Krigen som ingen får sjå

Eit sjeldan innblikk til dagleglivet i Tigray

Med ei knirkande stemme fortel Ayaleno Fakiros at det er mange veker sidan han sist fekk i seg mat.

52-åringen vart sjuk, men medisin og sjukehus kunne han berre gløyme.

Han og familien veit at døden er rett rundt hjørnet.

Spora av krigen finn ein overalt.

Nokre dagar er det stille, og andre dagar ljomar lyden av artilleri mellom dei mange fjella i Tigray.

Delstaten lengst nord i Etiopia er krigens sentrum. Difor har Tigray vore blokkert frå omverda i lange tider.

Blokaden hindrar import av våpen. Men også mat og medisinar. På marknadane er utvalet tynt.

5,2 millionar menneske er i akutt mangel på mat, ifølge Verdas Matvareprogram.

Det er nesten like mange som det bur i heile Noreg.

Og det er borna som er mest mottakelege for sjukdom når magen roper på mat.

Og ein av dei aller mest sårbare er sju månader gamle Amanuel.

Amanuel får ikkje nok mjølk frå mammas bryst. Så han var kraftig underernært då to franske fotografar fekk lov å ta bilete av han og mamma i juni i år.

Dei to var heldige og fekk litt næringstilskot på ein av dei få helseklinikkane i Tigray som er opne.

Var hjelpa nok til å kunne redde Amanuels liv? Det veit ikkje fotografane som måtte reise vidare.

Soldatane og krigen bidreg til all nauda. Desse soldatane tilhøyrer Tigrays Forsvarsstyrkar.

Kampen handlar om makt. Ressursar. Landjord.

Men også om langvarige konfliktar mellom ulike folkeslag og delstatar.

Tigray har mange fiendar.

Slik som desse soldatane frå Etiopias regjeringshær som er tekne til fange og fengsla i Tigray.

Regjeringshæren har fått støtte i krigen mot Tigrays hær. Frå nabolandet Eritrea, og Tigrays nabodelstatar Amhara og Afar.

Mørke skyar har hengt over Etiopia i to år.

Skuldingane går i alle retningar. Krigens reglar er brotne fleire gonger.

Flest angrep har vore retta mot Tigray, men hæren i Tigray står også bak angrep i andre delstatar.

Statsminister Abiy Ahmed har tidlegare fått Nobels fredspris.

Det skjedde i 2019. Men allereie då åtvara fleire om at Etiopias fred var skjør.

Abiys ønske om ein reform, der makt skal flyttast frå landets delstatar og inn til hans sentralregjering skapte bråk.

Mange meiner mykje om politikken som har forårsaka krigen.

Men uansett kva ein meiner, så er det heva over ein kvar tvil at situasjonen er aller verst for dei sivile. Og spesielt ille er det altså i Tigray.

Nokre få kolonnar med lastebilar med naudhjelp har fått kome inn, Men det er få.

Blokaden rundt Tigray har vore massiv og vart lenge. Mat og medisin har blitt luksusvarer.

Folk som flyktar frå krigen, flyktar også bort frå åkrane sine.

Det gjer nauda endå større.

Kjem snart freden til folket i Tigray og resten av Etiopia?

Vegen dit er lang, men det kan skje.

I krigens kulissar blir det no snakka om fred.

Så langt har partane ikkje klart å finne felles grunn til å starte forhandlingar.

Men Etiopia har klart å skape fred før, og kan klare det igjen.

Journalist i Oslo

Vegard Tjørhom

Foto

Olivier Jobard

Journalist i Tigray

Charles Emptaz

Utanriksredaktør

Sigurd Falkenberg Mikkelsen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal