Hopp til innhold

Joe Biden vil bli betre på å respektere personlege intimsoner

Joe Biden seier i ein video at han skal bli flinkare til å respektere andre personars intimsoner. Videoen kjem etter skuldingar om upassande oppførsel frå den tidlegare visepresidenten.

Amerikanske meiningsmålingar viser at Joe Biden kunne ha gjort det bra dersom han hadde valt å stille som demokratisk presidentkandidat i 2020. Den tidlegare visepresidenten har framleis ikkje sagt om han vil stille som kandidat, men dei siste dagane har det kome skuldingar som kan skade kandidaturet hans.

Dei siste dagane har to kvinner sagt at dei har opplevd uønskt merksemd frå Biden. I tillegg er det videoar på nettet med bilete av «onkel Joe» som held hendene tett rundt barn.

Onsdag la Biden ut ein video på Twitter der han beklagar dersom nokon har opplevd oppførselen hans som upassande. Dette er ifølgje New York Times det fjerde forsøket frå Biden-leiren på å dempe skuldingane som har kome dei siste dagane.

Laster Twitter-innhold

Nye tider

I videoen seier Biden at han alltid har hatt for vane å ta på menneske han snakkar med, anten dei er menn, kvinner, unge eller gamle. Samtidig innser han at det er nye tider, og at dette også er noko han må tilpasse seg.

– Dei sosiale normene endrar seg. Eg forstår det, og eg høyrer kva desse kvinnene seier. For meg har politikk alltid handla om å skape kontakt, men i framtida skal eg bli meir merksam på å respektere dei personlege intimsonene. Det er mitt ansvar, og eg skal møte det, skriv han på Twitter.

Videoen kan også tyde på at Biden er i ferd med å bu seg til å annonsere at han stiller som presidentkandidat, skriv CNN.

– Den komande månaden kjem eg til å snakke til dykk om mange ulike tema, og eg skal alltid vere direkte, opnar han.

Før han seinare i videoen forklarer kvifor han har vore fysisk i kontakten med menneske.

– Eg har aldri tenkt på politikk som noko kaldt og sterilt. Eg har alltid tenkt på det som kontakt med folk. Handtrykk, hender på skuldrane, ein klem og oppmuntring. Og no handlar det om å ta selfies saman.

Mogeleg forvarsel

Skuldingane om uønskt merksemd kan vere eit signal om kva som kan vente Biden om han bestemmer seg for å kaste seg inn i nominasjonskampen om å bli den demokratiske presidentkandidaten i 2020.

Biden har markert seg i kampen mot seksuelle overgrep på universitet. Og som visepresident under Barack Obama, var han med å dra administrasjonen i ei meir liberal retning.

Ingen av dei andre som ønsker å bli demokratanes presidentkandidat har teke Biden i forsvar. Men det er heller ingen av dei som har sagt at han er uskikka til å stille som kandidat.

Dette er dei demokratiske kandidatane for 2020

Demokratiske kandidater 2020

US-ELIZABETH-WARREN-ATTENDS-A-NH-ORGANIZING-EVENT-FOR-HER-PRESID

Her kan du se hvem som har lansert seg som kandidater til å bli Demokratenes kandidat ved presidentvalget i 2020. Nye navn legges til etter hvert som de melder seg.

SISTE NYTT

Siste nytt