NRK Meny
Normal

Fru Mugabe i sentrum av Zimbabwes harde maktkamp

Zimbabwes 90 år gamle president, Robert Mugabe, byrjar å innsjå at han ikkje kan regjere til evig tid. No har kappløpet om å bli hans etterfølger starta for fullt. Først i løypa ligg Mugabes 49 år gamle kone, eller «Gucci Grace», som ho vert kalla.

ZIMBABWE-POLITICS Zimbabwe President Robert Mugabe and his wife Grace arrive to close the ruling party ZANU PF's elective congress in Harare

49 år gamle Grace Mugabe beveger seg stadig nærare presidentjobben i Zimbabwe. I dag er det hennar 90 år gamle mann, Robert Mugabe som har den jobben.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / Reuters

Joice Mujuru

Inntil nyleg har Joice Mujuru vore favoritt til å bli Zimbabwe sin neste president, men i dag fekk ho sparken som landets visepresident.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap
Zimbabwe Zanu Pf Congress

Robert Mugabe sa under regjeringspartiets konferanse i helga at han vil leie landet så lenge helsa held. Videoane frå talen hans viser at det byrjar å skrante for 90-åringen, som likevel held fram som president i Zimbabwe.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap

I dag måtte åtte ministrar i Zimbabwe pakke tinga sine og forlate kontora, etter at president Mugabe skulda dei for å ha planlagt å bli kvitt han som president.

Ein av dei åtte som vart sparka er landets visepresident, Joice Mujuru, som inntil nyleg har vore ein av Mugabe sine næraste allierte. Mujuru har også vore storfavoritt til å ta over makta i landet etter Robert Mugabe, som byrjar å dra på åra.

Mugabe-styre sidan 1980

Men dei siste vekene er det ei anna kvinne som litt etter litt har overtatt favorittstempelet, nemleg Robert Mugabe si kone, Grace.

I helga vart Grace Mugabe velt til leiar for regjeringspartiet Zanu PF sin kvinnefløy, og tidlegare i år styrka ho sin intellektuelle posisjon då ho fekk tildelt doktorgrad frå Universitetet i Zimbabwe etter berre to veker med studiar.

Det er etter kvart få igjen i Zimbabwe som ikkje trur at Grace har planar om å stille som presidentkandidat i nær framtid. I så fall vil ho vidareføre Mugabe-regimet, som har vart sidan Zimbabwe vart sjølvstendige frå Storbritannia i 1980.

Sidan den gong har økonomien gått frå vondt til verre, og den positive utviklinga som landet ei gong opplevde er historie.

– Eg er ei floge fanga i eit nett

Etter at Zimbabwe si førstedame, som går under kallenamna «Gucci Grace» og «Første-shopper» hadde blitt velt til leiar for kvinneavdelinga i Zanu PF, tok det ikkje mange minuttane før ho starta å skulde, nettopp, Joice Mujuru for korrupsjon og for å planlegge å fjerne Robert Mugabe frå makta.

To dagar etterpå har altså Mujuru fått sparken, etter det ho sjølv kallar ein omfattande svertekampanje den siste tida.

– Eg er som ei floge som er fanga i eit edderkoppnett av løgner, der målet er å øydelegge den sittande regjeringa og alt det Zanu PF står for, seier Mujuru ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Zanu PF ville tapt eit val i dag

Politiske analytikarar i Zimbabwe trur at maktkampen i regjeringspartiet i verste fall kan gå mot ei krise og oppløysing i fleire partifraksjonar.

– Dette vil svekke Zanu PF ytterlegare. Dei som har fått sparken i dag er sentrale folk i partiet med eit stort nettverk. Dei er ikkje nokon som er lette å dytte bort. Om det var val i dag, så kunne du vore 100 prosent sikker på at Zanu PF ville tapt, seier Charles Mangogera ved det zimbabwesiske analysebyrået Porterhill Research.

Mangogera trur Mujuru no vil ta opp kampen med Grace Mugabe, og at det vert ein hard maktkamp i Zimbabwe i tida som kjem.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt