NRK Meny
Normal

- Kom deg om bord igjen, kaptein!

Ein offiser i den italienske kystvakta skreik rasande til kapteinen på «Costa Concordia» at han skulle kome seg tilbake på skipet og avleggje rapport.

Costa Concordia

Ein kystvaktoffiser prøvde å få kapteinen til å gå om bord i «Costa Concordia» igjen.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Eit lydopptak, som avisa Corriera della Sera frå ein samtale mellom ein offiser i den italienske kystvakta og kaptein Francesco Schettino tyder på «Costa Concordia», tyder på at kapteinen kan ha forlate skipet før situasjonen var avklart.

Kaptein Francesco Schettino blir arrestert av politiet

Kaptein Francesco Schettino vart pågripen av politiet dagen etter det dramatiske forliset.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Kystvaktkapteinen Gregorio De Falco skuldar i lydopptaket Schettino for å ha forlate skipet. På dette tidspunktet sat Schettino truleg i ein robåt på veg mot land. Schettino svarar at han fall i sjøene då skipet krengde.

– Kom deg tilbake

– Du har forlate skipet. No er det eg som er sjefen. Kom deg tilbake til skipet og rapporter til meg kor mange passasjerar som framleis er om bord, og kva dei treng. Det er mogleg at du greidde å berge deg sjølv, men eg skal sørgje for at du får svi for dette. Kom deg om bord igjen, for faen, skrik De Falco til kapteinen på cruiseskipet.

– Du forstår ikkje. Det er mørkt her. Eg kan ikkje sjå noko, svarar Schettino.

– Kva er det med deg. Lengtar du heim? Det er mørkt og du lengtar heim?, ropar De Falco.

Video 323bfbb2-7df6-4670-8328-4d23d81a336d.jpg

LYDOPPTAK: Kystvakta skjeller ut kapteinen

De Falco skal ha sagt at kapteinen burde gå om bord på «Costa Concordia» igjen via losstigen, og så avleggje rapport om kor mange som var om bord og kva behov dei hadde for hjelp.

Overført til husarrest

Kaptein Francesco Schettino har vore fleire dagar i fengsel, sikta for aktlaust drap på fleire personar. Kapteinen har blitt skulda for blant anna å ha forlate skipet før passasjerane var berga i land, og for å at skipet gjekk altfor nær land. Han risikerer mange års fengsel om han blir funnen skuldig.

I dag vart av gjorde ein italiensk dommar at han skal overførast til husarrest, opplyser advokaten hans, Bruno Leporatti.

Bruno Leporatti er forsvarar for kapteinen på "Costa Concordia".

Bruno Leporatti er forsvarar for kapteinen på «Costa Concordia». I dag avviste han at kapteinen forlet skipet for tidleg.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

I går vart det også sett fram skuldingar om at Schettino oppheldt seg i baren då ulukka skjedde. I dag slår advokaten Leporatti tilbake, etter ein samtale med klienten sin i fengselet.

– Kapteinen gjorde det spesielt klart at han ikkje forlet skipet før passasjerane, sa Leporatti til journalistar i byen Grosseto på det toskanske fastlandet i dag.

LES OGSÅ: Her rømmer passasjerene fra «Costa Concordia»

LES OGSÅ: Ny sikkerheitsstige kan redde mange liv ved båtforlis

– Prøvde å gå om bord igjen

Han seier at Schettino prøvde å gå om bord i «Costa Concordia» igjen etter samtalen med kystvaktkapteinen, men at skipet krengde så mykje at det ikkje var mogleg å kome seg om bord.

– På dette tidspunktet krengde skipet over 90 grader. Det er ikkje mogleg å kome seg om bord i eit skip som krengjer så mykje utan med helikopter, seier advokaten.

I dag vart Fant fem omkomne i forlist skip henta ut frå «Costa Concordia». Før dette var lista over sakna personar 14 frå Tyskland, fire frå Frankrike og to frå USA. Alle desse var passasjerar. I tillegg var fire frå mannskapet sakna, og desse var frå Italia, Peru, India og Ungarn.

Video Her skyter de hull i skroget

VIDEO: Brukar dynamitt for å sprengje opning i skroget.

LES OGSÅ: Havnemyndighetene til kapteinen: «Har du mest lyst til å gå hjem?»

LES OGSÅ: Skal kvinner og barn reddes først?

LES OGSÅ: Det lekker fra cruiseskipet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt