Hopp til innhold

Har gjenskapt grottegangen der gutane blei fanga

BANGKOK (NRK): Grottedramaet i Thailand har blitt utstilling. Dei besøkjande får tildelt lommelykt og kan krype gjennom ein kopi av Tham Luang-hola.

Utstilling av grottedramaet
Foto: Simon Solheim / NRK

Tolv gutar og fotballtrenaren deira var fanga inne i grotta i heile 19 dagar. Heile verda hadde auga retta mot redningsaksjonen og følgde utviklinga time for time.

Får møte representantar frå spesialstyrken

I den thailandske hovudstaden Bangkok kan besøkjande no mellom anna sjå utstyret som vart brukt i redningsarbeidet og lappane som vart skrive av gutane som helsing til familiane deira.

Oksygentankar

Disse oksygentankane vart brukt i redningsaksjonen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Det er også utstilt notat som redningsmannskapet skreiv under førebuingane.

Utstillinga vart opna 22. august i Siam i Bangkok, og er i regi av det thailandske kulturdepartementet. Det var visestatsminister Wissanu Krea-ngam som opna utstillinga, som er open til 9. september.

På utstillinga kan ein møte og snakke med representantar frå den thailandske spesialstyrken Thai Navy Seals, som deltok i det svært kompliserte redningsarbeidet.

VIDEO: Bli med inn i den gjenskapte grottegangen på utstillinga i Siam i Bangkok.

Utstillinga skal flyttast rundt

Fotballaget og trenaren var på utflukt i Tham Luang-grotta då dei vart fanga inne i grottegangen grunna kraftig monsunregn som plutseleg strøymde inn. Dei vart funne fire kilometer inne i grottesystemet etter ein storstilt leiteaksjon.

10. juli i år kom meldinga om at alle var berga ut i live. I utstillinga kan ein mellom anna sjå dykkarmaskene som vart brukt, dykkardraktene, sambandsutstyret, lyktene og oksygentankane.

Utstillinga, som er delt inn i totalt sju soner, skal visast fram i alle dei fire regionane i Thailand.

«Redningsaksjonen verden aldri glemmer» skriver Thai Navy Seals på Facebook.

VIDEO: Her er den thailandske marinens eigne bilete av redningsaksjonen.

Guttene som var fanget i grotten i Thailand takker redningsmennene fra sykehuset.

VIDEO: Grotte-guttene takker redningsmennene fra sykesengen.