Hopp til innhold

140 drepne i Etiopia etter protestar mot regimet

Etiopiske styresmakter sine planar om å bygge fabrikkar utanfor hovudstaden har ført til store protestar frå folket som bur i området. Fredfulle demonstrasjonar har blitt valdelege, og så langt er 140 drepne.

Etiopia, Oromo, demonstrasjoner

Representantar frå det etiopiske Oromo-folket demonstrerer under Afrika-EU-toppmøtet på Malta i november. Dei er misnøgde med etiopiske styresmakter si neglisjering av Oromoar.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Ein livlaus student ligg i gata, medan andre livredde studentar flyktar frå dei etiopiske tryggingsstyrkene. Det som starta som eit fredfullt studentopprør har blitt ein blodig konflikt.

– Dei tek landet vårt

Det er studentar og andre personar frå Oromo-folket som dei siste vekene har protestert mot styresmaktene i Etiopia. Oromo-folket er den største etniske gruppa i Etiopia, men har lenge blitt neglisjert av styresmaktene.

Oromo, veisperring ved Wolenkomi

Demonstrantar frå oromofolket legg ut vegsperringar utanfor byen Wolenkomi for å stanse tryggingspoliti som slår ned på demonstrasjonane deira.

Foto: WILLIAM DAVISON / Afp

Årsaka til uroa den siste tida er styresmaktene i Etiopia sine planar om å ta meir kontroll over landområde utanfor hovudstaden Addis Abeba.

Men i dei aktuelle områda bur folk frå Oromo-folket, og dei fryktar no at landbruksjorda deira vil bli gjort om til fabrikktomter.

– Dei tek landet vårt, dei drep barna våre. Kvifor drep dei berre ikkje oss alle med ei gong, ropte ein mann til ein journalist frå AFP som var i området før jul.

Og etter den tid har det berre blitt verre.

Tortur og arrestasjonar

I tillegg er arbeidsløysa stor blant Oromo-folket, og mange meiner styresmaktene hindrar dei frå å få jobbar. Difor trur mange at dei heller ikkje vil få ta del i den eventuelle økonomiske utviklinga som fabrikkane kan gje.

Protestane mot styresmaktene sine ferske planar starta fredeleg, men har enda i valdelege opptøyar. Så langt skal minst 140 vere drepne, opplyser menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW).

Det kjem også rapportar om tortur, massearrestasjonar og at folk forsvinn sporlaust. Nestleiaren for det politiske partiet Oromo Federalist Congress er blant dei som har blitt borte.

Oromo, demonstrant i Valletta, Malta

Ein demonstrant viser si misnøye med styresmaktene i Etiopia. Han er ein av mange frå Oromo-folket som har protestert mot styresmaktene sine planar om å gjere landjord om til fabrikktomter.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

– Han vart først frakta til Maekalawi-fengselet, der tortur og anna overgrep er vanleg rutine. Den 54 år gamle språkprofessoren vart lagt inn på sjukehus kort tid etter arrestasjonen, men det er ikkje kjent kor han er no, og det er gryande uro for at han har blitt tvungen til å forsvinne, skriv HRW i ein rapport.

Også uroleg aust i Etiopia

Også oromoar som bur utanfor Etiopia har protestert mot utviklinga den siste tida, mellom anna under Afrika-EU-toppmøtet på Malta i november.

Det er ikkje vanleg med store demonstrasjonar i Etiopia, men det har altså i det siste blussa opp ein del uro. Dette har bakgrunn i ei langvarig neglisjering av Oromo-folket som føler at dei står utanfor det etiopiske samfunnet både politisk og økonomisk.

Også aust i Etiopia, i Ogaden-regionen, er det grupper som er sterkt kritiske til det etiopiske regimet. I denne regionen er det knapt mogleg for journalistar å få innreiseløyve, og det vert stadig rapportert om menneskerettsbrot også her.

SISTE NYTT

Siste nytt