly med tyske legar klart til å forlate Berlin ved midnatt.

Franske styresmakter har kontakta Russland for å gje Navalnyj tilbod om behandling. Det seier president Emmanuel Macron.

– Vi er frykteleg urolege og triste over det som har skjedd med Navalnyj, seier den franske presidenten. Han seier Frankrike også vil tilby Navalnyjs familie hjelp og vern.

Avisa Le Monde skriv at franske diplomatar ved ambassaden i Moskva har tatt kontakt med russarane for å legge fram tilbodet.

– Vil sende Navalnyj til Europa

Doktor Jaroslav Asjikhmin, som er Navalnyjs faste lege, ønsker at han sendast til Europa for behandling, skriv Dagbladet.

I et intervju med det latvisk-baserte nettstaden Meduza seier Asjikhmin at apparatet rundt Navalnyj, inkludert ham sjølv, er i kontakt med to sjukehus.

Det skal dreie seg om et sjukehus i tyske Hannover og et i franske Strasbourg.

– Der har dei spesiell kompetanse på å behandle forgiftingar, seier Navalnyj.

Han fortel at eit av sjukehusa i Moskva kan behandle Navalnyj i den kritiske fasen, men dei har ikkje så god kompetanse på å finne ut kva gift det er snakk om.

Allergisk reaksjon

I juli i fjor blei Navalnyj arrestert etter at han oppfordra demonstrasjonar i Moskva. I fengselet blei han sjuk. Han hovna opp i ansiktet, og fekk utslett fleire stader på kroppen.

På sjukehuset fekk behandling med steroid for det som blei kalla ein allergisk reaksjon.

Navalnyj meinte han hadde blitt forgifta i fengselet. Legen hans sa dei ville ta prøver frå hår og klede for å få ein uavhengig analyse for å bevise dette.

En ambulanse står parkert utenfor sykehuset hvor Navalnyj er innlagt.

Ein ambulanse står parkert utanfor sjukehuset i Omsk kor Navalnyj er innlagt.

Foto: Evgeniy Sofiychuk / AP

Putin-kritikar

Navalnyj er ein skarp kritikar av Russlands president Vladimir Putin. I juni kalla han forslaga til endringar i den russiske grunnlova for eit kupp. Endringane opnar for at Putin kan søke to nye periodar som president.

Navalnyj har profilert seg i arbeid med antikorrupsjon, seier Ingrid Opdahl, som leiar Russlands-programmet ved Institutt for forsvarsstudium ved Forsvarets høgskole.

– Han har, med utgangspunkt i undersøkingar han og staben hans har gjort, laga filmar som avslører korrupsjon på eit høgt nivå. Dei avslører og viser korrupsjonsnettverk og luksuriøse feriehus.

I sommar var det fleire demonstrasjonar med krav om at Putin skulle gå av. Då blei det også gjennomført ein razzia mot kontora til Navalnyj.

Han har også vore arrestert fleire gongar. Dommar for økonomiske brotsverk gjer at han ikkje kan stille til val i Russland.

Navalnyj er Russlands fremste opposisjonspolitikar.

Navalnyj er Russlands fremste opposisjonspolitikar.

Foto: Kirill Kudryavtsev / AFP

– Det er mykje som tyder på at fengslingane er politisk motiverte. Ein av grunnane til at han ikkje kan stille til val er desse dommane. Rettssakene mot han har heller ikkje vore rettferdige og i tilstrekkeleg grad gjennomført rettferdig, seier Opdahl.

Den siste tida har Navalnyj brukt dei kviterussiske protestane mot Aleksandr Lukasjenko for å mobilisere motstand mot russiske styresmakter.

På YouTube-kanalen sin viste han nyleg til korleis styresmaktene i Kviterussland blei pressa til å samarbeide med demonstrantane.

Mistanke om gift

Det er ikkje første gong det har vore mistanke om at russiske styresmakter har brukt gift mot meiningsmotstandarar.

I 2006 døydde den tidlegare russiske spionen Aleksandr Litvinenko i London etter å ha blitt forgifta av eit radioaktivt materiale.

Han blei sjuk etter at han hadde drukke te med to russarar på eit hotell i London, og så ete sushi med ein italiensk kontakt.

Alexandr Litvinenko

Då den tidlegare russiske spionen Aleksandr Litvinenko blei sjuk og døydde i 2006, var det mistanke om at han hadde blitt forgifta då han drakk te med to russarar i London.

Foto: Familien / AP

I 2018 blei russiske diplomatar utviste frå ei rekke land. Russland blei skulda for å ha forsøkt å forgifte eksspionen Sergej Skripal og dottera hans, Julia, med nervegift.

Skripal blei funne på ein benk utanfor eit kjøpesenter. Men politiet fann også spor etter gifta på restauranten dei to åt på like før dei kollapsa.

Begge blei skrivne ut frå sjukehus etter ein månads tid.

To russarar blei seinare etterlyst, men fløy tilbake til Moskva før dei blei arresterte. Dei hevda dei var på ferie i Storbritannia, og nekta for å ha noko med angrepet å gjere.

Professor Geir Flikke ved Universitetet i Oslo trekkjer også fram fleire attentater i Russland:

– Lista av attentater mot russiske journalistar og profilerte opposisjonspolitikarar er dessverre blitt lenger. Boris Nemtsov, også han ein profilert opposisjonspolitikar, blei drepen i 2015, rett i nærleiken av Kreml. Nemtsov blei på slutten av 1990-talet blei omtalt som ein mogeleg arvtakar etter Boris Jeltsin. I 2010 blei journalisten Oleg Kasjin nær drepen etter å ha blitt dengt laus på med jernstenger, og i 2006 blei journalisten Anna Politkovskaja skutt ned i oppgangen til sitt eige heim, seier Flikke til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt