Hopp til innhold

Australia får internasjonal hjelp mot flammane

Australia har stått i brann sidan oktober, og ber om internasjonal hjelp. Søndag kom fire nordmenn heim etter å ha hjelpt til saman med britar og kanadiarar på nedbrente marker.

Einar Allergodt og Frank Sandbye-Ruud Team Rubicon

RYDDA I ASKEN: Nordmennene har mellom anna hjelpt til med å rydde vegar og saga over tre. Skogbrannane var aldri langt unna. – Vi kunne heile tida kjenne lukta at brannane, seier Frank Sandbye-Ruud.

Foto: Robert White, Team Rubicon / Rob White Photography

Frank Sandbye-Ruud

Frank Sandbye-Ruud hjelpte til å med å fjerne brannruinar, så nye heimar kan setjast opp.

Foto: Robert White, Team Rubicon / Rob White Photography

– Det har vore ganske tøffe opplevingar. Vi har heile tida kjent lukta av brannane. Det er så tørt. Det skal ingen ting til før det blussar opp igjen, fortel Frank Sandbye-Ruud.

Han er ein del av Team Rubicon; ein internasjonal organisasjonen som hjelper til i katastrofar. Dei fleste som reiser ut er veteranar frå militæret, som jobbar gratis og frivillig.

– Vi har saga over tre som ligg over gjerde og vegar. Fjerna nedbrente bygningsrestar slik at husa kan byggast opp igjen, seier Sandbye-Ruud då NRK møtte han og kollegaene på Gardermoen søndag.

Brannvesenet i Australia forsøker å temme en brann

Ein brannkonstabel i hardt ramma New South Wales i Australia prøver å temme skogbrannen som har slukt ein bygning.

Foto: Dan Himbrechts / DAN HIMBRECHTS

Giftig røyk

No herjar over 200 ulike brannar i fire av dei australske delstatane. Vanlegvis startar ikkje skogbrannsesongen før i januar, men i år starta han allereie i oktober.

Mange hundre heimar er øydelagde. Brannane har svidd av minst 30 millionar mål, eit område på storleik med Belgia, og ti personar har mista livet.

Skjermdump frå Landgate, ei teneste frå australske styresmakter.

Kartet viser kvar det har brent dei siste tre døgna. Det er henta frå Landgate, ei teneste frå australske styresmakter.

Foto: Landgate

Helsestyresmaktene har åtvara om fara ved røyken frå dei mange brannane.

Førre veke var luftforureininga i Sydney og New South Wales elleve gongar verre enn det som blir rekna som eit farleg nivå.

I delstaten New South Wales brenn det over 100 ulike stader. Temperaturane har falle noko, etter to dagar denne veka med varmerekordar, men det er lite håp om regn med det første.

Ifølgje australske meteorologar er det ikkje venta nedbør før om fire til seks veker, melder nyheitsbyrået Reuters.

Skogbrann i Australia

Skogbrannane har øydelagt og truar mange heimar. Denne skogbrannen i Bargo, sørvest for Sydney nærma seg busetnaden 21. desember.

Foto: PETER PARKS / AFP

Traumatiserte barn

Bente Skrøppa og Einar Allergodt

Bente Skrøppa Allergodt tok imot mannen Einar Allergodt på flyplassen. Han syntest det sterkaste var å møte traumatiserte barn som stod og gjekk i dei same kleda som då elden slukte alt.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

– Det som gjorde sterkast inntrykk på meg, er dei personlege historiene. Å møte seks-sju år gamle barn som fortel om det dramatiske dei har opplevd, seier Einar Allergodt.

– Dei er traumatiserte. Dei har ikkje fått skifta klede. Det er tøft og rørande å møte dei. Dei har mista alt dei eig og har, utdjupar Allergodt.

Han er ein av dei fire nordmennene som har halde til ti dagar som frivillig i Kemsey i New South Wales.

Dei siste vekene har Australia mellom anna fått hjelp frå Canada, Storbritannia, USA og Noreg.

Veteranane fortel om mykje omsorg i lokalmiljøet i Australia. Barn som gir bort julegåver til andre barn som var ramma av øydeleggingane.

– Ein ser at dei stiller opp for kvarandre og at det trass alt er mykje håp i all elendet, seier Allergodt.

Mann sprayer vann på brennende terreng

Fleire tusen brannmannskap og sivile kjempar mot dei over 200 aktive brannane i fire av delstatane til Australias.

Foto: Australian Broadcasting Corporation / AP

SISTE NYTT

Siste nytt