Hopp til innhold

Har merka lite til EU

- Sant å seie har eg ikkje merka så mykje til EU-medlemskapen. Livet er om lag som det var for fem år sidan.

Nijole Miceviciene er bibliotekar ved ein vidaregåande skule i sentrum av Vilnius.

- Eg har ikkje merka så mykje til EU, seier Nijole Miceviciene.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Vilnius, Litauen: Det er Nijole Miceviciene som seier dette når vi møter henne igjen etter fem år. Ho er framleis bibliotekar på den same vidaregåande skulen i sentrum av Vilnius, hovudstaden i Litauen.

I 2004 sa ho at ho var EU-tilhengjar for borna si skuld, for at dei skulle få ei betre framtid. Men også då var tvilen der.

Les artikkelen frå 2004 her: Seier ja for borna si skuld

Ung nasjon

- Vi er ein ung nasjon. Vi må ikkje misse trua på at det skal bli betre i framtida, seier Nijole i dag, men det skin gjennom at ho ikkje greier å vere så veldig optimistisk.

Ho bur enno i det same trange husværet som for fem år sidan saman med mannen og dei to borna. Dei greier seg, men som dei fleste andre "vanlege folk" kan dei ikkje unne seg mykje ekstra.

I fjor haust gjekk Nijole saman med fleire tusen andre skuletilsette til ein omfattande streik med krav om høgare lønn. Bakgrunnen var dei stadig aukande prisane i landet.

Styresmaktene lovde ei lønsauke på 15 prosent for å få slutt på streiken.

Finanskrisa

No er Nijole redd for å misse denne lønnsauken. Finanskrisa, som har ramma Litauen hardt, har ført til ein ny situasjon for landet. Den eksplosive økonomiske veksten bråstansa i fjor haust, og økonomien har nærmast vore i fritt fall sidan.

Regjeringa har sett i verk tøffe tiltak for å møte krisa, blant anna ved å setje ned lønna til alle offentleg tilsette med 10 prosent. Så ho reknar med at den hardt tiltrengde lønnsauken vil bli borte.

Men håpet er at prisane etter kvart vil gå ned. Prisveksten har vore stor dei siste åra, men no er det teikn til stagnasjon også i prisane. Og finanskrisa rammar heile verda, så det har lite med EU-medlemskapen å gjere.

Utlandet

Borna til Nijole er begge elevar ved skulen ho arbeider på, Vilniaus Salomejos Neries Gimnazija. Dei er no 16 og 17 år gamle, og ho er glad for at det enno er nokre år før dei må ta avgjerda om dei skal satse på studiar i utlandet.

Ho fortel om ei niese som saman med mannen sin reiste til Noreg for over fem år sidan for å arbeide, og som trivst så godt her at dei ikkje vil tilbake til Litauen.

Svært mange litauarar har reist til utlandet for å arbeide eller studere. Fleire tusen arbeider i Noreg, men ei langt større gruppe har slått seg ned i det katolske Irland.

Det blir ei stor utfordring for styresmaktene i Litauen å ta mot dei mange arbeidarane som vender heim fordi det ikkje lenger er bruk for dei i utlandet. Men hittil har langt færre kome heime enn det styresmaktene har rekna med.

SISTE NYTT

Siste nytt