Hopp til innhold

Klare for fredssamtaler om krigen i Etiopia

Både Etiopias regjering og Tigrays frigjeringsparti seier at dei vil delta i fredssamtaler i regi av Den afrikanske union. Planen er at partane skal møtast på måndag.

KOBx32ceEYo

Ei stor svart sky hang over Tigrays største by, Mekelle, etter eit angrep i oktober i fjor.

Foto: AP

Kritikken mot Etiopias regjering har auka i det siste, etter fleire nye angrep mot mål i delstaten Tigray.

Dei ferske angrepa kjem i tillegg til den omfattande blokaden som har ført til mangel på mat, medisinar og anna viktig utstyr i Tigray.

Les også Etiopia: Minst 50 flyktningar drepne i luftangrep på skule

Ethiopia Tigray Crisis

Massiv kritikk

Den humanitære situasjonen gjer Tigray til ein av stadane i verda kor nauda er størst akkurat no.

Ein av dei som har vore kritiske til situasjonen i Etiopia er FNs generalsekretær, António Guterres, som åtvarar om at situasjonen i Etiopia er i ferd med å komme ut av kontroll.

Også direktør i Verdas Helseorganisasjon, Tedros Adhanom Ghebreyesus, som sjølv har familie i Tigray, har uttalt seg kritisk denne veka. Han meiner at det no berre eksisterer «ei lita opning for å unngå folkemord» i Tigray.

Denne veka kom også Human Rights Watch med eit forslag om å innføre sanksjonar mot Etiopia, og mellom anna at det skal bli stans i sal av våpen til landet.

Tidlegare fredsforsøk har stranda

I dag seier ein nær rådgjevar til statsminister Abiy Ahmed at regjeringa er klare til å delta i fredssamtaler som er planlagd å starte i Sør-Afrika på måndag. Ifølgje rådgjevaren er det kommisjonen i den Afrikanske Union som har kalla inn til forhandlingane.

Ein representant for Tigrays Frigjeringsfront (TPLF) har blitt spurt av nyheitsbyrået AFP om dei vil delta i forhandlingane, og svarer at dei «allereie har annonsert at dei vil ta del i ein prosess leia av Den afrikanske union».

Det har vore mykje fram og tilbake om moglege fredssamtaler sidan august, då ei våpenkvile vart brote.

Seinast for to veker sidan skulle fredssamtaler ha starta, men dei vart då utsett av «logistiske årsaker».

LthIZxDp2H4

Etioparar over heile verda har engasjert seg i konflikten som pågår i heimlandet. Nokre støtter regjeringa, andre støtter TPLF. Slik som desse som gjekk framfor Det kvite hus i Washington med Tigray sitt flagg.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

Påstår bruk av russiske og iranske våpen

I mellomtida har altså Etiopia halde fram sine angrep, til stadig aukande kritikk frå omverda. Dei siste dagane har etiopiske styrker skaffa seg kontroll over fleire byar i Tigray.

Mykje tyder på at Etiopia no har skaffa seg eit militært overtak etter to år med blokade rundt Tigray, som har hindra våpen - men også andre varer - frå å komme inn i delstaten.

Etiopia har også kjøpt mykje nytt militært utstyr dei siste åra, mellom anna frå Russland. I juli skreiv også det statlege russiske nyheitsbyrået Tass at Etiopia og Russland var klare til å sette i gang eit «militær-teknisk samarbeid». Den nyheita kom rundt same tidspunkt som Russlands utanriksminister, Sergei Lavrov, besøkte Etiopia.

USA har også påstått at Etiopia har tatt i bruk dronar frå Iran i krigen i Tigray.

Les også No kjempar stormaktene om Afrikas gunst

Antony Blinken fekk tydeleg beskjed frå Sør-Afrikas utanriksminister, Naledi Pandor: Sør-Afrika vil ikkje la seg herse med.

Ueinige på fleire punkt

Den etiopiske regjeringa og deira motpart i Tigray har vore ueinige om fleire ting som til saman har hindra at fredssamtaler kan starte.

Nokre av det partane har vore ueinige om er:

  • Kven skal vere mellommann og mekle i forhandlingane?
  • Skal dei væpna styrkane i Tigray legge ned våpena sine før forhandlingar kan starte?
  • Skal Etiopia få i gang igjen grunnleggande tenester i Tigray, slik som internett og straum, før samtaler kan starte?

