Hopp til innhold

Israel deltek i Eurovision – fleire krev boikott

Fleire tusen har signert eit opprop der dei krev at Israel blir stengt ute frå den populære songkonkurransen.

Britain Eurovision Song Contest Grand Final

FÅR DELTA: Israel får lov til å delta i Eurovision Song Contest i 2024. Noa Kirel var Israels deltakar i 2023.

Foto: Martin Meissner / AP

Førre veke blei det kjent at Israel får vera med på årets Eurovision Song Contest (ESC) i Malmö saman med 36 andre land.

Grunna Israels krigføring i Gaza, reagerer fleire på at Israel får delta i konkurransen.

Blant anna går det føre seg ein heftig debatt på Island der fleire tusen har skrive under på eit opprop for å hindra Israel i å delta.

Skjermdump deltakarlanda i Eurovision Song Contest

Dette er deltakarlanda i Eurovision Song Contest.

Foto: Skjermbilde tatt 13.12.23

Også her i Noreg reagerer fleire på Israels deltaking i konkurransen.

– Eg meiner at dei som arrangerer Eurovision burde setja ein stoppar for Israel si deltaking, seier samfunnsdebattant, sjukepleiar og musikar Marthe Valle.

– NRK må koma med krav

Ho fortel at ho har jobba for boikott av Israel i Eurovision i mange år. No har ho oppretta ein underskriftskampanje.

Over 6400 personar har signert oppropet. Her krev dei at «Israel blir utestengt frå Eurovision i 2024, og at Noreg og NRK aktivt krev at dette skjer».

«Vi kjem til å setja i verk omfattande boikottkampanjar av Eurovision viss ikkje», skriv dei vidare.

Marhe Valle

Marthe Valle er samfunnsdebattant, sjukepleiar og artist. Ho har sjølv delteke i Melodi Grand Prix.

Foto: Jens Kristian Rimau

– NRK har rettane til å visa Eurovision i Noreg. NRK burde koma med heilt tydelege krav til administrasjonen i Eurovision og visa at ein ikkje kan stilla seg bak Israel si deltaking, seier Valle.

NRKs underhaldningsdirektør Charlo Halvorsen skriv i ein e-post at NRK tar avgjerda til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) om å la Israel delta «til etterretning».

– Vi er i samtalar med andre kringkastarar i Norden, men har ikkje endeleg landa på kva vi gjer.

Meiner Russland og Israel blir behandla ulikt

Avgjerda kring Russland kom raskt. Berre dagar etter den russiske invasjonen av Ukraina blei det kjent at Russland blei utestengt frå konkurransen.

No er Russland utestengt for tredje året på rad.

Dette føyer seg inn i ei lang, lang, lang rekkje døme på korleis og Russland og Israel blir behandla veldig ulikt i Vesten, meiner Valle.

Charlo Halvorsen

Charlo Halvorsen, NRKs underhaldningsredaktør.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Valle reagerer på utspela Halvorsen hadde til VG der han peikte på at det var «ein tydeleg forskjell på situasjonen med Russland og den med Israel».

– Då snakkar ein jo som om denne situasjonen starta 7. oktober. Det gjorde han ikkje, seier ho.

Rundt 1200 israelarar blei drepne då Hamas utførte terroråtaket mot Israel 7. oktober, ifølgje israelske styresmakter.

Sidan då har over 18.600 menneske blitt drepne i israelske angrep mot Gaza, ifølgje Hamas-kontrollerte helsestyresmakter. FN viser regelmessig til tala på dei drepne.

Halvorsen skriv at han reknar med at dei har «ein ganske lik forståing av dei forferdelege forholda for sivilbefolkninga i Gaza no».

– Og veit naturlegvis godt at konflikten i Midtausten har ein svært lang historie, skriv han.

– Alt er politikk

Konkurransen har fleire reglar. Blant dei ein regel om at bidraga ikkje skal vera av ein slik art at dei kan gje EBU og ESC dårleg omdømme.

Ingen tekstar av politisk art er tillate. Det gjorde til dømes at Belarus sitt bidrag blei diska for andre gongen på rad i 2021.

– Men absolutt alt er politikk, også songkonkurransar, seier Valle.

– Ved å legitimera Israel si deltaking i Eurovision, er ein også med på å legitimera måten heile staten Israel fører politikken sin på. Særskilt okkupasjonen av Palestina, meiner ho.

Israel Eurovision 2023

Det var Noa Kirel som representerte Israel i Eurovision Song Contest i Liverpool i 2023.

Foto: Martin Meissner / AP

NRKs underhaldningsdirektør Charlo Halvorsen skriv at «diskusjonen om boikott av eit land på grunn av ein valdeleg og brutal leiing er noko meir komplisert».

– Det er også mogleg å meina at det er fornuftig å oppretthalda til dømes kulturell utveksling. Men som sagt, eg skjønar godt at diskusjonen kjem, skriv han.

– Ikkje-politisk hending

NRK har vore i kontakt med EBU som ikkje ynskjer å svara på konkrete spørsmål knytt til denne saka.

På e-post sende dei ei utsegn om Israels deltaking.

– Dette er ein konkurranse for kringkastarar, ikkje styresmakter. Den israelske kringkastaren har delte i 50 år, skriv dei.

Vidare skriv EBU at dei er blitt einige om «at den israelske kringkastaren oppfyller alle konkurransereglane og kan delta i konkurransen neste år».

– EBU er på linje med andre internasjonale organisasjonar som har opprettheldt si inkluderande haldning overfor israelske deltakarar i store konkurransar på dette tidspunktet.

Russlands bidrag i 2021. Det var sist dei var med i konkurransen.

Russlands bidrag i 2021. Det var sist dei var med i konkurransen.

Foto: PIROSCHKA VAN DE WOUW / Reuters

Dei presiserer at konkurransen er «ei ikkje-politisk hending».

– Samanlikningar mellom krigar og konfliktar er svært komplekse og vanskelege. Som ein ikkje-politisk medieorganisasjon gjer vi ikkje slike samanlikningar, skriv dei.

Samstundes skriv EBU at Russlands utestenging er skulda av «gjentekne brot på medlemsforpliktingar og brot på haldningar til media».

Les også NRK ønsker ikke russisk deltakelse i ESC

Subwoolfer på Instagram

SISTE NYTT

Siste nytt