Hopp til innhold
Urix forklarer

Flagga som skjuler krig og maktkamp

Afrikas landegrenser oppstod då eit knippe kvite menn møttest i Berlin for over 130 år sidan. Fram til i dag har grensene delt språk- og folkegrupper. Slikt skaper konflikt. Dette er historia om ni land, som ikkje er land.

Flagg over afrikanske område som ønsker å bli sjølvstendige

Ni flagg frå ulike delar av Afrika. Nokre av flagga skjuler meir blodigare historier enn andre, men alle har til felles at dei representerer land som ikkje har klart å bli eit ordentleg land.

54 land, godt over 1200 ulike språk og nesten like mange folkegrupper. Afrika er og har alltid vore eit kontinent med stort mangfald og enorme naturressursar.

Men i Afrika er det også mange konfliktar, og ofte handlar konfliktane om at folk kjemper med livet som innsats for land som ikkje eksisterer.

Land som ikkje er land

1. Engelskspråklege Ambazonia

Ambazonia

Ambazonia er kalla opp etter dei lokale sitt namn på Wouri-elva som renn gjennom området som ligg i Kamerun, mot grensa til Nigeria.

Foto: Wikipedia

Det siste året har vore blodig i Kamerun. Ein konflikt mellom landets engelskspråklege minoritet og styresmaktene har vakse seg stadig større.

Denne delen av Kamerun var under britisk styre fram til britane trakk seg ut av Afrika på 60-talet. Då valde folket å bli ein del av Kamerun og ikkje Nigeria.

Men både då og no er det grupperingar i regionen som meiner Ambazonia heller bør vere eit eige land. Styresmaktene har slått hardt ned på aktivitet frå separatistgruppa i Ambazonia.

Konflikten vaks for nokre år sidan då Kamerun bytta ut engelsk med fransk i både klasserom og rettssalar i den engelskspråklege regionen.

Dei siste åra har separatistgruppa fått auka oppslutning. Mange er drepne, skadde og kidnappa i området dei siste åra, og FN anslår at rundt 20.000 har flykta frå uroa og inn i Nigeria.

2. Ørkenlandet Azawad

MALI-CONFLICT-POLITICS-VOTE

To tuaregar på kamelane sine med flagget til Azawad.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Konflikten i Nord-Mali har fått ein del merksemd, og Noreg er blant landa som deltek i FN-operasjonen Minusma. I dag er det terroristgrupper som tek det meste av merksemda, men konflikten starta eigentleg som ein frigjeringskamp for Azawad.

I 2012 kom personar tilhøyrande tuareg-folket tilbake til Nord-Mali etter å ha kjempa på Muammar Gaddafi si side i den libyske borgarkrigen.

Utstyrte med nye våpen grov dei opp att gamle stridsøkser, og starta ein ny frigjeringskamp for staten Azawad, ein konflikt som eigentleg tok slutt på 90-talet.

Tuaregane kunngjorde i 2012 at Azawad var sjølvstendig, men det vart aldri anerkjent av andre. Terroristgrupper tok etter kvart over kontrollen, og i dag har kampen for Azawad hamna i bakleksa.

3. Steinrike Katanga

Katanga

Separatistar i Katanga forsøkte på 60-talet å danne ein eigen stat, men vann aldri heilt fram. Provinsen er eit av områda i verda som er rikast på ulike naturressursar.

Foto: Wikipedia

Katanga er ein av Kongos rikaste provinsar, og då Kongo vart uavhengige frå Belgia i 1960 vart det gjort forsøk på å lausrive Katanga frå Kongo, med støtte frå Belgia som vart skulda for å sikre seg framtidig tilgang til ein mineralrik del av Kongo.

Men regjeringa som vart oppretta i Katanga fekk aldri full støtte i provinsen, og etter fleire år med kampar gav separatistane opp i 1962.

Men konflikten har blussa opp att til tider. På slutten av 70-talet var det to store konfliktar, og dei siste 15 åra har det stadig vore kampar mellom den kongolesiske hæren og separatistgrupper.

4. Oljerike Cabinda

ANGOLA CIVIL WAR CUBAN SOLDIERS

Cubanske og angolanske soldatar trener saman i Cabinda i 1976, året etter at dei angolanske frigjeringsrørslene MPLA og UNITA har blitt einige med Portugal om at Cabinda er ein del av Angola.

Foto: Anonymous / Ap

Enklaven Cabinda vart kalla «portugisisk Kongo» og ligg klemt mellom Den demokratiske republikken Kongo og Republikken Kongo. Det var eit portugisisk protektorat, men då Angola vart sjølvstendig i 1960 vart det ein del av Angola. Det var det ikkje alle som likte.

