Hopp til innhold

- Russland trappar opp i Abkhasia

Minst 100 russiske militærlastebilar er på veg mot byen Zugdidi ved grensa til Abkhasia, fortel vitne Reuters har snakka med.

Russiske styrkar på veg inn i Zugdidi
Foto: Bela Szandelszky / AP

- Eg har talt 104 russiske militærlastebilar, inkludert 40 væpna køyretøy, seier Umit Bektas, som er fotograf for Reuters.

- Styrkane er væpna

Dei russiske soldatane om bord i køyretøya er kledde som fredsbevarande styrkar, men er tungt væpna og flaggar med russiske flagg, ifølgje fotografen.

Samstundes kjem meldingar om at russiske soldatar på nytt har rykt inn i havnebyen Poti ved Svartehavet, sørvest for grensa til Abkhasia, og at det er sendt fleire soldatar til byen Gori. Det opplyser ei talskvinne for utanriksdepartementet i Georgia.

- Nokre av dei har blå merker, som betyr at dei skal vere fredsbevarande styrkar, seier eit vitne på staden til Reuters.

Artikkelen held fram under kartet.

Kart over Georgia med byer
Foto: Grafikk / NRK

Avviser opptrapping

Visestabssjef Anatoly Nogovitsyn for den russiske regjeringa nekta tidlegare i dag for at russarane var til stades i Poti, men har seinare gått tilbake på dette. Han hevdar no at det er snakk om russiske fredsstyrkar, og at dei såleis har rett til å vere i den georgiske byen.

Vanskeleg våpenkvile

I løpet av dagen har det kome motstridande meldingar om kvar dei russiske styrkane er, og om dei rykkjer fram eller tilbake i Georgia.

Les: - Russerne ombestemte seg

Georgia har fleire gonger skulda Russland for å bryte våpenkvila mellom dei to landa, og det har mellom anna kome meldingar om eksplosjonar i den georgiske byen Gori like utanfor grensa til utbrytarrepublikken Sør-Ossetia.

Les: - Frykter konflikten sprer seg

- Demilitarisering

Utanriksmedarbeidar Morten Jentoft i NRK seier det er tydeleg at russarane vil utnytta dei fyrste dagane etter våpenkvila til å fjerne militære truslar mot dei to utbrytarrepublikkane.

- Russiske styrkar held truleg på å demilitarisere området, og å fjerne truslar rundt Sør-Ossetia og Abkhasia. Russarane meiner det finst georgiske stillingar i og rundt Gori som er brukte til åtaket mot Sør-Ossetia, og dei skal fjernast.

- Er på veg tilbake

Forsvarsminister Robert Gates meiner dei russiske styrkane no ser ut til å trekkje seg tilbake.

- Dei ser ut til å trekkje styrkane tilbake mot Abkhasia og til konfliktsona Sør-Ossetia.

På ein pressekonferanse i dag gjorde den amerikanske forsvarsministeren det klart at den russiske militære offensiven i Georgia kan ha gjort skade på forholdet til USA i fleire år framover.

Gates meiner det kan sjå ut som at statsminister Vladimir Putin ønskjer å gjeninnføre den trasisjonelle interessesfæren i Kaukasus, men strekar under at det ikkje er behov for nokon militær aksjon frå USA si side.

SISTE NYTT

Siste nytt