Hopp til innhold

Biden-siger i Michigan, Arizona og Georgia

Joe Biden vinn truleg i Michigan, Arizona og Georgia. Det ser ikkje ut til at Trump og laget hans vinn fram med søksmåla sine.

Eric Trump, kona og Trump-kampanjens advokat Rudy Giuliani møtte i kveld pressen i Pennsylvania. De mener demokratene jukser og kommer til å saksøke for ikke å få se poststemmene.

Trump-valkampen har gått til søksmål i fleire statar der Joe Biden leiar eller har vunne for å stoppe statane frå å godkjenne valresultata. Dagen etter valet i førre veke møtte Rudy Giuliani og Eric Trump pressa i Pennsylvania.

Foto: Matt Slocum / AP

Fredag kveld avslo ein dommar i Michigan søksmålet frå Trump-kampanjen. Dommaren fann ingen bevis for valfusk. Dermed leiar Joe Biden med 148.000 stemmer, og har vunne valet i Michigan.

Biden har også vunne delstaten Arizona. Trump og teamet hans har innsett at ein rettssak ikkje vil gjere noko forskjell for valresultatet. Biden leiar med 11.000 stemmer i delstaten.

Ifølgje amerikanske medium har Biden også vunne Georgia, og har no 306 valmenn totalt.

Delstaten hadde ein så knapp margin i presidentvalet, Joe Biden er 14.163 stemmer føre Donald Trump, at ei omteljing vart beordra av delstatsstyresmaktene.

Viseadministrasjonssjef Jordan Fuchs i Georgia seier at omteljinga for hand, ganske sikkert vil vise eit anna resultat enn det frå maskinteljinga. Men ikkje så annleis at det endrar utfallet av valet. Til det skil det for mange stemmer mellom kandidatane.

Advokatfirma trekk seg

President Donald Trump og teamet hans har sett i gang søksmål i fleire delstatar der Joe Biden vann for å hindre at valresultat blir godkjent.

No har advokatfirmaet Porter Wright Morris & Arthur trekt seg frå søksmålet som etter planen skal behandlast i retten i Pennsylvania neste veke, og har bede Trump-valkampen finne seg nye advokatar, melder CNN.

Bakgrunnen for søksmålet er påstandar om valfusk i staten, utan at det så langt har blitt lagt fram konkrete bevis for at det har skjedd.

Biden leiar ifølge CNN med nesten 60.000 stemmer i Pennsylvania, og er utropt til vinnar av dei 20 valmennene i staten.

Misnøye blant advokatane

Advokatfirmaet seier at dei har blitt einige med Trump-valkampen at det er best å skilje vegar, skriv The New York Times.

Det skal ha vore aukande misnøye i advokatfirmaet etter at dei tok på seg oppdraget å representere Trump i Pennsylvania. Fleire tilsette frykta dei var med på å undergrave det demokratiet i USA, og skal ha vore uroa for omdømmet til firmaet.

Ein advokat skal også ha slutta i protest, skreiv The New York Times tidlegare denne veka.

Også advokatfirmaet Jones Day, som har representert Trump tidlegare, har sagt at dei ikkje er interesserte i å bidra i søksmåla presidenten har varsla i fleire statar, melder CNN.

Demonstranter utenfor Jones Day-kontoret

Demonstrantar har samla seg utanfor inngangen til advokatkontoret Jones Day, som har representert Donald Trump i fleire saker. Dei har ifølge CNN sagt at dei ikkje ønsker å bidra i rettssakene der det kjem påstandar om valfusk.

Foto: Michael M. Santiago / AFP

Trump vil fortsette

Exiten til advokatfirmaet som no har trekt seg, kjem på eit vanskeleg tidspunkt for presidenten. Og det fell ikkje i god jord i Trump-leiren.

– Avlysingskulturen har endeleg nådd rettssalen, seier kommunikasjonsdirektør for Trump-valkampen, Tim Murtaugh til The New York Times.

– Pøblar på venstresida prøvde å påverke nokre av advokatane som representerte presidentens valkamp, og dei gav etter.

Murtaugh sa at Trump ikkje let seg stoppe av dette og vil halde fram med søksmåla.

SISTE NYTT

Siste nytt