Hopp til innhold

Kystvaktkaptein blir folkehelt etter utskjelling

Kystvaktkapteinen Gregorio De Falco har fått heltestatus i Italia etter at han skjelte ut kapteinen på cruiseskipet «Costa Concordia» etter forliset sist fredag.

Kystvaktkapteinen Gregorio De Falco (i midten).

Kystvaktkapteinen Gregorio De Falco (i midten) har fått heltestatus i Italia etter at han skjelte ut kapteinen på cruiseskipet som havarerte ved øya

Foto: Giacomo Aprili / Ap

Kaptein Francesco Schettino var på veg til land i ein lettbåt, då Gregorio De Falco frå Kystvakta i Livorno i harde ordelag gav han ordre om å igjen å gå om bord i «Costa Concordia» for å få oversikt over situasjonen.

T-skjorte med teksten "vada a bordo, casso!"

Denne T-skjorta var i dag å få kjøpt fleire stader i Italia. Denne mannen kjøpte T-skjorta i Napoli.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Den klare talen til Schettino har gjort at han har fått status som mannen som har berga den nasjonale æreskjensla, etter det dramatiske forliset sist fredag, eit forlis som har blitt eit nasjonalt traume i Italia.

I tiraden, som har gått verda rundt som lydklipp, sa han blant anna «Vada a bordo, cazzo»!

Direkte omsett: Kom deg om bord, for faen!

Teksten på T-skjorter

I dag tidleg kunne ein fleire stader i Italia kjøpe T-skjorter med akkurat denne meldinga på brystet, «Vada a bordo, cazzo»!.

Francesco Schettino før han vart pågripen av politiet.

Francesco Schettino har fått hard medfart i italienske aviser og på Internett.

Foto: ANSA / Reuters

Den største avisa i Italia, Corriere della Sera, hadde denne overskfita i onsdagsutgåva: «Takk kaptein».

– To menn, to historier. Ein som audmjukar oss, den andre har gitt oss sjølvrespekten tilbake. Takk kaptein De Falco! Landet vårt treng sårt menneske som deg, heiter det i Corriera del Sera.

I ein leiarartikkel i storavisa La Stampa heiter det at kaptein Francesco Schettino har fylt tomrommet i avdelinga for skam og løgner etter tidlegare statsminister Silvio Berlusconi.

LES OGSÅ: Avbryter søket på Costa Concordia

LES OGSÅ: Eks-sjef kallar kapteinen våghals

Video 323bfbb2-7df6-4670-8328-4d23d81a336d.jpg

VIDEO: De Falco skjeller ut kapteinen.

Smålåten helt

Schettino er plassert i husarrest. Han er sikta for aktlaust drap på fleire menneske og for å ha forlate skipet før alle passasjerane var berga.

Gregorio De Falco i sivil.

Gregorio De Falco er ein smålåten og beskjeden mann som avviser at han er ein helt.

Foto: Giacomo Aprili / Ap

48 år gamle Gregorio De Falco er brydd over alt oppstyret. Han var smålåten då han snakka med journalistar i den toskanske kystbyen Grosseto i dag, då han var på veg inn til eit dommaravhøyr.

– Eg er ingen helt, var den korte kommentaren frå den heltekåra kystvaktkapteinen, som verka blyg i alt oppstyret.

Skal ein dømme etter kommentarane på Facebook, Twitter og andre sosiale medium er italienarane sterkt usamde om dette. Det verkar som om det er behov for ein helt i eit land som har store økonomiske problem og som slit med korrupsjon og mafiavelde.

– Vil bli som Del Falco

Sofia Rosada skriv dette på Twitter: – Det er menn som De Falco som burde ha styrt dette landet. I staden er det fullt av menn som Schettino.

Andre har til og med brukt samanlikninga med Judas og Jesus om dei to, den eine ein svikar og den andre ein frelsar. Men det er truleg meldinga frå vesle Salvatore Garzilo som har gjort sterkast inntrykk.

– Neste gong nokon spør meg kva eg skal bli når eg blir vaksen, skal eg svare: Eg vil bli ein mann som De Falco.

Costa Concordia

Slik ser «Costa Concordia» ut frå verdsrommet.

Foto: DIGITALGLOBE / Reuters

LES OGSÅ: Her rømmer passasjerene fra «Costa Concordia»

LES OGSÅ: Skal kvinner og barn reddes først?

SISTE NYTT

Siste nytt