Fryktar ekstremistar i støttedemonstrasjonar for Trump

Ekspertar fryktar at ekstremistar vil markere seg under demonstrasjonane som er planlagde til støtte for Donald Trump i Washington, D.C.

Demonstrerer til støtte for Donald Trump laurdag (vi sender utan lyd).

Etter at Joe Biden blei proklamert som vinnar av presidentvalet for ei veke sidan, har det vore fleire mindre demonstrasjonar rundt om i landet. Dei har stort sett gått fredeleg for seg.

Denne helga blir markeringane truleg større. Fleire titals demonstrasjonar er planlagde over heile USA. Dei fleste er organiserte av «Stop the Steal»-rørsla («Stopp tjuveriet»). Men også andre grupperingar har dukka, som «The Million MAGA March» og «March for Trump».

Laster Twitter-innhold

Gruppene meiner presidentvalet er manipulert for at Donald Trump skal tape, og støttar Trump sine mange skuldingar om omfattande valfusk.

s0Y-ivcqULM

Ein av Donald Trump sine støttespelarar er klar til å delta i «Stop the Steal»-demonstrasjon i Phoenix, Arizona.

Foto: JIM URQUHART / Reuters

«Stop the Steal»-aktivistar i gatene

Laurdag er det planlagt to store støttedemonstrasjonar i Washington, D.C.

Allereie torsdag kunne ein sjå kortesjar med «Stop the Steal»-aktivistar i sakte fart gjennom gatene i hovudstaden. Fleire er på veg.

– Det varmar hjartet å sjå den enorme støtta der ute, særleg dei spontane demonstrasjonane som dukkar opp i heile landet, mellom anna ein stor ein i D.C. laurdag. Eg kjem kanskje innom og seier hei, skriv Trump på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Og laurdag formiddag, lokal tid, vinka Trump til demonstrantane då han køyrde forbi.

Nokre venstreorienterte grupper planlegg motdemonstrasjonar både i Washington, D.C. og andre byar.

Følgjer med på ekstremistgrupper

Oren Segal er visepresident i ADL's Center on Extremism. Han seier til USA Today at han ikkje trur arrangementa nødvendigvis vil vere ein tryggingsrisiko.

– Men faren er at du har ekstremistar der med dei same ideane, som deler den same ideologien som dei som ikkje er ekstremistar, seier han.

Også Center on Extremism følgjer nøye med på fleire ekstremistgrupper og enkeltpersonar som har sagt at dei planlegg å delta under demonstrasjonane i helga. Blant dei er høgreradikale militsar som Proud Boys.

Ulike Facebook-grupper og Twitter-kontoar som er oppretta i samband med demonstrasjonane, har fleire tusen følgjarar.

nJ8j3KzXE-g

«Stop the Steal»demonstrasjon ved eit vallokale i Phoenix, Arizona 7. november.

Foto: MARIO TAMA / AFP

«Stop the Steal» tok av på nettet

«Stop the Steal» si Facebook-gruppe blei oppretta onsdag i førre veke. Dagen etter, 5. november, hadde gruppa fått over 300.000 medlemmer. Det kom 1000 nye medlemmer kvart tiande sekund, ifølgje The Sydney Morning Herald.

Men då bestemte Facebook seg for å stengje gruppa. Facebook meinte at ho blei brukt til å oppfordre til valdsbruk, og at ho var med på å undergrave valprosessen.

På Twitter har #StopTheSteal blitt ein uhyre populær emneknagg. Det tok av på valdagen 3. november, med ein video som viste ein valobservatør i Philadelphia som diskuterte med ein medarbeidar som ikkje ville sleppe han inn i vallokalet. Lokale styresmakter sa det heile var ei mistyding, og at valobservatøren gjekk til eit anna lokale.

For mange er «Stop the Steal» eit nytt fenomen, ei rørsle som den siste tida har markert seg sterkt både på nettet og i gatene.

Men «Stop the Steal» har ei fleire år lang historie.

unasbBEHCBk

Roger Stone på veg inn i rettssalen i Washington 20. februar.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Dukka opp i 2016

Starten kan førast tilbake til den tidlegare Trump-rådgjevaren Roger Stone, skriv CNN. Stone er dømd til 40 månader i fengsel for å lyge for Kongressen, ha påverka vitne og hindra Kongressen si gransking av om Trump-kampanjen samarbeidde med russarane før valet i 2016. Trump omgjorde dommen før soninga skulle starte.

I 2016 lanserte Stone ei nettside med namnet «Stop the Steal» for å samle inn pengar til Trump sin valkamp.

Han bad om donasjonar på 10.000 dollar, og skreiv: «Dersom valresultatet er jamt, vil dei stele det».

«Stop the Steal» dukka opp igjen under mellomvalet i 2018, då republikanarane bruke emneknaggen #StopTheSteal under omteljinga i Florida, der resultatet under valet til Senatet var svært jamt.

Trump Adviser Arrest

Donald Trump sin tidlegare rådgjevar, Steve Bannon.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Steve Bannon med ei eiga gruppe

Men det er først i år, i samband med oppteljinga etter valet, det har tatt av.

Same dag som «Stop the Steal» si Facebook-gruppe blei stengd, starta Steve Bannon ei eiga gruppe med same namn. Bannon var tidlegare rådgjevar for Trump.

Dagen etter, endra Bannon namnet til «Own Your Vote». Denne gruppa blei ikkje fjerna av Facebook.

Kort tid etter, blei ei lang rekkje andre liknande sider starta. Og snart dukka det opp invitasjonar til demonstrasjonane denne helga.

Eric Trump, kona og Trump-kampanjens advokat Rudy Giuliani møtte i kveld pressen i Pennsylvania. De mener demokratene jukser og kommer til å saksøke for ikke å få se poststemmene.

Trump sine advokatar har gått til søksmål i fleire statar for å stoppe statane frå å godkjenne valresultata. Dagen etter valet møtte Rudy Giuliani og Eric Trump pressa i Pennsylvania.

Foto: Matt Slocum / AP

306 valmenn til Biden

Samtidig som Trump og støttespelarane hans står fast på at Trump har vunne valet, kom det fredag nye tal frå Edison Research. Dei viste at Biden vann i Georgia og Trump i Nord-Carolina. Det var dei to siste statane som det mangla endelege tal for.

Det gir eit endeleg resultat på 306 valgmenn for Joe Biden, mens Trump har 232. Det krevst 270 valmenn for å vinne.

Men i Det kvite hus førebur dei seg på at Trump skal halde fram som president. Det stadfesta Trump sin handelsrådgjevar Peter Navarro fredag.

Trump kommenterte ikkje valresultatet då han hadde pressekonferanse seinare same dag. Men han uttalte seg slik at det blei oppfatta som eit signal om at han ikkje utelukka ein annan president etter 20. januar: «...vi får sjå kva som skjer i framtida. Tida vil vise kva administrasjon det blir».

Alt om presidentvalget i USA

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt