Hopp til innhold

Han var førstemann i huset til Skripal – mista alt etter å ha blitt forgifta

Politimannen Nick Bailey var den første som gjekk inn i huset etter giftangrepet mot eks-spionen Sergej Skripal. No fortel han korleis familien mista huset og alt dei eigde då han vart forgifta.

Nick Bailey

Nick Bailey var den første som gjekk inn i huset til den tidlegare russiske spionen Sergej Skripal, etter at han og dottera vart forgifta med Novitsjok.

Foto: BBC Panorama / Reuters

– Det var forferdeleg, eg var forvirra, eg visste ikkje kva som gjekk føre seg, og det var verkeleg skremmande, seier politimannen Nick Bailey til BBC.

Det er første gong politimannen snakkar om det som skjedde, då han vart utsett for den farlege nervegifta Novitsjok.

4. mars vart Sergej Skripal og dottera Yulia funne medvitslause på ein benk i Salisbury i Storbritannia. Politiet fekk raskt mistanke om at dei to var blitt utsette for eit giftig stoff.

Utsett for gift

Same kvelden vart politimannen Nick Bailey og ein kollega sende til huset til Skripal for å sikre bevis, og for å sjå om fleire var blitt forgifta. Få timar seinare begynte han å kjenne seg uvel.

– Eg hadde pupillar som nålestikk, og eg sveitta. Eg trudde eg berre var sliten og stressa, seier Bailey.

Det skulle vise seg at Bailey, trass både vernedrakt og vernehanskar, var blitt utsett for nervegifta, som vart blitt spraya på dørhandtaket heime hos Skripal.

I all hast vart Bailey sendt til sjukehus. Der måtte legane behandle tre personar for noko dei aldri før hadde sett.

Salisbury

Politiet fekk raskt mistanke om at Sergej Skripal og dottera kunne ha blitt utsette for eit giftig stoff, og sperra av både området der dei vart funne og huset dei budde i.

Foto: Peter Nicholls / Reuters

Mista alt dei hadde

Etter to veker kunne politiet slå fast at Sergei og Julia Skripal var blitt utsette for nervegifta Novitsjok. Då Bailey fekk høyre dette vart han livredd.

– Frykta for det ukjende gjorde meg redd. Dette er svært farleg å ha i kroppen, og eg visste kor dårlege dei to andre var blitt, seier Bailey.

Derfor var det ei utruleg god kjensle då han kort tid seinare vart skriven ut av sjukehuset.

Sidan Bailey hadde vore heime hos familien sin etter å ha blitt utsett for nervegifta, kunne ikkje familien flytte tilbake til huset. Bailey fortel at dette har vore ei stor påkjenning mentalt.

– Eg vil skildre det som emosjonell juling, og det har tatt endå lenger tid å takle på grunn av det som skjedde med oss. Vi mista huset, bilen, alle eigedelane våre. Vi mista alt, seier Bailey.

Nektar for innblanding

Yulia Skripal

Yulia Skripal låg i koma i 20 dagar etter at ho vart utsett for nervegifta.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Både Sergei og Yulia Skipal overlevde giftangrepet, og vart etter nokre månader skrivne ut av sjukehuset.

I juli gjekk derimot alarmen på nytt i Storbritannia, då eit par vart funne medvitslause i heimen sin i Amesbury, nær Salisbury. Kvinna skal ha funne ei flaske med Novitsjok i ei søppelkasse i parken, og døde få dagar seinare.

​Ifølgje etterforskarar inneheldt flaska nok nervegift til å drepe fleire tusen menneske.

Både den britiske regjeringa og britisk etterretningstenesta meiner at det er Russland som står bak angrepet, noko Russland heile tida har avvist.

To russarar er sikta for drapsforsøk. I september snakka dei med russisk TV, og hevda at dei var på ferie i Salisbury då forgiftingane skjedde.

Alexander Petrov og Ruslan Boshirov

Storbritannia meiner at det er desse mennene, Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov, som står bak angrepet mot den tidlegare russiske spionen Sergej Skripal og dottera hans Julia.

Foto: Handout / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt