Hopp til innhold

Skogbrannane herjar i Australia – norske veteranar hjelper til

Skogbrannane herjar for fullt i store delar av det sørlege Australia, og det er inga betring i vente. Samstundes deltek norske frivillige i oppryddingsarbeidet rundt småbyen Kempsey.

A fire blazes across bush as seen from Mount Tomah in New South Wales

Det er enorme skogbrannar i delstaten New South Wales, og vêrmeldingane gir ikkje håp om at det skal ta slutt med det første.

Foto: Nsw Rfs – Terry Hills Brigade / Reuters

Det blir meldt om skogbrannar i store delar av Australia, sjølv om den søraustlege delen av landet er hardast ramma. Søndag vart det meldt om store brannar også i nærleiken av storbyen Perth på vestkysten.

Norske veteraner rydder opp etter australske skogbranner

Frank Sandbye-Ruud frå Risør er ein av nordmennene som deltek i oppryddingsarbeidet etter brannane i småbyen Kempsey.

Foto: Robert White / NTB scanpix

Det er NTB som har møtt dei norske frivillige i Kempsey. Dei er veteranar frå forsvaret sine utanlandsoperasjonar og med i eit internasjonalt nettverk av veteranar kalla Team Rubicon. Dei har delteke i oppryddinga etter fleire naturkatastrofar dei siste åra, og fleire av dei norske medlemene har delteke i fleire aksjonar.

Deltok på Bahamas

Siste var på Bahamas etter herjingane til orkanen «Doria» i september i år. Team Rubicon samlar nordmenn som har delteke i utanlandsoperasjonane til Forsvaret, eller andre som har spesiell kunnskap knytt til akuttinnsats.

Det er fire nordmenn som no er på plass i Kempsey, som vart hardt ramma av brannane i november. Dei er med i eit lag av 22 personar som skal hjelpe menneske som er ramma av elden sine herjingar.

– Vi fekk ein førespurnad om å hjelpe til, og derfor har vi reist nedover, seier Frank Sandbye-Ruud frå Risør i Aust-Agder til NTB. Saman med Einar Allergodt frå Skodje i Møre og Romsdal utgjer han halvparten av nordmennene i gruppa.

Norske veteraner rydder opp etter australske skogbranner

Einar Allergodt i arbeid med motorsaga i Kempsey.

Foto: Robert White / NTB scanpix

Dei fortel at dei har vorte godt mottekne i lokalmiljøet. Det ulmar framleis her og der i terrenget, men no er det først og fremst behov for folk som kan handtere ei motorsag.

– Vi skal rydde tre og hjelpe folk i gang med å starte på nytt, seier Sandbye-Ruud.

Ille utanfor Sydney

Norske veteraner rydder opp etter australske skogbranner

Einar Allergodt frå Skodje er ein av fire nordmenn som deltek i oppryddingsarbeidet i småbyen Kempsey.

Foto: Robert White / NTB scanpix

Småbyen Kempsey, der nordmennene no deltek i oppryddingsarbeidet, ligg i New South Wales 400 kilometer nord for delstatshovudstaden Sydney om lag halvvegs til Brisbane.

Brannane held fram for fullt i skog- og fjellområdet nordvest for Sydney. Røyken frå dei enorme brannane har gjort lufta i store område farleg, og delar av millionbyen Sydney er hylla inn i røyk. Situasjonen har vore den same i fleire veker, og det er inga utsikt til at det skal bli betre.

Vêrmeldingane fortel at det ekstremt varme vêret skal halde fram også i veka som kjem, og innbyggjarane i Sydney må framleis rekne med at delar av byen blir røyklagt. Det er venta temperaturar opp mot 45 grader i storbyen den komande veka, og i innlandet kan temperaturane kome opp i 50 grader.

Fleire stader i landet er temperaturen 10 grader varmare enn normalt for årstida

Over 2000 brannfolk var med på sløkkingsarbeidet rundt Sydney søndag, og det var registrert 108 brannar i delstaten New South Wales, melder Sydney Morning Herald .

11 gonger verre enn farleg

Luftforureininga i Sydney var sist veke på eit nivå som er 11 gonger verre enn det ein til vanleg reknar som farleg, opplyser helsestyresmaktene. Talet på astmapasientar som må ha hjelp på sjukehus er dobla i forhold til det normale for årstida, blir det opplyst.

Heller ikkje sjukehusa slepp unna røyken. Sydney Morning Herald fortel om sjukehuskorridorar fylde med røyk frå dei mange skogbrannane. Vindretninga avgjer kva bydelar som får røyken innover seg.

For nokre dagar sidan låg heile hamneområdet med det vidkjende operahuset hylla inn i røyk, men søndag hadde røyken trekt seg bort herfrå.

– Bli inne i husa – det er for seint å evakuere

Demonstrasjon i Sydney.

Sist onsdag deltok 50.000 menneske i ein demonstrasjon mot statsminister Scott Robinson i Sydney. Demonstrantane skuldar han for ikkje å ta klimaendringane på alvor.

Foto: Saeed Khan / AFP

Protestar mot statsministeren

Australias statsminister Scott Morrison.

Australias statsminister Scott Morrison får kritikk for ikkje å sjå samanhengen mellom dei mange skogbrannane og menneskeskapte klimaendringar.

Foto: Saeed Khan / AFP

Miljøverngrupper har halde store protestar i Sydney den siste veka i protest mot det dei meiner er statsminister Scott Morrison si manglande evne til å setje dei mange skogbrannane i samband med den globale oppvarminga og klimakrisa.

Sist torsdag kommenterte han protestane på denne måten:

– Eg har budd stort sett heile livet mitt i Sydney. Eg veit at røyken frå dei mange brannane har gjort mange i byen redde. Eg veit kor uvanleg det er å sjå røyken inne i byen min, og eg veit det er vanskeleg for mange, spesielt dei unge, som ikkje har opplevd det tidlegare, sa han blant anna.

Onsdag deltok 50.000 menneske i protestane i Sydney, og mange av dei hadde masker på seg, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Også i dag var det demonstrasjonar framfor operahuset.

Året som får klimaforskerne til å hviske i gangene

Australske byer risikerer å gå tomme for vann

AKTUELT NÅ