NRK Meny
Normal

- Opp mot ein million kan ha blitt hindra i å røyste i Zimbabwe

Ei lokal observatørgruppe seier at så mange som ein millionar personar kan ha blitt hindra i å delta i parlaments- og presidentvalet i Zimbabwe i går.

Robert Mugabe røyster ved valet 31. juli.

Robert Mugabe ser ut til å vinne valet i Zimbabwe i ein alder av 89 år. Opposisjonen ropar på valfusk.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Observatørgruppa ZESN opplyser ifølgje BBC at fleire hundre tusen veljarar, kanskje så mange som ein million, har vorte nekta tilgjenge til vallokala. Dette var spesielt i område der Morgan Tsvangirais parti står sterkt.

Morgan Tsvangirai røystar 31. juli 2013.

Morgan Tsvangirai ser ut til å tape valet i Zimbabwe.

Foto: JEKESAI NJIKIZANA / Afp

På landsbygda, der Mugabe har solid støtte, var det berre eit fåtal som ikkje fekk kome inn i vallokala, heiter det i ei fråsegn frå observatørgruppa. Gruppa har hatt 7000 personar ute for å observere valet.

– Valet i Zimbabwe er alvorleg kompromittert, heiter det i ei fråsegn frå gruppa.

Morgan Tsvangirai sjølv kallar valet «ein gigantisk farse med null verdi».

Like før klokka 13 norsk tid kjem det også meldingar om at opprørspolitiet har teke oppstilling rundt kontora til Tsvangirais parti MDC. Ein reporter frå AFP seier at rundt 20 soldatar og to pansra køyretøy har teke oppstilling utanfor bygningen i sentrum av Harare.

Presidentutfordrer Morgan Tsvangirai kaller valget i Zimbabwe for en stor farse, og hevder at valgresultatet er verdiløst og ugyldig.

VIDEO: Morgan Tsvangirai kallar valet ein farse

– Siger til Mugabe

Robert Mugabes parti ZANU-PF seier dei har vunne valet i Zimbabwe med klar margin, medan Morgan Tsvangirais MDC skuldar dei for omfattande valfusk.

– Vi har vunne dette valet. Vi har grusa MDC, seier ein høgtståande tenestemann i ZANU-FP til nyheitsbyrået Reuters. Han vil ikkje stå fram med namn, men Reuters karakteriserer han som ei truverdig kjelde.

Ein uavhengig valobservatør som Reuters har snakka med stadfestar at det ser ut som om ZANU-FP og Robert Mugabe har vunne ein klar siger i det kombinerte parlaments- og presidentvalet. Mugabe har styrt landet meir jernhand sidan landet vart sjølvstendig i 1980.

Rita Makarau er leiar for valkommisjonen i Zimbabwe.

- Valet ser ut til å ha vore fritt og rettferdig, seier leiaren for valkommisjonen, Rita Makarau.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap

Leiar Rita Makarau i den offisielle valkommisjonen (ZEC) har inntrykk av at valet har vore fritt og rettferdig. Dette baserer ho på rapportar frå ZEC sine observatørar rundt om i landet.

-Tapte for tredje gong

Dermed kan det sjå ut som om Morgan Tsvangirai (61) for tredje gong har tapt presidentvalet mot erkerivalen Robert Mugabe (89).

Opposisjonspartiet MDC, (Movement for Democratic Change) har kalla inn til krisemøte i dag, etter det dei meiner er svært omfattande valfusk. Ein partifunksjonær gjer det klart at partiet ikkje kjem til å akseptere jukset.

Partiet får støtte av den uavhengige nasjonale observatørgruppa ZESN, som meiner det finst bevis for at «truverdet til valet har blitt alvorleg kompromittert».

LES OGSÅ: Vi som elsket Mugabe

LES OGSÅ: Robert Mugabe ønsker å sitte til han er 94 år gammel

– MDC sterkt redusert

Oppteljing etter valet i Zimbabwe.

Oppteljinga etter valet i Zimbabwe er ikkje ferdig, men ZANU-FP har alt erklært siger.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / Reuters

Sidan styresmaktene har lagt ned forbod mot å offentleggjere valresultatet før det er offisielt, uttalar alle seg anonymt. Valkommisjonen har sagt at dei vil kome med dei endelege resultata av valet i løpet av fem dagar frå valdagen onsdag.

Fleire politiske kjelder i Harare seier til Reuters at fleire sentrale politikarar i MDC har mist plassane sine i nasjonalforsamlinga. Partiet har gått sterkt tilbake også i hovudstaden, der partiet har sitt kjerneområde.

Observatørar frå Den afrikanske unionen (AU) sa i går kveld at valet såg ut til å ha gått fritt og rettferdig føre seg.

Før valet vart det kjent at det truleg var manipulert med manntalet. Blant anna vart det slått fast at over 100.000 personar over 100 år stod i manntalet, noko som tyder på at svært mange døde stod på listene .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt