Hopp til innhold

– Bli inne i husa – det er for seint å evakuere

Dette var den dramatiske meldinga til innbyggjarane nord for byen Ballarat i den australske delstaten Victoria i dag. Brannane i landet herjar med uforminska styrke.

Brann i Wheelbarrow Ridge Road i Colo Heights, nordvest for Sydney.

Eit bustadhus har gått opp i flammar i Colo Heights nordvest for Sydney.

Foto: Stringer / Reuters

Fleire hundre brannar herjar over heile austkysten av det enorme kontinentet. Dei ferskaste brannane er i delstaten Victoria. Storbyen Sydney i delstaten New South Wales er røyklagt, og foreldre blir oppmoda om å halde borna sine innandørs. Dei som må opphalde seg utandørs blir oppmoda om å bruke maske, melder avisa Sydney Morning Herald.

I ettermiddag lokal tid viste temperaturen 40,9 grader i delstatshovudstaden Melbourne i Victoria, det varmaste som er målt på denne tida av året sidan 1894, melder nyheitsbyrået Reuters.

– For seint å evakuere

Sandstorm og røyk frå brannar i Mildura i delstaten Victoria.

Kombinasjonen sandstorm og røyk frå brannar i området pregar byen Mildura i delstaten Victoria.

Foto: Professionals Real Estate Mildur / Reuters

Innbyggjarane i fleire område nord for den tredje største byen i Victoria, Ballarat, er omringa av brannar, og det er for seint å evakuere.

«De er i fare, gjer det de kan for å beskytte dykk. Det er for seint å evakuere. Det tryggaste er straks å søkje tilflukt innandørs», heiter det i ei melding til innbyggjarane frå brannvesenet.

Det er uklart kor mange menneske dette gjeld.

Denne delen av Australia ligg ti timar før oss, slik at det er natt der no. Det har ikkje kome meldingar i løpet av natta der om at menneskeliv har gått tapt. Minst fire menneske har mist livet i brannar i løpet av denne månaden.

Bilete av resultatet av brannar i Australia.

VIDEO: Brannane i Australia gjer stor skade.

Enno ikkje sommar

Brannane i Australia kjem både tidlegare enn normalt og er langt kraftigare enn det som er vanleg. Det er enno ti dagar til landet går offisielt over frå vår til sommar. Det er ekstremt varmt over det meste av Australia, og kombinert med kraftig vind gjer det at brannane spreier seg svært fort.

Og normalt blir det endå varmare i tida framover mot jul .

Styresmaktene i Victoria har for første gong på ti år innført «raud alarm», som betyr maksimal fare for skogbrannar. Det er så tørt i terrenget og så mykje vind at ein brann heilt sikker vil spreie seg raskt, og at brannen mest sannsynleg vil vere umogleg å kontrollere.

Operahuset i Sydney i røyken.

Ein tjukk røyk ligg over storbyen Sydney, også det vidkjende operahuset i sjøkanten.

Foto: Rick Rycroft / AP

Røykfullt i Sydney

I delstaten New South Wales var det torsdag registrert 60 brannar i nærleiken av Sydney, som er den største byen i Australia. Tjukk røyk ligg over byen, og bilete viser at det vidgjetne operahuset i sjøkanten er omgitt av tjukk røyk. Til liks med store delar av byen.

Australias statsminister Scott Morrison.

Statsminister Scott Morrison avviser at det er ein samanheng mellom brannane og regjeringa sin klimapolitikk.

Foto: Carlo Allegri / Reuters

Hittil har over 1 million hektar jordbruksland og skog brent ned i Australia i løpet av november. Over 400 bustadhus har gått tapt.

Og det er ikkje håp om kaldare ver i dagane framover. Meteorologane melder framleis om rekordvarme og kraftig vind.

– Ingen samanheng med klimapolitikken

Brannkatastrofen i Australia har fått mange til å kritisere statsminister Scott Morrison for ikkje å gjere nok i klimapolitikken, og at det uvanleg varme vêret og dei kraftige vindane er eit resultat av dette.

Morrison avviser samanhengen mellom regjeringa sin klimapolitikk og dei mange brannane.

SISTE NYTT

Siste nytt