Hopp til innhold

Etter rekordvarm sommar på Svalbard: – Ekstrem nedsmelting på breen

Då glasiologen Jack Kohler kom til Austre Brøggerbreen på Svalbard i haust, blei han kraftig overraska. Over tre meter av isen ved brefronten hadde smelta vekk. Det er rekord. Og ein istunnel var no blitt ei grøft.

Glasiolog Jack Kohler på Austre Brøggerbreen på Svalbard

Glasiolog Jack Kohler viser kor mykje is som har smelta nær fronten av Austre Brøggerbreen.

Foto: Sondre Sandbakken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den erfarne glasiologen frå Norsk Polarinstitutt kjenner Austre Brøggerbreen ved Ny-Ålesund svært godt. Han har jobba her kvar sommar i 20 år.

Norsk Polarinstitutt starta målingane på breen i 1967. Dei set ut stakar fleire stader på isen, og gjer også andre målingar her.

Sommaren 2020 er den varmaste som er registrert på Svalbard. I Longyearbyen blei det i juli sett varmerekord, med 21,7 grader. Gjennomsnittstemperaturen for sommaren var tre grader over normalen.

Jack Kohler var førebudd på at resultatet av varmen også ville vere godt synleg på breen. Men han blei likevel overraska då han kom fram til målestake nummer 4, som står nær brefronten, ca. 100 meter over havet.

Glasiolog Jack Kohler på Austre Brøggerbreen på Svalbard

Glasiolog Jack Kohler på Austre Brøggerbreen på Svalbard.

Foto: Sondre Sandbakken / NRK

Tunnel gjennom isen blei til grøft

– Dette året har jo vore spesielt, med varmerekord i sommar, og veldig lite snø sist vinter. Men eg blei forbausa då eg såg at staken hadde lagt seg over på sida, og at eg kunne loggføre eit istap på 3,2 meter frå april til september, seier Kohler.

I fjor minka breen med 2,4 meter på dette målepunktet.

– Nedsmeltinga har vore ekstrem i sommar. I snitt har Austre Brøggerbreen blitt nesten 2 meter tynnare. Vi har aldri målt så stort istap i ein sesong som i år, seier Kohler.

Men det var ikkje berre observasjonane ved aluminiumsstakane ute på breen som overraska.

– Ein tunnel som før gjekk på tvers, under isen, er no heilt open. Då eg første gong kom hit i 2000, var det 35 meter is over denne tunnelen. Den har minka gradvis, og no er all is borte. No er det ikkje ein tunnel her meir, det er ei grøft med store mengder rennande vatn. Det er rart å sjå, fortel Kohler.

Kenneth Landsem i midnatssola

Sommaren har vore rekordvarm på Svalbard. Biletet er tatt i flytårnet på Svalbard lufthavn ein varm julikveld. No kan forskarane sjå korleis varmen har påverka isbreane.

Foto: Kenneth Landsem

– Trist utvikling

– Korleis opplever du personleg å sjå dei store endringane her?

– Som forskar synest eg det er interessant og spennande, eg skal vere med på både å observere, analysere, forklare og formidle. Men som menneske synest eg det er trist å sjå utviklinga. Det er det same vi ser over heile verda, spesielt på Grønland, seier Kohler.

Ein studie frå Norsk Polarinstitutt viser at breane på Svalbard i gjennomsnitt har blitt ein halv meter tynnare per år dei siste sju åra.

Ban Ki-moon ved Blomstrandbreen på Svalbard

Klimaendringane i Arktis har fått stor internasjonal merksemd. I juli 2015 besøkte dåverande generalsekretær i FN, Ban Ki-moon Svalbard, som ein del av førebuingane til klimatoppmøtet i Paris. Her er han og kona Ban Soon-taek ved Blomstrandbreen nær Ny-Ålesund.

Foto: Eivind Molde / NRK

Også havisen krympar

Også ute i Polhavet, nordover frå Svalbard, har varmen tært på isen. Det er høgare temperatur både i lufta og i havet. Sjøisen i Arktis har i år smelta til det nest lågaste nivået som er målt på over 40 år.

På det minste dekka isen eit område på til samen 3,74 millionar kvadratkilometer, ifølgje National Snow and Ice Data Center (NSIDC). Dette er rundt 30 prosent mindre enn på 80-talet. Satellittmålingane starta i 1979. Rekorden kom i 2012, med 3,39 millionar kvadratkilometer is.