Dei to partane er også ueinige om det meste anna rundt krigen. Slik som kva som skjer av ugjerningar på bakken og kven som utførte det første angrepet som starta den væpna konflikten.

Om ein fredsavtale til slutt kjem på plass så betyr ikkje det nødvendigvis at alle utfordringar rydda av banen.

For den etiopiske regjeringa taler ikkje nødvendigvis på vegner av alle sine samarbeidspartnarar. Militære grupper frå delstatane Afar og Amhara, samt nabolandet Eritrea, har også vore med på å kjempe mot Tigrays hær.

Det er langt frå sikkert at alle desse aktørane vil stille seg bak ein fredsavtale som den etiopiske regjeringa forhandlar fram.

Les også Det går rykte om ein fredsavtale i Etiopia – men avtalen kan skape meir bråk enn fred

Soldatar frå Etiopias regjeringshær marsjerer på eit arrangement til støtte for statsminister Abiy Ahmed.

Stort og komplisert bakteppe

Krigen i Tigray oppstod etter at Abiy Ahmed tok over makta i Etiopia og gjennomførte fleire store endringar som førte til at dei tidlegare makthavarane i Etiopia, Tigrayfolkets frigjeringsfront (TPLF), mista mykje makt.

Abiy oppløyste det tidlegare regjeringspartiet EPRDF, som var eit parti der representantar frå fleire av Etiopias folkegrupper var representerte. Abiy danna i staden for sitt nye Prosperity Party.

I tillegg ønska Abiy Ahmed å flytte meir makt frå delstatsnivå og inn til sentralregjeringa i hovudstaden. Dette ville ført til at TPLF mista makt i sin eigen delstat, Tigray.

Landet har lenge hatt ein føderal modell der ulike delstatsregjeringar har hatt mykje makt. Denne modellen har ført til at etniske skiljeliner har halde seg sterke, og at samarbeid på tvers av delstatar til tider har vore utfordrande.

Men den føderale modellen har samtidig bidratt til at ulike mektige folkegrupper og politikarar i Etiopia har kunne samarbeide på nasjonalt nivå, samtidig som dei også har makt i sin eigen delstat.

Abiys uttalte ønske var å samle Etiopia meir. Dette er ein visjon som var viktig då han tok over makta i Etiopia og gjennomførte endringane som gav han Nobels fredspris.

– Det finst ikkje noko «oss og dei.» Det finst berre «oss» for me alle bundne saman med kvarandre fordi me deler ei felles skjebne av kjærleik, tilgjeving og forsoning, sa Abiy Ahmed i sin tale i Oslo Rådhus etter å ha fått Nobels fredspris.

No er situasjonen på bakken i Etiopia ganske langt unna det Abiy snakka om i Oslo i 2019.

Da9tuESKlE8

Fredsprisvinnar Abiy Ahmed har fått mykje kritikk for å føre krig mot TPLF og Tigray.

Foto: Mulugeta Ayene / AP

Også massiv kritikk retta mot TPLF

For å forstå dagens konflikt i Etiopia må ein også forstå den politiske situasjonen i tida før Abiy Ahmed tok over.

Då var det TPLF som hadde mest makt i Etiopia, og deira politikk skaffa dei også mange fiendar. Og det er nokre av desse fiendane som i dag er med i krigen mot TPLF i Tigray.

I tida før Abiy Ahmed tok over var det store protestar i Etiopia mot regimet som den gong vart leia av TPLF, og mange demonstrantar vart drepne.

Mange av desse demonstrantane kom frå andre etiopiske delstatar enn Tigray, og dei meinte at TPLF stod for ein diskriminerande politikk. Etiopia under TPLF fekk også internasjonal kritikk for å autoritært styre og brot på menneskerettane.

Også under krigen i Etiopia dei siste åra har TPLF blitt møtt med kraftig kritikk. Styrker frå Tigray står bak angrep i nabodelstatane, og er skulda for å stå bak massakre mot landsbyar.

Begge sider i krigen er skulda for å stå bak krigsbrotsverk som mellom anna seksuell vald og angrep på sivile.

SISTE NYTT

Siste nytt