Hopp til innhold

Julian Assange får anke utleveringa til USA: – Prosessen er straffa

Wikileaks-grunnleggaren har kjempa ein årelang kamp mot å bli utlevert til USA, der han risikerer 175 års fengsel. No lar britisk høgsterett Assange anke utleveringa.

demonstrantar utanfor høgsterett i london

«LET HIM GO, JOE»: Frammøtte støttespelarar og tilhengarar utanfor høgsterett i London måndag ber president Joe Biden stanse utleveringa til USA.

Foto: Hnery Nicholls / AFP

I denne saka kan du lese om:

Måndag samla støttespelarane til Julian Assange seg, atter ein gong, utanfor rettslokalet i London. Denne gongen kunne dei juble. Iallfall litt.

Amerikanske styresmakter har i årevis ønskt Assange utlevert til USA, der han risikerer 175 år i fengsel. Men Assanges advokatar fryktar at ei dødsstraff ventar han og at han heller ikkje får snakke fritt i ei rettssak.

Dette fordi utanlandske statsborgarar ikkje har same rettar i straffesaker.

Britisk høgsterett bad derfor amerikanarane tidlegare i år om å legge fram garantiar på at australske Assange vil vere sikra ei rettferdig rettssak i USA.

USA la fram gode nok argument for at ei dødsstraff ikkje er aktuelt, men klarte ikkje å gi tilstrekkelege lovnader til britisk høgsterett om at ytringsfridomen blir ivaretatt.

Assange fekk med det rett til å anke heile USAs krav om utlevering.

jublende demonstranter

Jubel braut ut då det blei kjent at Julian Assange får anke utleveringa til USA.

Foto: Kin Cheung / AP

– Dette er ei politisk sak

Rune Ottosen, leiar i Norsk PENs Assange-utval, følgde høyringa i London:

– Dette er ein delsiger, for det gir meir tid. Men samtidig er helsetilstanden hans no så dårleg, at no er det prosessen som er straffa.

Assange har vore varetektsfengsla i høgrisikofengselet Belmarsh i London i over fem år. På grunn av hans stadig dårlegare helse møtte han ikkje i retten måndag, heller ikkje under høyringa i februar.

Ottosen meiner at USA ønsker Assange utlevert på grunnlag av å ha «avdekt hemmelegheiter som USA ikkje liker». Også advokatane til Assange argumenterer for at skuldingane mot han utelukkande er politisk motiverte.

assange på ecuadors ambassade

Frå 2012 til 2018 budde Julian Assange på den ecuadorianske ambassaden i London.

Foto: Daniel Leal-Olivas / AFP

Og det same seier Sofie Marhaug, Raudt-politikar og initiativtakar til Støttegruppa for Assange på Stortinget. Ho ser på dagens avgjersle som gode nyheiter, men presiserer at dette ikkje er nokon fullstendig siger.

– Håpet no er at han blir fullstendig frifunnen. Det er gale å fengsle nokon på bakgrunn av at dei har brukt pressefridomen til å avsløre krigsbrotsverk. Også når han blir brukt til å avsløre vestlege brotsverk i krig.

Marhaug ber no regjeringa stå opp for Assange.

– Dette er ei politisk sak. Vi treng at fleire vestlege politikarar står opp for Assange og legg press på den britiske regjeringa i tida framover.

stella assange

Stella Assange, kona til Wikileaks-grunnleggaren, sa i etterkant av høyringa at USA brukt lang tid på å ta «leppestift på grisen», men at dommarane fall på ei riktig avgjersle til slutt.

Foto: Maja Smiejkowska / Reuters

– Kva som helst kan skje

Fleire politikarar i det britiske parlamentet heldt tale utanfor rettslokalet måndag.

– Kva seier det om samfunnet vårt når Julian Assange blir forfølgd for å publisere informasjon om alvorlege menneskerettsbrot, medan dei som er ansvarlege for desse brotsverka går fri, spør Labour-politikar Apsana Begum frå talarstolen.

Det er framleis heilt opent kvar Assange vil ende opp til slutt.

– Eg føler at kva som helst kan skje, at Julian er svært nær å bli lauslaten, eller at han er svært nær å bli sett på eit fly for så å aldri igjen få oppleve fridom, sa kona Stella Assange til Reuters i forkant av høyringa.

Dersom britisk høgsterett til sist annonserer at dei vil sende Assange til USA, finst det ein siste instans som Assange kan anke til, nemleg Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Ein slik prosess kan i verste fall ta fleire år.

Men først skal altså ankesaka behandlast i Storbritannia.

Stella Assange og fleire går på eit fortau med skiltet "Free Julian Assange".

Stella Assange og støttespelarar på veg mot rettslokalet til Høgsterett i London måndag morgon.

Foto: Benjamin Cremel / AFP

Fengsel eller fridom

Assanges støttespelarar har ikkje gitt heilt opp, for det er ikkje berre USA som ønsker den australske statsborgaren utlevert. Det same gjer Australia, og der kan fridom vente.

Australias statsminister Anthony Albanese har gjentatte gonger sagt at «nok får vere nok» og at Assange allereie har betalt ein høg pris etter årevis i fengsel og med stadig dårlegare helse.

Albanese har vore open om at han arbeider i kulissene med å få Assange, som er australsk statsborgar, heim att. Og i april sa USAs president Joe Biden at han vurderer Australias tilbod, noko som gav eit snev av håp for Assange.

jullian assange i ein stol med beina på bordet og fotlenke på

Julian Assange med fotlenke i 2011. Det finst få nye bilete av Assange, som har sete i fengsel dei siste fem åra.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

Elska og forhatt

Den tidlegare journalisten og publisisten grunnla varslar­ nettstaden Wikileaks, der Assange og tidlegare etterretnings­ analytikar Chelsea Manning publiserte ein halv million graderte dokument om USAs krigføring i Afghanistan og Irak.

Dei hemmelegstempla dokumenta avslørte krigsbrotsverk i Afghanistan og drap på over 66.000 sivile i Irak. Ein video som skapte særleg stor debatt, viser drapet på eit dusin sivile i Irak i 2007, inkludert to Reuters-journalistar.

Les også Tidligere The Guardian-redaktør reagerer på spionasje-anklage

Manning, som arbeidde som etterretnings­ analytikar i Irak, blei arrestert i 2010 og dømd til 35 års fengsel i 2013. Ho blei derimot lauslaten i 2017 etter å ha fått redusert straffa si av tidlegare president i USA Barack Obama.

I eit intervju fortel Manning at ho lekte dokumenta for å «skape ein offentleg debatt om krigen». Assange seier at formålet med avsløringane var å vise «krigens sanne ansikt».

Men amerikanske styresmakter, som skuldar Assange for spionasje, ser ikkje på han som nokon helt. Dei meiner at lekkasjen set amerikanske soldatars liv i fare, at det gir «fienden viktig informasjon» og at det har ført til stor skade for USAs samarbeid med andre land.

SISTE NYTT

Siste nytt