Hopp til innhold

Jordansk pilot teken til fange av IS

Islamistgruppa Den islamske staten (IS) seier dei har skote ned eit krigsfly over Syria og teke ein jordansk pilot til fange. Det jordanske forsvaret stadfestar at ein av pilotane deira er teken til fange av IS.

Jordansk pilot teken til fange av IS.

Den jordanske piloten (i kvitt) blir ført bort av IS-krigarar like utanfor byen Raqqa i Syria.

Den Storbritannia-baserte opposisjonsgruppa Syrian Observatory for Human Rights melder at dei har stadfesta rapportar at ein IS-opprørarar har teke ein pilot frå eit arabisk land utanfor Syria til fange, etter at skote ned flyet han førte ved byen Raqqa i det nordlege Syria.

Ei jordansk avis har namngitt piloten, og to slektningar av mannen har også stadfesta at flyet hans vart skote ned i nærleiken av Raqqa by. Dei seier til Reuters at dei vart informerte om nedskytinga av det jordanske luftforsvaret.

Bilete på nettet

IS i Raqqa har publisert bilete på islamistiske nettstader med det som skal vere deira krigarar med ein fanga pilot, med ein tekst som seier at det er snakk om ein jordansk statsborgar. Dei har lagt ut fleire bilete, og eitt av dei skal vise flygaren, berre kledd i ei kvit trøye, bli boren bort frå det som ser ut som ein innsjø av ei gruppe på fire IS-krigarar.

Jordan er eitt av landa som deltek i ein internasjonal koalisjon, leidd av USA, som gjennomfører luftangrep mot IS-stillingar både i Irak og Syria. Også Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Bahrain deltek i koalisjonen.

IS hevdar dei har skote ned krigsflyet med ein varmesøkjande rakett.

Kontrollert av IS

Det er vanskeleg å få opplysningane verifiserte, fordi det er svært få uavhengige journalistar i dei IS-kontrollerte områda.

Raqqa-provinsen, som ligg nær grensa til Tyrkia, er stort sett kontrollert av IS.

Det jordanske forsvaret stadfestar i ettermiddag at ein av flygarane deira er teken til fange under bombeangrep mot IS i Syria. I ei fråsegn heiter det at IS og deira støttespelarar «er ansvarlege for tryggleiken hans».

Syriske styresmakter har ikkje kommentert hendinga.

LES OGSÅ: – 52 sivile drept i amerikanskledede angrep i Syria

LES OGSÅ: Verdensarv jevnet med jorda i Syria

LES OGSÅ: Nordmann i Syria: ​ – Vi henretter voldtektsmenn, homofile og tystere

LES OGSÅ: Mann fra Fredrikstad drept i Syria

Raqqa

SISTE NYTT

Siste nytt