Hopp til innhold

Jaktar på donorfaren – kan ha 50 søsken

Nederlandske Lotte (23) og Yonathan (21) Heij, som delvis vaks opp på Feøy i Karmøy kommune, fann mange halvsøsken då dei starta jakta på den biologiske faren sin. No har dei starta ein rettsprosess for å få vite bakgrunnen sin.

Lotte og Yonathan Heij.

Lotte og Yonathan Heij jaktar framleis på den biologiske faren sin. Familien budde på Feøy i Karmøy kommune frå 2008 til 2011.

Foto: Privat

Den nederlandske fysioterapeuten Ester-Louise Heij (60) tok som 35-åring ei avgjerd om å skaffe seg born ved å bruke ein donor. Ho hadde opplevd to dødfødslar og seinare skilde ho og mannen lag. Men lengten etter born vart ikkje borte.

Ho tok kontakt med ein privat klinikk utanfor Rotterdam som tilbaud å hjelpe kvinner å bli gravide med donorsæd. Legen som var direktør der var svært sympatisk og verka skikkeleg profesjonell. Ho sette som vilkår at borna, om dei ville det, seinare skulle kunne spore opp den biologiske faren.

No viser det seg at legen nok ikkje var så profesjonell som han verka. Då Lotte og Yonathan ville spore opp den biologiske faren, så viste det seg at klinikken hadde svært mangelfulle arkiv. Det var rett og slett ikkje mogleg å finne fram til dei som donerte sæd der på 1980-talet.

– Kan vere mange fleire

Lotte og Yonathan Heij.

Lotte og Yonathan Heij då dei budde på Feøy i Karmøy kommune i Rogaland. Dei likte seg godt på øya og har mange gode minne derfrå.

Foto: Privat

– Eg synest dette er ein svært vanskeleg situasjon. Vi veit at vi har 13 halvsøsken, men vi veit også at det kan vere mange fleire. Det kan vere rundt 50, seier Lotte Heij til NRK på klingande Karmøy-dialekt.

Ho og broren har saman med rundt 20 andre donorborn starta ein rettsprosess for å få vite bakgrunnen sin.

Klinikken utanfor Rotterdam har hjelpt 40.000 born til verda.

Det viser seg at den no avdøde direktøren ved klinikken sjølv vart far til mange av borna som vart til der.

– Det viser seg at han er far til 21 born offisielt. Det har kome fram at han også er far til 25 donorborn, men det faktiske talet kan vere så høgt som 200, seier ho.

Lotte fortel at dei no har kontakt med dei 13 dei veit er halvsøskena deira, og at det er både kjekt og vanskeleg på same tid. Dei har møttest for å ete middag saman, og dei har mykje å snakke om.

Gjør barn til ikke–personer

Barna uten rettigheter

Offentleg skandale

Skandalen rundt privatklinikken har lenge vore ei stor sak i nederlandske nyheitsmedium, og nyleg vart saka også omtalt i britiske The Guardian .

– Vi var sjokkerte og reagerte med vantru. Ein lege som brukar sin eigen sæd til å gjere kvinner gravide på klinikken sin er heilt i strid med lova. Dein første tanken var at denne mannen kan vere faren min, seier broren Yonathan Heij.

Politiet sikra DNA-spor heime hos den avdøde legen etter ei rettsavgjerd, og slik det ser ut no er det lite sannsynleg at han er faren til Lotte og Yonathan. Prosessen for å finne den rette faren held fram, men det går sakte.

Frå v. Lotte, Yonathan og Esther-Louise Heij.

Den vesle familien er ved godt mot, sjølv om dei opplever situasjonen som vanskeleg. Frå venstre Lotte, Yonathan og Ester-Louise Heij.

Dei har vore gjennom ein rettsrunde, og snart må søskena og dei andre donorborna møte i retten igjen. Det einaste dei kan 100 prosent sikkert kan slå fast i dag er at faren deira er frå ein stad i Mellom-Europa.

Dei fortel at rettsprosessen har vore slitsame og at det til tider har vore vanskeleg å konsentrere seg om studia. Men det har gått bra. Lotte vart uteksaminert som ferdig farmasøyt tidlegare i sommar, medan Yonathan skal starte på utdanning som flymekanikar til hausten.

Her ligger mulige barn for millioner av kroner

Høie utsetter avgjørelser om bioteknologi

– Har sakna ein far

– Det er viktig for meg å finne faren min. Eg kan få ein telefon i morgon om kven faren min er, eller det kan skje om 20 år, eller aldri, seier Yonathan Heij. Han kjenner seg ikkje like stødig i norsk som systera, så han vekslar litt mellom engelsk og norsk i samtalen.

Han fortel at han byrja å tenkje på at han ville finne faren sin medan familien budde på Feøy. Då han var yngre, og andre born lurte på kvar faren hans var, brukte han å finne på ei historie om at faren hans var sjømann og såleis mykje borte.

– Då eg var i puberteten kjende eg saknet av ein far mykje sterkare, så då bestemte eg meg for å prøve å finne han. Eg har aldri klandra mor mi for å få born på denne måten, men eg har sakna ein farsfigur i oppveksten, avsluttar Yonathan.

Norske kvinner leter etter donor-halvsøsken til egne barn

Feøy i Rogaland

SISTE NYTT

Siste nytt