Hopp til innhold

Eks-sjef kallar kapteinen våghals

Ein tidlegare kaptein på «Costa Concordia» kallar den noverande kapteinen for ein omsynslaus våghals som nekta å følgje ordre, og som førde skipet som det skulle ha vore ein speedbåt.

Kaptein Francesco Schettino blir arrestert av politiet

Francesco Schettino vart pågripen av politiet dagen etter forliset.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Kaptein Francesco Schettino (52) var førstestyrmann i fire år medan Mario Palombo var kaptein på «Costa Concordia». Han har ikkje mykje positivt å seie om sin tidlegare underordna.

– Ein våghals

Costa Concordia

«Costa Concordia» ligg med kraftig slagside like utanfor øya Giglio på Toscanakysten.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Palombo har sagt til politietterforskarar at Schettino var altfor dristig, og han har kalla den tidlegare kollegaen for ein våghals, melder lokale medium, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Ein annan tidlegare kollega, som uttalar seg anonymt til AFP, seier dette:

– Dette var overmot. Schettino skulle vise seg, han klovna rundt, det var utruleg tåpeleg. Eg ville ha dømt han ikkje berre ein gong, men ti gonger, seier den tidlegare kapteinen.

Han seier til AFP at den undersjøiske klippa «Costa Concordia» gjekk på var tydeleg merkt på alle sjøkart.

– Autoritær leiarstil

Ein av offiserane på cruiseskipet, Martino Pellegrino, har fortalt til politiet at Chettino, som er frå Amalfikysten utanfor Napoli, hadde ein autoritær leiarstil, og at han ikkje høyrde på andre.

Pier Luigi Foschi er topsjef i Costa Crosiere.

Pier Luigi Foschi i selskapet Costa Grosiere ber folk ikkje førehandsdømme kapteinen.

Foto: PAOLO RATTINI / Afp

Ein representant for cruisereiarlaget som har drifta «Costa Concordia» har tidlegare skulda kapteinen for å ha gjort ein uforklarleg feil, og selskapet har distansert seg frå han.

På diverse sosiale medium blir Schettino utskjelt på det sterkaste, og ei nettside har kåra han til Italias mest forhatte mann.

Men sjefen for reiarlaget som eig «Costa Concordia», Pier Luigi Foschi, ber folk vere forsiktige med å uttale seg om kapteinen sin handlemåte, fordi dei har fleire vitneutsegn om at kapteinen oppheldt seg svært lenge på skipet.

Schettino får også støtte frå familien sin.

– De kastar drit på ein mann med ein ærerik karriere. Broren min vil bevise at han ikkje er ansvarleg for det som har skjedd, seier systera hans.

Overført til husarrest

Bruno Leporatti er forsvarar for kapteinen på "Costa Concordia".

Advokaten Bruno Leporatti er forsvarar for Francesco Schettino.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Kaptein Francesco Schettino har vore fengsla sidan laurdag, sikta for aktlaust drap på fleire personar. Kapteinen har blitt skulda for blant anna å ha forlate skipet før passasjerane var berga i land, og for at skipet gjekk altfor nær land. Han risikerer mange års fengsel om han blir funnen skuldig.

I dag vart av gjorde ein italiensk dommar at han skal overførast til husarrest, opplyser advokaten hans, Bruno Leporatti.

Bruno Leporatti er forsvarar for kapteinen på «Costa Concordia». I dag avviste han at kapteinen forlet skipet for tidleg .

LES OGSÅ: Fant fem omkomne i forlist skip

LES OGSÅ: Her rømmer passasjerene fra «Costa Concordia»

– Fall av skipet

I går vart det også sett fram skuldingar om at Schettino oppheldt seg i baren då ulukka skjedde. I dag slår advokaten Leporatti tilbake, etter ein samtale med klienten sin i fengselet.

– Kapteinen gjorde det spesielt klart at han ikkje forlet skipet før passasjerane, sa Leporatti til journalistar i byen Grosseto på det toskanske fastlandet i dag. Han forklarte til politiet at han og dei andre som var på brua fall av skipet på grunn av krenginga.

LES OGSÅ: Skal kvinner og barn reddes først?

SISTE NYTT

Siste nytt