Hopp til innhold

Etiopia - blodig opprør i stadig meir lukka land

Eit blodig opprør er på gang i Etiopia, men det er vanskeleg å få ut uavhengig informasjon om det som skjer. Mange journalistar er i fengsel, og få utanlandske kollegaer slepp inn i landet.

Eit blodig opprør er på gang i Etiopia, men det er vanskeleg å få ut uavhengig informasjon om det som skjer. Mange journalistar er i fengsel, og få utanlandske kollegaer slepp inn i landet.
Urix ved blant annet programleder Hege Moe Eriksen ser på situasjonen i landet

VIDEO: Sjå Urix om Etiopia.

Uroa i Etiopia har fått lite merksemd i Europa, trass i at rundt 500 menneske er drepne under demonstrasjonar mot styresmaktene det siste året.

Det er over 90 ulike etniske grupper i Etiopia. Oromoane og Amharane er dei største, og utgjer rundt 60 prosent av innbyggjarane. Demonstrantane kjem i stor grad frå desse to folkegruppene. Dei fleste i makteliten kjem frå Tigrean-folket, som representerer seks prosent.

Flyktar frå Etiopia

Demonstrsjon mot regjeringa i Etiopia.

Demonstrantar ropar slagord mot regjeringa under ein demonstrasjon i Bishoftu i Etiopia 2. oktober.

Foto: Stringer / Ap

Uroa har ført til at mange no flyktar frå Etiopia til flyktningleiren Dadaab i Kenya. Samstundes er Etiopia eitt av dei landa i verda som tek mot fleste flyktningar. Fleire hundre tusen menneske har søkt tilflukt der frå blant anna Somalia og Sør-Sudan.

Regjeringa i Addis Abeba har gitt egyptiske og eritreiske styresmakter skulda for at dei har vorte nøydde til å innfør unntakstilstand, den første i Etiopia på 25 år. Talsmann for den etiopiske regjeringa, Getachew Reda, skuldar Kairo for å trene og finansiere Oromo-frigjeringsfronten.

Etiopiske styresmakter ser på Oromo-fronten som ein terrororganisasjon.

Egyptiske styresmakter avviste seinaste sist veke at landet støttar dei etiopiske opprørarane. Forholdet mellom Egypt og Etiopia er dårleg, mykje på grunn av krangel om vassressursane i Nilen.

Angela Merkel og Hailemariam Desalegn.

Angela Merkel møtte Etiopias statsminister Hailemariam Desalegn i Addis Abeba i dag.

Foto: ZACHARIAS ABUBEKER / Afp

Lovar endring av vallova

Etter innføringa av unntakstilstand søndag, sa den etiopiske presidenten i eit møte i parlamentet måndag at vallova skal endrast, slik at fleire politiske parti skal få delta i val. Det skal også gjelde parti i opposisjon til den noverande regjeringa, sa han.

I løpet av det siste året er menneske drepne i demonstrasjonar mot styresmaktene, ifølgje menneskerettsgrupper og aktivistar.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel vitja Addis Abeba i dag. I eit møte med statsminister Hailemariam Desalegn sa ho at det er viktig med større fridom.

– Eit ope og levande sivilt samfunn er ein viktig del av samfunn i utvikling, sa ho blant anna.

Flere tråkket i hjel under demonstrasjon i Etiopia

– Streng kontroll

Gerald Folkvord i Amnesty Norge.

Gerald Folkvord i Amnesty er uroa over menneskerettssituasjonen i Etiopia.

Foto: NRK

Gerald Folkvord i Amnesty Noreg seier at det er vanskeleg å få ut opplysningar frå Etiopia, fordi styresmaktene har ein veldig streng og konsekvent kontroll over informasjonsflyten. Det er eitt av landa i verda der flest journalistar er i fengsel.

– Vi veit at mellom 400 og 500 er drepne i løpet av det siste året. Det verkar som om styresmaktene har gradvis trappa opp undertrygginga. Berre i løpet av to dagar i august vart 100 demonstrantar drepne, seier Folkvord.

Han meiner det er viktig at Angela Merkel tok opp dette spørsmålet i samtalane i Addis Abeba i dag, men at det står att å sjå om at regjeringa vil leve opp til lovnadene om å tillate at fleire politiske grupper får delta i val.

SISTE NYTT

Siste nytt