Hopp til innhold

Kviterussland sitt Eurovision-bidrag er diska – for andre gong

Det første bidraget blei avslått, men EBU gav dei ein ny sjanse. Kviterussland svarte med ein ny song frå dei same artistane. No er dei diska frå konkurransen.

Maxim Ponomarenko i bandet Galasy ZMesta på ein konsert i Minsk i desember 2020.

Maxim Ponomarenko i bandet «Galasy ZMesta» frå ein konsert i Minsk i desember.

Foto: Belta / Reuters / NTB

EBU (Den europeiske kringkastingsunionen) avslo Kviterussland sitt bidrag til Eurovision Song Contest.

Det første bidraget blei for drygt for Eurovision, då songen hadde ein politisk undertone som strir mot reglane.

Den kviterussiske kringkastaren BTRC, som var ansvarleg for Kviterussland sitt bidrag til konkurransen, blei då bedne om å endra på bidraget for å sikra at det var i samsvar med reglane i konkurransen.

Ny song – same gruppe

«Etter dette sende BTRC ein ny song, av dei same artistane, innan ei avtalt tidsramme», skriv EBU.

Dei har granska songen nøye for å vurdera om den kunne vera med i konkurransen.

«Det blei konkludert at den nye innsendinga også var i strid med reglane i konkurransen», skriv EBU vidare før dei kjem med dommen:

«Sidan BTRC ikkje har sendt inn eit kvalifisert bidrag innan fristen, vil diverre ikkje Kviterussland delta i den 65. konkurransen av Eurovision Song Contest i mai».

Hyllar president Lukasjenko

Kviterussland sine to bidrag er frå gruppa «Galasy ZMesta».

Bandet skal ha blitt valt internt av kringkastaren BTRC, og ikkje ved nasjonal stemmegiving.

Bandet er også ei gruppe som hyllar president Aleksandr Lukasjenko.

Hviterusslands bidrag til Eurovision Song Contest 2021.

Kviterussland sitt første bidrag til Eurovision Song Contest.

I Kviterussland har det vore store protestar etter at Aleksandr Lukasjenko i august blei attvald, etter det opposisjonen meiner var omfattande valjuks.

Den første songen, «Ya Nauchu Tebya», blei kritisert for å ha ein tekst med politisk undertone, og skal håna demonstrantane som krev at Lukasjenko går av.

Eurovision har fleire reglar. Blant anna har dei ein regel om at bidraga ikkje skal vera av ein slik art at dei kan gje EBU og ESC dårleg omdømme. Ingen tekstar av politisk art er tillate.

Irina Sorgovitskaia i det kviteruissiske bandet Galasy ZMesta på ein konsert i Minsk i desember 2020.

KJEM IKKJE TIL ROTTERDAM: Irina Sorgovitskaia er ein av songarane i det kviteruissiske bandet «Galasy ZMesta».

Foto: BelTA / Reuters / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt