Hopp til innhold

FN: Gjengkriminelle på Haiti bruker valdtekt som våpen

Barn heilt ned til 10 år har blitt valdtekne føre sine eigne foreldre av gjengkriminelle i Haitis hovudstad, syner ein fersk rapport frå FNs menneskerettskontor.

Ei jente går langs ein bekk med søppel i Port-au-Prince på Haiti.

SLUM: Kvinner, jenter og gutar i alle aldrar har blitt utsett for valdtekter og gjengvaldtekter i slumområdet Cité Soleil i hovudstaden Port-au-Prince på Haiti, ifølge ein ny rapport frå FNs menneskerettskontor. Jenta på bildet er ikkje direkte knytt til saka.

Foto: RICARDO ARDUENGO / Reuters

– Gjengar bruker seksuell vald for å skapa frykt, og alarmerande nok aukar talet på saker for kvar dag.

Det sa fungerande sjef for FNs høgkommisær for menneskerettar (OHCHR) Nada Al-Nashif då den nye rapporten blei presentert fredag.

Både kvinner, jenter og gutar i alle aldrar og i mindre grad menn har blitt utsett for omsynslause seksuallovbrot på Haiti, ifølge rapporten.

Rivaliserande gjengar står bak valdtektene.

Fleire av dei overlevande skal ha blitt valdtekne føre sine eigne foreldre eller barn. Nokon av offera blei lemlesta eller drepne etter valdtekta.

Ein bekk med søppel renn gjennom eit nabolag i Port-au-Prince på Haiti. To jenter og ein mann er på veg over elva.

Ein bekk med søppel renn gjennom eit nabolag i Port-au-Prince på Haiti. To jenter og ein mann er på veg over elva.

Foto: RICARDO ARDUENGO / Reuters

– Dei grufulle vitnesbyrda som blir delt av offera understrekar nødvendigheita av akutt handling for å stoppa denne forderva oppførselen, seier Al-Nashif.

Minst 52 valtekne på ei veke

I juli blei minst 52 kvinner og jenter gjengvaldtekne av væpna menn i løpet av ei veke i slumområdet Cité Soleil i hovudstaden Port-au-Prince på Haiti, ifølge rapporten.

Barn heilt ned til 10 år er blant dei som har blitt utsett for gjengvaldtekter under angrep mot nabolaga deira.

Ei kvinne leiar eit barn forbi ein demonstrasjon mot den aukande valden i Port-au-Prince på Haiti.

Ei kvinne leiar eit barn forbi ein demonstrasjon mot den aukande valden i Port-au-Prince på Haiti.

Foto: Odelyn Joseph / AP

Dei væpna gjengane brukar seksuell vald på fleire måtar. Å kryssa «frontlinja» mellom ulike delar av byen kan vera ein av dei.

Valdtektene blir også nytta som eit pressmiddel mot familiar til kidnappa kvinner og jenter for å få dei til å betala lauspengar.

Andre gonger kan kvinner og jenter bli oppfordra av familien til å ha sex med gjengmedlem mot si vilje, i byte mot andre tenester som mat eller vern.

Målet med valdtektene er å få meir makt i hovudstaden, ifølge OHCHR.

I august hadde gjengane kontroll eller innverknad over eit område av hovudstaden som husar minst 1,5 millionar menneske. Områda er ofte prega av fråvær av statlege myndigheiter.

Leiaren for den væpna gruppa G9 Familie og Allierte, Jimmy "Barbecue" Chérizier.

Leiaren for den væpna gruppa «G9 Familie og Allierte», Jimmy «Barbecue» Chérizier, er rekna for å vera den mektigaste gjengleiaren på Haiti.

Foto: Odelyn Joseph / AP

Valdteken føre barna sine

Eit av vitnesbyrda frå angrepet i juli, gravide Rose (25), blei skambanka og valteken av tre væpna og maskerte menn medan barna hennar såg på.

Mennene hadde brote seg inn i huset hennar under eit angrep mot innbyggjarar i ein del av slumområdet.

Tidlegare på dagen hadde medlem av den same gjengen som desse mennene var medlem av, skote og drepe mannen til Rose.

Mellom 8. og 17. juli blei over 200 innbyggjarar drepne under samanstøyt mellom dei rivaliserande gjengane i hovudstaden.

Rolege, delvis blokkerte, gater i hovudstaden Port-au-Prince på Haiti. Vanlegvis er gata fullt av folk og traikk.

Ei delvis blokkert gate i hovudstaden Port-au-Prince på Haiti. Gata pleier til vanleg å vera full av folk.

Foto: RICARDO ARDUENGO / Reuters

Dårleg oppfølging

Få av valdtektene blir meldt til politiet, grunna både mangelen på rettsinstitusjonar og den store usikkerheita. I tillegg vel fleire av dei utsette å ikkje fortelja om valdtekta fordi det er tabu.

Politiet har ikkje vore i stand til å adressera valdtektene fordi dei manglar ressursar.

Dei væpna gjengane i hovudstaden har blokkert hovudvegar og landet sin viktigaste drivstoffterminal.

Blokaden har ført til ein mangel på drikkevatn, mat, drivstoff og naudsynte helsetenester.

FNs befolkningsfond (UNFPA) reknar med at rundt 7000 overlevande etter seksuell vald ikkje lenger vil ha tilgang til medisinsk hjelp og psykisk oppfølging.

Flere hundre barn og voksne har søkt tilflukt ved en skole i Port-au-Prince på grunn av voldelige sammenstøt mellom to gjenger i hovedstaden.

Hundrevis av barn og vaksne tilflukt på ein skule i Port-au-Prince på grunn av valden i bydelen Cité Soleil i juli.

Foto: RICHARD PIERRIN / AFP

Dei som har blitt utsett for valdtektene har heller ikkje tilgang til behandlingar som beskyttar mot seksuelt overførbare sjukdommar eller graviditet.

Helsepersonell har også vore utsett for angrep og kidnappingar medan dei gjorde arbeidet sitt.

Bruken av valdtekt som våpen er ikkje eit nytt fenomen på Haiti. Det er mange rapportar om væpna menn som valdtok kvinner under militærregimet frå 1991 til 1994.

Det blei også brukt i ein periode mellom 2004 og 2005, då 35.000 kvinner og jenter blei valdteke i den sentrale delen av Port-au-Prince. Under massakrane i La Saline i november 2018 og september 2019 blei minst 41 kvinner og jenter valdteke av ein eller fleire gjengmedlem samtidig.

Ei humanitær katastrofe

Haiti er inne i ei djup økonomisk og sosial krise. Landets regjering har verken klart å handtera den aukande gjengvalden i hovudstaden eller gje innbyggjarane sine grunnleggande tenester.

FNs Haiti-utsending har skildra situasjonen i landet som ei humanitær katastrofe.

Etter at president Jovenel Moïse blei drepen sommaren 2021, har gjengvalden i hovudstaden blitt stadig verre.

Mange har forsøkt å flykta frå landet.

Sidan statsminister Ariel Henry erklærte ein stopp i drivstoffsubsidiar den 11. september, har hovudstaden vore prega av store protestar og valdelege opptøyar.

Ein mann hjelp ei skada og blodig kvinne under ein protest mot statsminister Ariel Henry i Port-au-Prince.

Ein mann hjelp ei skada og blodig kvinne under ein protest mot statsminister Ariel Henry i Port-au-Prince.

Foto: RICHARD PIERRIN / AFP

Demonstrantane krev at statsministeren går av.

Vil ha internasjonal hjelp

Som følge av situasjonen på Haiti, har FNs sikkerheitsråd vedteke ein resolusjon om å utvida mandatet og styrka kapasiteten til FN-kontoret i landet.

10. oktober oppfordra FN-sjefen António Guterres verdssamfunnet til å senda styrker til Haiti etter at landet bad om hjelp til å handtera den forverra sikkerheitssituasjonen.

Styresmaktene i landet har sjølv bede om hjelp frå internasjonale styrker.

Les også FBI leter etter bortførte barnefamilier i Haiti

Haiti US Kidnapped Missionaries

USA skal senda eit katastrofeteam for å hjelpa landet gjennom den humanitære krisa, men enn så lenge er det ingen land som har sagt at dei vil senda sikkerheitsstyrkar.

Eliteteamet Disaster Assistance Response Team (Dart) skal evaluera behova og jobba saman med USA sin ambassade og humanitære organisasjonar for å fordela nødhjelp til dei mest sårbare.

Les også Migranter fra Haiti flykter tilbake til Mexico fra USA

Mexico US Border Migrants

SISTE NYTT

Siste nytt