Hopp til innhold

Hus laga med 3D-printar kan vere med å løyse bustadkrisa i Nederland

Eit nederlandsk par blir dei første i Europa som flyttar inn i eit 3D-printa hus. No kan denne måten å bygge på løyse bustadmangelen i Nederland.

Harrie Dekkers og Elize Lutz foran huset

FLYTTER INN: Harrie Dekkers (t.v.) og Elize Lutz flytta denne veka inn i nytt hus. Huset er bygd av modular som er printa ut på ein fabrikk i Eindhoven.

Foto: Peter Dejong / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Eindhoven i Nederland ligg det som kan sjå ut som ei stor steinblokk med vindauge og dører. Dette er Elize Lutz og Harrie Dekkers nye heim.

Huset er 94 kvadrat med to soverom. Det kan sjå ut som eit naturleg betonghus, men dette huset er laga med ein 3D-printar i ein fabrikk like ved. Enkelte stader har prentefeil laga særeigne detaljar.

Paret skal leige bustaden i eit halvt år.

– Det er spesielt. Forma er spesielt uvanleg, og då eg såg det for første gong minte det meg om noko eg drøymde om då eg var liten, seier Lutz til nyheitsbyrået AP.

Miljøvennleg byggemåte

Men sjølv om dette huset er spesielt og uvanleg i dag, kan dette bli ein byggeteknologi for framtida i Nederland. Dei må bygge hundretusenvis av nye bustader det neste tiåret for å busette ei veksande befolkning.

Professor Theo Salet ved Eindhoven tekniske universitet jobbar med 3D-printing. Han meiner dette er ein meir miljøvennleg måte å bygge hus på fordi ein treng mindre byggemateriale for å bygge, og det blir mindre svinn.

– Det handlar om berekraft fordi vi kuttar ned på mengda betong vi brukar. Her lagar vi berre det vi treng, seier han.

Hus i Nederland som er satt sammen av elementer laget på en 3D-printer

Det tok 120 timar å printe ut dei 24 delane som blei brukt for å bygge huset. Kommunen, det tekniske universitetet i Eindhoven og lokale bedrifter samarbeider om prosjektet som skal resultere i fleire hus. Håpet er at det skal kunne løyse ein del av bustadkrisa i Nederland.

Foto: ROB ENGELAAR / AFP

Dette er langt frå det første huset som er laga på denne måten. I 2014 bygde eit kinesisk selskap ti hus på 24 timar ved hjelp av teknologien. Også India har fått sitt første 3D-printa hus denne veka. Også der ser dei på slike hus som ei løysing for å gi fleire tak over hovudet, melder Reuters.

I USA er det fleire oppstartsbedrifter som jobbar med å lage 3D-hus for massemarknaden.

Fleire bedrifter i USA satsar også på 3D-printing i byggeprosessen.

Ein teknikk for framtida

Huset i Eindhoven er bygd av 24 element som blei printa på fabrikken. Så blei delane frakta til staden der huset står, og sett saman der. Huset skal vere det første av sitt slag i Europa som er godkjent for bustadformål.

Byggeprosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, universitetet og lokale bedrifter i byggebransjen.

Planen er at dei i første omgang skal bygge fem hus, der dei finpussar på teknikken for kvart hus. I framtida skal husa også kunne ha fleire etasjar.

Interiør i 3D-printet hus

Det 94 kvadratmeter store huset oppfyller nederlandske byggekrav og har stove, kjøkken og to soverom.

Foto: Peter Dejong / AP

Salet meiner dette kan endre måten hus blir designa og produsert på.

– Dersom du spør meg om vi kan lage ein million slike hus, så er svaret nei. Men vi kan bruke teknologien som ein del av eit hus, saman med andre materiale, som for eksempel trevirke, seier han til AP.

Dekkers har lagt merke til at huset er godt isolert. Og det er bra, både når han skal høyre på musikk, eller når han berre vil nyte stilla heime.

– Det gir ei veldig god kjensle. Når du er inne, høyrer du ikkje noko frå utsida, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt