NRK Meny
Normal

Jordansk pilot er drepen av IS

Den jordanske jagarflypiloten som har vore Den islamske stat sitt gissel dei siste vekene er drepen. Drapet skal ha skjedd for ein månad sidan, hevdar statleg jordansk TV.

MIDEAST-CRISIS/JAPAN-HOSTAGE Jordanians hold up a poster of pilot Kasaesbeh, who is being held captive by Islamic State, during a candlelit vigil in a show of solidarity with Japan, in Amman

Det vart i helga halde ei markering i Jordans hovudstad Amman for å vise solidaritet med Japan, etter IS sitt drap på Kenji Goto, men også for å markere at Muath al-Kasaesbeh framleis var fanga. No skal al-Kasaesbeh vere drepen.

Foto: MUHAMMAD HAMED / Reuters

MIDEAST-CRISIS/JORDAN-DILEMMA The wife of Islamic State captive Kasaesbeh holds a picture of him as she joins students during a rally calling for his release, in Amman

Kona til Muath al-Kasaesbeh er blant dei som har kjempa for å få sett den jordanske piloten fri.

Foto: MUHAMMAD HAMED / Reuters

Jordan har lenge vore i samtaler med IS om å finne ei løysing for Muath al-Kasaesbeh, som var teken som gissel hos IS. Det skal også ha blitt gjennomført ein redningsaksjon, som var mislukka.

Den jordanske jagarflypiloten vart i dag stadfesta drepen, det har al-Kasaesbeh sin familie fått stadfesta frå leiaren av den jordanske hæren.

IS skal ha lagt ut ein video av drapet på internet, der mannen vart drepen ved at han vart sett fyr medan han var stengt inne i eit metallbur.

Al-Kasaesbeh vart teken til fange då flyet hans vart skote ned i Syria. Jordan har saman med Japan prøvd å forhandle med IS, men forhandlingane har gått trått.

I helga vart den japanske gisselen Kenji Goto drepen, og i dag vart det altså kjent at IS også skal ha drepe den jordanske piloten.

IS har kravd å få sett laus Sajida al-Rishawi, i bytte mot al-Kasaesbeh, og partane skal på eit tidspunkt ha vore nær ein utvekslingsavtale.

Jordan sa at dei var villige til å sette al-Rishawi fri, men dei har også stilt krav om å få sjå bevis på at al-Kasaesbeh var i live før ein avtale vart gjennomført. Noko slikt bevis skal dei aldri ha fått, og difor vart ikkje avtalen teken heilt i mål.

Dei manglande bevisa underbygger jordansk TV sin påstand om at al-Kasaesbeh vart drepen for ein månad sidan.

I Jordan har det vore store demonstrasjonar for å legge press på styresmaktene og få til forhandlingar med IS.

Dei internasjonale reaksjonane har allereie kome. Først ute er USA og Barack Obama som i kveld kallar IS sine nyaste video for barbarisk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt