NRK Meny
Normal

Japan: - Fastlåst om IS-gislar

Japans viseutanriksminister Yasuhide Nakayama seier at forhandlingane med IS om å setje fri ein jordansk pilot og ein japansk journalist, har køyrt seg fast.

Jordansk pilot teken til fange av IS.

Den jordanske piloten Mutah al-Kassabeh vart teken til fange av IS i Syria i desember.

Foto: AFP

Yasuhide Nakayama, som leier det japanske forhandlingsteamet i Amman, sa til journalistar i natt at det ikkje har vore framgang i samtalane med IS om å setje fri den jordanske flygaren Muath al-Kassasbeh og den japanske journalisten Kenji Goto.

Den britiske nettavisa Mail Online melder at Jordan har trua med straks å avrette den kvinnelege IS-terroristen Sajida al-Rishawi og andre fengsla IS-ekstremistar i jordanske fengsel, dersom det viser seg at den jordanske flygaren er død.

Sajida Mubarak al-Rishawi

Jordanske styresmakter har sagt seg villig til å setje fri dødsdømde Sajida al-Rishawi i bytte mot ein jordansk pilot i IS-fangenskap.

Foto: Jordansk TV, -
Den japanske journalisten Kenji Goto.

Den japanske journalisten Kenji Goto vart teken til fange av IS i Syria medan han leitte etter ein kamerat.

Kjelda til desse opplysningane er ein korrespondent i avisa Al Rai i Kuwait

Jordan krev bevis

Jordanske styresmakter seier offisielt at dei har bede IS om bevis at piloten er live, men at dei ikkje har fått dette.

I går såg det ut til at partane var nær semje om ein avtale om ein avtale om fangeutveksling, og at dette skulle skje på ein grenseovergang mellom Syria og Tyrkia. Etterretningskjelder i Amman seier at dersom ikkje IS legg fram bevis på at Kassabeh er i live, så blir det ingen utvekslingsavtale.

Sajida al-Rishawi vart arrestert av jordansk politi i samband med ein trippel terroraksjon mot hotell i Amman i 2005, der 60 menneske miste livet. Ho er alt dømd til døden, men jordanske styresmakter har sagt at dei vil setje henne fri dersom Kassabeh blir utlevert.

IS har dei siste dagane gitt fleire fristar til å setje fri Rishawi, og den siste fristen gjekk ut ved soloppgang torsdag.

Leitte etter kamerat

Den japanske journalisten Kenji Goto vart teken til fange av IS medan han leitte etter ein kamerat som tidlegare var teken av IS i Syria, Haruna Yukawa. Han vart truleg drepen av IS ein gong sist veke.

I ein IS-video vart det kravd at Japan måtte betale 200 millionar dollar til IS for at dei to ikkje skulle verte drepne. Det er same summen som Japan har lova å bidra med til den internasjonale koalisjonen mot IS.

Jordan er også med i den internasjonale koalisjon mot IS, som blir leidd av USA, og Mutah al-Kassabeh vart teken til fange etter at flyet hans vart skote ned over det nordlege Syria under eit flyangrep i desember.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt