Hopp til innhold

Journalist skoten på direkten

Ein georgisk TV-journalist vart i dag skoten medan ho rapporterte live utanfor byen Gori.

Øyeblikket hvor georgisk reporter, Tamar Uruscahde, blir truffet av en kule
Foto: Georgisk TV (GT)

Journalisten Tamar Uruschade vart skoten av russiske soldatar på vegen inn mot Gori, melder Eurovision.

Les også: - Russland trappar opp

Dramatiske TV-bilete NRK har fått frå Eurovision syner korleis reporteren, midt under sending, forsvinn frå kamera og må leggjast i bakken.

Sjå: Her blir en georgisk TV-reporter skutt

Litt seinare dukkar ho opp på skjermen att med skotsår på underarmen og i skotsikker vest. Ho held fram med å rapportere medan ho vert bandasjert.

Artikkelen held fram under bileta.

Georgisk reporter, Tamar Uruschade, blir bandasjert
Foto: Georgisk TV (GT)
Georgisk reporter, Tamar Uruschade, etter hun er skutt
Foto: Georgisk TV (GT)

Fleire andre internasjonale pressefolk vart også jaga frå byen Gori med våpen i dag.

Sjå russiske soldatar gå til åtak her.

Georgiske styresmakter melder at russiske soldatar framleis har kontroll over byen, to dagar etter at partane vart samde om våpenkvile.

SISTE NYTT

Siste nytt