Hopp til innhold

Grybauskaite vann suverent

EU-kommissær Dalia Grybauskaite (53) har vunne ein suveren siger i presidentvalet i Litauen.

Dalia Grybauskaite blir truleg ny president i Litauen.

Dalia Grybauskaite ser ut til å vinne ein overveldande siger i presidentvalet i Litauen.

Foto: MINDAUGAS KULBIS / AP

Når ein tredel av røystenene var opptalde hadde ho ein oppslutning på 68 prosent.

Valdeltakinga blir meldt å ha vore så vidt over 50 prosent, og dermed blir det ingen andre valomgang.

Suveren siger

Ei valdagsmåling frå Baltic News Service viste at den uavhengige kandidaten Grybauskaite ser ut til å få 67,9 prosent av røystene, medan sosialdemokraten Algirdas Butvecius ser ut til å få 11,8 prosent.

Valdas Adamkus har vore president i Litauen i 10 år.

Valdas Adamkus har vore president i Litauen i 10 år.

Foto: PETRAS MALUKAS / AFP

Etter den litauiske grunnlova blir det ikkje ein andre valomgang dersom ein av kandidatane får over 50 prosent av røystene, og at valdeltakinga er over 50 prosent.

Dalia Grybauskaite er ikkje knytt til noko av dei politiske partia i Litauen, og ho har gjort ein god jobb som EU-kommissær med ansvar for finansiell planlegging og budsjett.

Ho er kjend som kunnskapsrik og debattsterk, og har Maragaret Thatcher og Winston Churchill blant sine politiske heltar. Det høyrer også med at ho har svart belte i karate.

Politikarforakt

Det er utbreidd politikarforakt i landet, men Grybauskaite har ikkje blitt ramma av dette. Litauen gjennomlever ei alvorleg økonomisk krise, og det politiske miljøet har vore prega av skandalar og skuldingar om korrupsjon.

Den sitjande presidenten, Valdas Adamkus, er også svært populær, men han har vore statsoverhovud i 10 år, og kan ikkje stille til attval for ein ny periode. Ein presidentperiode er på fem år, og ingen kan sitje lenger enn to periodar.

Presidenten i Litauen har ikkje mykje politisk makt, men har ei viss innverknad på den økonomiske politikken, utanriks- og forsvarspolitikken i samarbeid med regjeringa.

SISTE NYTT

Siste nytt