NSIDC meiner isnivået var minst 15. september. Smeltinga gjekk ekstra raskt i perioden 31. august til 5. september, på grunn av varm luft frå den kraftige varmebølgja i Sibir. Målingane viser at det smelta meir is desse seks dagane enn i nokon annan tilsvarande tidsperiode tidlegare, ifølgje NSIDC.

Også månaden før blei set sett rekord. Det har aldri før blitt målt så lite havis i Arktis i juli som i år.

Framstredet 2019

Forskarar i arbeid på havisen i Framstredet i fjor. I bakgrunnen ser vi forskingsfartøyet Kronprins Haakon.

Foto: Jean Negrel / Norsk Polarinstitutt

– Heilt vilt!

– Det har vore eit heilt vilt år i nord, med issmelting nær rekordnivå, hetebølgje i Sibir og omfattande skogbrannar, seier direktøren for NSIDC, Mark Serreze.

Også Nansensenteret har gjort berekningar som viser at 2020 blei året med nest mest issmelting i Arktis.

– Det er ikkje overraskande at vi kom nær eit nytt absolutt isminimum i år. Gjennom heile året har det vore målt høgare lufttemperatur enn normalt langs både den europeiske og asiatiske Sibir-kysten. I mai blei det målt over 25 grader fleire stader nord for polarsirkelen, og gjennomsnittstemperaturen i sentrale delar av Sibir var 12 grader høgare enn normalt, seier seniorforskar Lasse H. Pettersson.

Isdekket i Arktis 15. september 2020

Isdekket i Arktis 15. september 2020. Den oransje linja viser gjennomsnittet for same dato i perioden 1981 til 2010.

Grafikk: National Snow and Ice Data Center

– Sjølvforsterkande effekt

Den kvite isen reflekterer strålinga frå sola tilbake til atmosfæren. Men når isen blir erstatta med ei mørk havoverflate, skjer ikkje det.

Seniorforskar Lasse H. Pettersson, Nansensenteret

Lasse H. Pettersson, seniorforskar ved Nansensenteret.

Foto: Lars-Gunnar Persson / Nansensenteret


– Polhavet absorberer då meir av solvarmen, blir varmare og vil igjen bidra til å akselerere smeltinga av sjøisen i løpet av sommaren. Vi får ein sjølvforsterkande effekt, seier Pettersson.

Mange forskarar er uroa over følgjene isforholda får for alt liv her, som isbjørn, sel, kvalross, plankton og algar.

Greenpeace har i haust hatt eit skip i Polhavet, med aktivistar og forskarar om bord. Ein av dei er dr. Kirsten Thompson, som føreles i økologi ved Universitetet i Exeter i Storbritannia.

– Det vi ser no, viser kor raskt og kor omfattande dette området endrar seg. Arktis er eit heilt spesielt leveområde for mange artar. Nokre artar kjem dessverre til å døy ut i åra som kjem, andre som ikkje har vore her før, vil komme. Vi veit eigentleg ikkje nok om kva verknaden av desse endringane kjem til å vere i framtida, seier Kirsten Thompson.

Isbjørn i Framstredet

Isbjørn i sitt rette element, på isen i Framstredet mellom Svalbard og Grønland i september.

Foto: Amalia Keck / Norsk Polarinstitutt

– Ingen «kvikk fiks» for Arktis

Oppvarminga i Arktis går dobbelt så fort som andre stader på jorda. Resultatet er mindre is på havet, mindre is på land. Kim Holmén, internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt, ser med uro på utviklinga.

Kim Holmén, internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt

Kim Holmén, internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: SONDRE SANDBAKKEN / NRK


– Det vi ser i år er ein del av ein trend som vi har hatt lenge, med meir og meir smelting. Det får konsekvensar her, og det påverkar ver og klima andre stader på jorda. Det er eit globalt problem. Arktis er eit faresignal. Årsaka til det som skjer, er for ein stor del utslepp av klimagassar, seier Holmén.


– Vi må sjå på korleis vi endrar planeten. Vi misser eit heilt økosystem, ein heil naturtype her oppe, og då må menneska tenkje over kva ansvar dei har for det, seier han.

Michael Tjernström er meteorolog og professor ved Universitetet i Stockholm. Også han er uroa over den utviklinga han ser i Arktis.

– Det er ingen «kvikk fiks» for Arktis. Den einaste løysinga på dette problemet er å stoppe den globale oppvarminga. Det er ingen annan måte å ta vare på dette området på enn ved å endra haldinga vår til klimaendringane. Det er berre ei løysing - nemleg å stoppe bruken av fossile brennstoff, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt