Hopp til innhold

Evelina - typisk Vilnius-miks

Evelina Desiatinikova er ein typisk Vilnius-miks, ei god blanding av polsk, russisk og litauisk.

Evelina Desiatnikova vil studere i Russland.

Evelina Desiatnikova vil studere i Russland.

Foto: Bent J. Tandstad / Scanpix

Vi møter den 18 år gamle jenta i sentrum av Vilnius. Sola skin frå ein skyfri himmen, berre ein litt kjølig bris minner oss om at sommaren er eit stykke unna enno.

Evelina sit på ein benk med utsikt mot den store katedralen i sentrum. Ho har eit fornøgd uttrykk i ansiktet.

Ho har hatt avsluttande eksamen i russisk denne dagen, og ho kjenner på seg at ho har gjort det bra.

Vilnius-miks

Evelina er ei ekte Vilnius-jente, ein miks av dei mange etniske gruppene som befolkar denne kosmopolitiske byen. Ho har polsk mor og russisk far.

Vi spør henne om korleis ho opplever at den litauiske EU-medlemskapen har påverka henne og samfunnet rundt henne, og vi får eit overraskande svar.

- Eg bryr meg ikkje om EU. Mine interesser går meir i retning i Russland, seier ho.

Det har vi ikkje høyrt før av litauiske ungdomar. Dei fleste er i stor grad orienterte mot dei vestlege landa, men altså ikkje Evelina.

Russisk design

Ho er ferdig med den vidaregåande skulen denne våren, og målet er å studere design i Russland. Ho er oppteken av ein spesiell russisk designar, og ho har inntrykk av at russisk design har eit ufortent dårleg rykte i Vesten.

Ho gler seg til å reise til Russland, ho har stor sans for den russiske kulturen.

Sjølv om interessa hennar ikkje går i retning EU, så kjem det etter kvart fram at ho har ein del meiningar om unionen likevel. Ho synest ikkje Litauen har teke mot impulsane frå EU på ein god måte.

Det skin gjennom at ho deler den politikarforakten som mange har i landet, og som har blomstra opp etter at finanskrisa slo til for fullt. Ho viser til restaureringa av eit gammalt slott på andre sidan av plassen der vi sit, og som etter planen skal bli ferdig til 1000-årsjubileet i juli.

Politikar-monument

Det er ein meiningslaus måte å bruke pengar på no i desse krisetidene. Dei blir aldri ferdige til jubileet, seier ho. Ho mistenkjer at politikarane prøver å byggje monument over seg sjølve, trass i at mange vanlege menneske er hardt ramma av finanskrisa.

Ho kritiserer også planane for Vilnius som europeisk kulturhovudstad i 2009, eit prosjekt som no har fått store økonomiske problem.

- Politikarane må lære seg å prioritere betre. Det nyttar ikkje å berre løyve pengar i aust og vest, seier ho.

Les også:

SISTE NYTT

Siste nytt