Grupper i Cabinda kjempa lenge for å bli eit eige land, men dei var ikkje med då frigjeringsrørslene i Angola signerte ein fredsavtale med Portugal etter 15 år med krig. I avtalen stod det at Cabinda var ein del av Angola.

Cabinda

Flagget til Cabinda, eit område mellom Den demokratiske republikken Kongo-Kinshasa og Republikken Kongo, som tilhøyrer Angola.

Foto: Wikipedia

Etter det har det vore ein konflikt på lågbluss i Cabinda, med eit angrep på Togos fotballandslag under Afrikameisterskapen som den mest kjente hendinga. Angola har ymta frampå at det kan vere aktuelt med meir sjølvstyre, men at det i så fall må vere ei folkerøysting om spørsmålet.

Sidan Cabinda sit på 60 prosent av oljerikdommen til oljeavhengige Angola, så er det lite som tyder på at store Angola vil stemme for at vesle Cabinda skal bli eit eige land med det aller første.

5. Terroriserte Darfur

Darfur Liberation Front

Flagget til Darfur Liberation Front, som lenge har kjempa for at Darfur skal bli uavhengig frå Sudan.

Det er større sjansar for at Darfur er meir kjent for deg, men kvifor? Området ligg lengst vest i Sudan, mot grensa til Tsjad. Medan krigane i Sør-Sudan enda i sjølvstende, så er Darfur framleis ein del av Sudan.

Mange av dei som bur her og som ikkje har arabisk bakgrunn føler seg marginaliserte. Dette førte mellom anna til at Sudan Liberation Movement starta å kjempe mot Janjaweed-militsen. Janjaweed består i stor grad av personar med arabisk bakgrunn, og er støtta av styresmaktene i Sudan.

Dei står bak grufulle angrep mot sivile i Darfur, og deira herjingar er årsaka til at Sudans president er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen, skulda for folkemord mot sitt eige folk. FN meiner det er drepe mellom 100.000 og 400.000 menneske i krigen Darfur.

Dei siste vekene har det vore store demonstrasjonar mot regimet i Sudan etter inflasjon og stor auke i matprisane. Dette har også ført til demonstrasjonar i Darfur. Eit ustabilt Sudan kan skape nye blodige kampar i Darfur.

6. Parfymeøya Anjouan

APTOPIX Comoros

Nokre jubla då desse soldatane frå Tanzania og Den afrikanske union gjekk i land på Anjouan og tok kontroll over øya i 2008.

Foto: Jerome Delay / AP

Om du har høyrt om Anjouan, så er du godt oppdatert. Øya ligg i Det indiske hav, har knappe 280.000 innbyggjarar og er ein del av øystaten Komorane.

I 1997 erklærte øya seg sjølvstendig frå Komorane, og ei folkerøysting på øya skal ha resultert i at 99 prosent stemte for sjølvstende. Deretter forsøkte øya å bli ein del av Frankrike, slik naboøya Mayotte er, men dette vart avvist av Frankrike.

Anjouan

Dei flagginteresserte vil nok sjå likskapen mellom Anjouans raude flagg, og Komorenes tidlegare grønne flagg. Etter at Anjouan på ny vart ein del av Komorene fekk landet eit nytt flagg med både grøn- og raudfarge representert.

Foto: Wikipedia

Åra som følgde var turbulente, med regimeskifte og interne kampar. I 2002 vart Anjouan på ny del av Komorane, før dei nok ei gong forsøkte å bli sjølvstendige i 2007. Det ville ikkje Komorane og Den afrikanske union, som saman invaderte Anjouan året etterpå. I dag er det ein del av Komorane, men med sjølvstyre.

Dei siste ti åra har konfliktane roa seg på øya, som mellom anna er verdas største produsent av ylang-ylang-olje, som du sannsynlegvis finn i parfymane dine.

7. Urolege Biafra

Nigeria Separatist Movement

Biafra er framleis konfliktfylt. Her er ein separatist avbilda på ein demonstrasjon i 2017.

Foto: Lekan Oyekanmi / AP

I Noreg er Biafra mest kjent for bileta som nådde norske TV-skjermar på slutten av 60-talet. Separatistar hadde danna republikken Biafra, som i tre år var eit eige land. Dei tre åra vart fylt med krig mot Nigeria og omfattande svolt. Fleire hundre tusen døde i krigen, og mange av dei av svolt.

