Hopp til innhold

Sju av åtte barn dødfødde på ein kveld i Zimbabwe

Ved fødeavdelinga på sjukehuset i hovudstaden Harare, døydde sju av dei åtte barna som blei fødde måndag kveld. Sjukepleiarane streikar på grunn av manglande korona-verneutstyr.

Skjema fra sykehus i Zimbabwe

Ein tidlegare leiar for legeforeininga i Zimbabwe delte dette skjemaet i sosiale medium. Skjemaet viser fødslar ved sjukehuset i Harare. Markeringa 0/10 i raudt betyr at babyen var dødfødd.

Foto: Peter Magombeyi / Twitter

I Zimbabwe streikar sjukepleiarar og legar blant anna for betre lønn, og fordi dei manglar personleg verneutstyr for å beskytte seg mot koronaviruset. Helsesystemet i det fattige landet er i krise.

Måndag kveld var sju av barna som blei fødde ved sjukehuset i Harare, døde. Det stadfestar to legar ved sjukehuset overfor BBC.

– To av mødrene trong tidleg operasjon. Men fordi vi mangla arbeidskraft, blei ikkje operasjonane utført i tide, og babyane døydde, seier ein av legane til kanalen.

Han ønsker å vere anonym fordi han ikkje har fått offisielt løyve til å snakke med media om saka.

Dødfødte barn

Dei døde barna på sjukehuset i Harare blei pakka inn i grøne klede etter at dei var fødde.

Foto: Peter Magombeyi / Twitter

På grunn av streiken er det berre ei handfull legar og sjukepleiarar på jobb.

– Dette er ikkje enkelthendingar. Det skjer kvar dag, og vi må berre stå og sjå på at dei døyr. Dette er frykteleg for både familiane og dei unge legane, seier ein annan lege til BBC.

Helseminister måtte gå

Ein annan grunn til protestane blant legar og sjukepleiarar i landet, er påstandar om kontraktar verdt fleire millionar dollar blei gjeve for å kjøpe blant anna testutstyr, medisinar og verneutstyr til oppblåste prisar.

Helseminister Obadiah Moyo fekk sparken som følge av skuldingane. Og måtte også møte i retten for å svare på skuldingane om korrupsjon.

Helseminister Obadiah Moyo på veg til retten etter å ha blitt beskyldt for korrupsjon.

Tidlegare helseminister Obadiah Moyo (i midten) måtte gå av etter at han blei skulda for korrupsjon. Her er han på veg til retten saman med sivilkledd politi for å svare på skuldingane.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP

Styresmaktene skal ifølge BBC ha vist forståing for dei utfordringane som er ved sjukehusa i Zimbabwe.

I eit lekt dokument der styresmaktene svarar legane, forklarar dei mangelen på medisinsk utstyr blant anna med mangel på utanlandsk valuta. Samtidig åtvara dei legar og sjukepleiarar mot å legge ned arbeidet.

Krev handling

Det var legen Peter Magombeyi, som tidlegare var leiar for legeforeininga i Zimbabwe, som først omtalte dei dødfødde barna ved sjukehuset i Harare.

Han meiner styresmaktene må bli stilt til ansvar for dei døde barna.

– Dette er teikn på feil prioriteringar. Tenk på kor tungt desse familiane har det i kveld. Framtida vår har blitt rana, inkludert dei ufødde babyane våre. Stopp dette ranet no, skriv han på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Streik i Harare

Høg inflasjon er i ferd med å ta knekken på økonomien i Zimbabwe. Det har ført til at både medisinsk utstyr og mat har blitt dyrt.

Foto: Jekesai Njikizana / AFP

Foreininga for fødselslegar og gynekologar i Zimbabwe skriv at situasjonen ved sjukehusa er alvorleg.

– Kvinnene våre lid. Både styresmakter, legar, sivilsamfunn og enkeltpersonar må bidra for å redde dei stemmelause mødrene og babyane, skriv dei i ei fråsegn, ifølge BBC.

Fredag er det venta demonstrasjonar mot regjeringa i Zimbabwe.

SISTE NYTT

Siste nytt