Hopp til innhold

Framleis EU-optimistar - trass alt

Danielius og Kristijonas var EU-optimistiske jus-studentar i 2004, og fem år etter er dei samde om at det var rett å bli medlem i Unionen.

Juristane Danielius Kazlovskis (t.v.) og Kristijonas Valatka.

Danileius og Kristijonas er framleis EU-optimistar, trass i dei dårlege tidene.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Danielius Kazlovskis (27) er den mest optimistiske av dei to i slutten av april 2009. Han jobbar i SEB-bank (Skandinaviska Enskilda Banken).

Kristijonas Valatka (27) er litt meir skeptisk enn kameraten, kanskje fordi han jobbar i offentleg sektor. Der er løna lågare enn i det private, og det er varsla kutt.

Les intervjuet med dei frå 2004: Litauen veldig klar for EU

Like optimistisk

- Eg er like optimistisk som for fem år sidan. Eg har absolutt ingen negative kjensler omkring at vi er med i EU, berre positive, seier Danielius.

Visst er den økonomiske krisa landet er inne i alvorleg, og mange selskap har fått problem. Dette problemet får også følgjer for bankane. Men banknæringa har greidd seg hittil. Ingen bankar har måtta stengje dørene.

- Vi har det bra her. Vi fekk jobb rett etter at vi var ferdig med utdanninga, og vi har gjort det godt. Eg er nøgd, seier Danielius.

Byråkratiet

Kristijonas Valatka fekk også jobb rett etter avslutta studium. Først i eit privat selskap, deretter hoppa han over i det offentlege til Sjøfartsdepartementet. Her steller han med spesialfeltet sitt, maritim rett.

For han var det eit stort vonbrot at Litauen ikkje vart med i Euro-samarbeidet i 2005. Han tok opp lån i euro då han kjøpte husvære i sentrum av Vilnius, og han vedgår at han hadde satsa på at euro skulle bli valutaen også i Litauen.

Men økonomien var ikkje sterk nok, og EU sa nei. No må landet truleg vente til 2012 før det igjen kan bli aktuelt å blir eit euro-land.

Danielius Kazlovskis (t.v.) og Kristijonas Valatka er framleis EU-optimistar.
Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Dei to juristane er samde om at det vil vere bra for Litauen å kome med i euro-samarbeidet. Den store redsla er at den nasjonale valutaen, litas, skal bli devaluert. Euro er sikrare enn litas, uansett, meiner dei to.

Danielius sa i 2004 at han syntest det var bra at Litauen hadde sin eigen valuta, men i dag ser han ikkje det som viktig lenger. No vil han innføre euro så snart som mogleg.

Utrygge tider

For Kristijonas er det utrygge tider i departementet. Regjeringa har vedteke å redusere lønna til offentleg tilsette med 10 prosent, og 10 prosent av jobbane i byråkratiet skal bort.

- Mange er nervøse på jobben, og lurer på om det blir dei som må gå. Det er ingen god situasjonen, seier Kristijonas. Han vedgår at det er tøft å greie seg, sjølv for ein med god utdanning og fast obb.

Sist vi møtte Kristijonas var han røykjar, men no har han slutta. Ikkje først og fremst ut frå helsemessige årsaker, men mest fordi prisane på sigarettar har gått kraftig opp.

- Det nærmar seg norske prisar, og no må eg kutte utgiftene der eg kan, seier han.

Ein sjekk i butikkhyllene fortelat det rett nok er eit stykke igjen til norske prisar, men det er ingen tvil om at prisane har stige kraftig.

Usikker framtid

Danielius og Kristijonas er samde om at EU-medlemskapen har vore bra for det litauiske landbruket. Mange bønder har fått støtte til å kjøpe moderne utstyr, som traktorar, slik at bruka no blir drivne meir profesjonelt.

Gardane har blitt større. Det har vakse opp mange nye driftsbygningar, og det er mykje nytt utstyr å sjå.

Men ingen veit kva den økonomiske krisa vil føre med seg. I dag er arbeidsløysa i Litauen oppe i rundt 10 prosent og stadig aukande. I nokre regionar er det opp mot 20 prosent arbeidsledige.

Dei to lovkunnige unge mennene håpar at den globale krisa snart er over.

- Vi var på rett veg. Mange hadde fått eit betre liv med stabile inntekter. Så raknar det fullstendig, og mange misser jobbane sine. Vi kan ikkje anna enn håpe på at det snur, seier Kristijonas og Danielius.

Det litauiske flagget vaggar stolt i vinden, trass i krisa.

Det litauiske flagget blafrar stolt i vinden, trass i den økonomiske krisa.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt