NRK Meny
Normal

- Livet er betre no enn før

- Livet no er betre enn det var før Litauen kom med i EU, seier den pensjonerte bondekona Anele Jasinskiene.

Ekteparet Anele Jasinskiene og Steponas Jasinskas.

Ekteparet Anele Jasinskiene og Steponas Jasinskas seier dei har fått eit betre liv.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Ho er på besøk i hovudstaden Vilnius saman med mannen sin, Steponas Jasinskas, og ei gruppe med andre pensjonistar frå landsbyen Pagegiai, like ved grensa til den russiske enklaven Kaliningrad.

Vi møter dei på den store opne plassen utanfor den store katedralen i sentrum av byen, ein stad svært mange er innom i løpet av ein dag.

Populær president

Dei kjem frå eit besøk i presidentpalasset i gamlebyen, der gjestane skulle overrekkje ei gåve til presidenten

Men president Adamkus er ein oppteken mann, så han hadde ikkje tid til å møte dei. Det var skuffande, men pensjonistparet har stor forståing for at han er ein oppteken mann.

Ekteparet set stor pris på Adamkus, og meiner han har gjort ein god jobb som president. Og dei er heilt klare på at dei vil røyste på storfavoritten, EU-kommissær Dalia Grybauskaite, ved presidentvalet seinare denne månaden.

Har det betre

- Vi har det betre no enn for fem år sidan. Vi har rundt 1100 litas (2860 kroner) i månaden i pensjon, og det greier vi oss på, seier Anele. Det er ho som fører ordet, for mannen er så tunghøyrt at han har vanskar med å få med seg kva som blir sagt.

Ekteparet har overlate garden til neste generasjon og synest dei har det godt i pensjonisttilværet.

- Vi fekk EU-midlar til å modernisere garden. Det gjorde at vi kunne drive meir effektivt, og vi fekk større inntekter, sier Anele. Ho seier høgt inn i øyret til mannen det ho har sagt, og han nikkar samtykkjande.

Skremmande

- Korleis har finanskrisa verka inn på dykkar liv?

- Det er skremmande. I området der vi bur har det ikkje vore vanleg å låse dørene, vi har stolt på alle. Men no har det vorte meir kriminalitet. Vi kan ikkje vere trygge for det vi eig, seier bondekona.

Det å bu like ved den russiske enklaven Kaliningrad har også sine sider. Det er myke smugling over grenseelva som skil Pagegiai frå Kaliningrad.

- Vi opplevde at ein smuglar vart skoten av politiet. Det var ei uhyggjeleg oppleving, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt