Hopp til innhold

- Folk har blitt meir tolerante

- Ein effekt av EU-medlemskapen er at folk faktisk har blitt meir tolerante, seier studenten Joana Butenaite.

Joana Butenaite meiner folk i Litauen har blitt meir tolerante.

Joana Butenaite meiner folk i Litauen har blitt meir tolerante.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Joana studerer ved universitetet i Vilnius, det eldste universitetet i den austlege delen av Europa.

Ho meiner Vilnius og Litauen har utvikla seg positivt dei fem åra landet har vore medlem i EU.

Toleranse

- Eg har inntrykk av at folk har blitt meir tolerante, at vi forstår andre menneske betre, seier ho.

Men ho ser også at prisane har stige kraftig desse åra, utan at lønnene har stige like raskt. Men ho ser teikn til at folk sakte, men sikkert får det betre. Men den siste finanskrisa har nok stansa denne utviklinga litt, trur ho.

Joana synest også byen Vilnius har utvikla seg til det betre på desse åra. Gamle bygningar har blitt restaurerte og det skyt stadig opp nye bygg. Ho tek dette som eit godt teikn.

EU-medlemskapen har også ført med seg mange fordelar for studentar. Sjølv har ho eit studieopphald i Tyskland bak seg, og det hadde ho stor glede av. Både fagleg og sosialt, seier ho.

Europeisk kulturhovudstad

Ho er veldig spent på 2009. Vilnius er europeisk kulturby i år, og Joana har store forhåpningar til det som skjer av kulturelle storhendingar i byen. Rett nok har prosjektet støytt på økonomiske vanskar, men ho trur likevel at det blir mange fine opplevingar dette året.

Det kulturelle programmet er alt i gang, men det er først til sommaren det brakar laust for fullt. Då skal det skje noko heile tida i byen, og mykje av det skjer utandørs.

- Det kjem til å bli fenomenalt, seier den unge jenta.

SISTE NYTT

Siste nytt