Hopp til innhold

Titusener protesterte, mange drepne

I fleire byar i Syria gjekk titusener ut i gatene i dag, sjølv om den syriske regjeringa har send tropper og stridsvogner for å halde demonstrantane nede. 62 sivile er drepne berre i dag.

Demonstrasjoner i Syria

Titusener trossa presidenten og gjekk ut på gatene i Syria i dag. Biletet er frå byen Banias.

Foto: Ap

Voldsomme demonstrasjoner i Syria

Dette biletet frå ein Youtube-video viser svart røyk som stig midt i ein demonstrasjon i Moaret Al-Noman.

Foto: - / Afp
Bilete av president Assad

Andre set fyr på biletet av den lite poplære presidenten.

Foto: BULENT KILIC / Afp
Nei til vald, nei til drap

'Nei til vald, nei til drap' står det på denne plakaten i Beirut.

Foto: Ahmad Omar / Ap

Berre i hovudstaden Damaskus demonstrerte 10.000 aktivistar i gatene. Det same gjorde folk i fleire andre byar, men verst gjekk det ut over demokratiaktivistane i Deraa.

62 drepne berre i dag

Minst 62 aktivistar skal vere drepne, og fleire andre såra, fortel aktivistar til nyheitsbyrået AFP. Enda 38 såra personar er frakta til eit sjukhus i Tafas, opplyser ein lege til nyheitsbyrået Reuters.

– Dei skaut mot folk ved den vestlege inngangen til Deraa i Yadoda-området, nesten tre kilometer frå sentrum, seier eitt vitne til Reuters.

– Lik rotnar i gatene

Aktivistane, som ønskjer slutt på maktbruken frå president Bashar al-Assad, protesterer også mot drapet av mange medaktivistar i Deraa sist fredag .

Advokaten Tamer al-Jahamani fortel til Reuters at lik av 83 personar som er drepne av syriske styrkar dei siste fire dagane, er samla i mellombelse likhus i byen Deraa. Det skal vere både kvinner og barn blant dei drepne.

– Dei fleste av dei har kulehol gjennom hovudet og bryst, noko som kan tyde på at det er snikskyttarar som har skote dei, seier han.

Eitt augevitne fortel til Al-Jazeera at han har samla namn frå drepne i ulike nabolag i byen, og hevdar det er så mange som 25 drepne personar berre i området han har talt.

– Nokre område luktar riktig ille på grunn av lik som ligg og rotnar i gatene. Ingen kan hente dei inn, fordi dei fryktar at også dei vil bli skotne, seier han.

Omringa av soldatar

Medan Al-Jazeera snakkar med han over telefonen, høyrer dei kontinuerleg skyting.

– Deraa er fullstendig omringa av stridsvogner og væpna militære styrkar. Det er skarpskyttarar på taket av alle regjeringsbygg og andre høgbygg. Dei gøymer seg vak vasstankar og nokre gøymer seg til og med i minaretar, seier han.

Det kjem meldingar om demonstrasjonar også i Bania ved middelhavskysten, i Homs, Hama, Qamishly aust i landet og i Damaskus-forstaden Harashta.

AFP melder at 250 syrarar som prøvde å ta seg over grensa til Tyrkia, vart stansa på grensa.

Tildegare fredag sa informasjonsministeren i Syria at myndigheitene ville halde fram med å slå ned på demonstrasjonar.

Demonstrantar i Syria

Demonstrantane i Syria krev at president Bashar Assad skal gå av.

Foto: Ahmad Omar / Ap

– Soldatar skiftar side

Augevitnet fortel også at deler av den militære styrken har vendt seg mot statsleiinga, og at nokre av dei no kjempar mot sine gamle kollegaer.

– Dei som har skifta side, kjempar for folket, og hjelper til med å skaffe informasjon om kvar dei militære flyttar seg, og prøvar å verne sivile mot nye angrep, seier han.

Det er også meldt at fire soldatar er drepne ved ei vegsperring utanfor Deraa. Ein talsmann for militæret seier det er ei terrorgruppe som står bak.

Men ifølgje andre kjelder var dette soldatar som hadde skifta side. Soldatane skal ha blitt drepne som følgje av at dei nekta å skyte mot sivile, hevdar dei.

Demonstrasjon i Bania

Også i Bania demonstrerer aktivistar for å presse regimet.

Foto: - / Afp

Brorskapet støttar demonstrasjonane

Demonstrasjonen i dag er støtta av gruppa Det muslimske brorskapet, som vart knust av regimet i 1982.

I ei fråsegn til nyheitsbyrået Reuters skriv dei til demonstrantane: «Ikkje lat regimet nedkjempe dine landsmenn. Stem i med ei stemme for fridom og respekt. Ikkje lat tyrannane gjere dykk til slavar. Gud er stor.»

Det er første gong at brorskapet har støtta opprøret mot Assad, som starta for snart seks veker sidan . Dei har til no prøvd å halde ein lav profil, sidan regjeringa har prøvd å kople dei til protestane.

Både EU og USA førebur å innføre sanksjonar mot det arabiske landet. USA er venta å offentleggjere sine sanksjonar allereie i kveld.

Baath-partiet har styrt Syria i 48 år, og demonstrasjonane mot regimet har tiltrekt seg folk frå alle samfunnslag.

SISTE NYTT

Siste nytt