Men Biafra høyrer ikkje berre historia til. Også i dag er det aktive separatistrørsler i området lengst søraust i Nigeria. Seinast i 2016 påstod Amnesty at 150 demonstrantar var drepne av nigerianske styrker, og same år vart ti menneske drepne då dei markerte årsdagen for opprettinga av republikken Biafra i 1967.

Dei fleste som bur i Biafra er igboar, ei folkegruppe som lenge har følt seg diskriminert. Nigeria meiner gruppene som ønskjer sjølvstende trugar landets tryggleik.

Sjå frå Erik Bye sitt besøk i Biafra den gong TV-en var i svart og kvitt.

8. Undertrykte Oromia

Oromo Liberation Front

Mange hadde møtt fram då leiinga i Oromo Liberation Front fekk kome tilbake att til Addis Abeba, etter at organisasjon i fjor vart fjerna frå landets terrorliste av statsminister Abiy Ahmed.

Foto: MICHAEL TEWELDE / AFP

Sjølv om Etiopia aldri har vore kolonisert, så er landets historie på ingen måte fri for konfliktar. I tillegg til krigen mot nabolandet Eritrea, som ser ut til å vere over, har regionane Ogaden og Oromia skapt mykje konfliktar.

Når det gjeld Oromo-folket, så er dette ein majoritet i Etiopia, som utgjer over 35 prosent av folket. Likevel har dei aldri hatt særleg med makt i et land der dei fleste statsleiarar kjem frå Tigray-folket.

Ønsket om ein eigen stat har ført til danninga av fleire parti og også militante grupper som står bak fleire markeringar, både av det valdelege og ikkje-valdelege slaget.

Mange håper Etiopias nye statsminister, Abiy Ahmed, kan klare å stanse konflikten med Oromo Liberation Front (OLF). Ahmed, som sjølv har ein far som er oromo, har allereie fått mykje av æra for fredsavtalen med nabolandet Eritrea. No har Abiy fjerna OLF frå Etiopias terrorliste, så vil tida vise om Etiopias folk kan samlast under eit flagg.

Fargespill sin første musikkvideo er her. Se den splitter nye sangen og videoen "Oromiyaa", som er en kjærlighetserklæring til Oromia i Etiopia og den norske folkesangen "Kråkevisa".

Fargespill er ei gruppe med nordmenn med ulikt opphav som kombinerer norsk folkemusikk med tradisjonell musikk frå land mange norske innvandrarar er frå. Dette er Fargespill sin første musikkvideo, der ein hyllest til Oromia er kombinert med Kråkevisa.

9. Somaliland

BRITAIN-SOMALIA-SOMALILAND-POLITICS

Somalisk-britiske kvinner demonstrerer i London. Dei ønskjer at Somaliland skal anerkjennast som eit eige land, noko ingen land har gjort.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Kanskje du har sett Somaliland sitt flagg flagre ein stad i Noreg, for ein del av somaliarane som har busett seg i Noreg kjem frå denne delen av landet. Inni Somalia ligg også områda Puntland og Somaliland.

Når det gjeld Somaliland var dette ein britisk koloni som i dag fungerer som ein uavhengig republikk i Somalia. Somaliland erklærte seg sjølvstendig i 1991, men dette har ingen andre land anerkjent. Somaliland har si eiga grunnlov, gjennomført fleire val, og det er langt meir stabilt der enn det er i området rundt Somalias hovudstad Mogadishu.

Men før 1991 var også Somaliland gjennom lange periodar med konflikt. Regionens største by, Hargeisa, var hovudkvarteret til Somali National Movement, ei gruppe som Somalias militærdiktator hadde bestemt seg for å utrydde. Byen vart knust til småbitar og dødstala vert anslått til å vere ein stad mellom 50.000 og 100.000 døde.

Og alle dei andre «landa»

Og i tillegg til alle dei nemnde konfliktane kunne ein også ha nemnt nasjonalistane på øya Zanzibar i Tanzania, Vest-Saharas langvarige kamp mot Marokkos okkupasjon, Kabylie i Algerie, sørafrikanarane som framleis kjempar for ein eigen stat for kvite sørafrikanarar og ein del konfliktar til.

Den afrikanske union er fullt klar over dei mange afrikanarane som går rundt med eit ønske om at deira folk skal få sin eigen stat.

Difor er respekten for eksisterande nasjonalgrenser eit viktig prinsipp for unionen. Og difor har unionen fleire gonger intervenert og forsøkt å slå ned på konfliktar der opprørs- og separatistgrupper har tatt til våpen og kjempa for sitt eige folk, land og flagg.

SISTE NYTT

Siste nytt