Hopp til innhold

No kjempar stormaktene om Afrikas gunst

Plutseleg bruker USA, Russland og Frankrike tid og krefter på å pleie sine afrikanske venskap. – Det er ein ny kald krig, seier ekspert på amerikansk Afrika-politikk.

Antony Blinken fekk tydeleg beskjed frå Sør-Afrikas utanriksminister, Naledi Pandor: Sør-Afrika vil ikkje la seg herse med.

Antony Blinken fekk tydeleg beskjed frå Sør-Afrikas utanriksminister, Naledi Pandor: Sør-Afrika vil ikkje la seg herse med.

Foto: Andrew Harnik / AP

– USAs tilnærming til Afrika har vore den same i ganske lang tid. «Afrika er eit viktig kontinent, men ikkje så viktig». No har det skjedd ei endring. USA ser no på Afrika som ein viktig strategisk samarbeidspartnar.

Det seier Gilbert Khadiagala, som leiar African Centre for the Study of the United States, og som er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Witwatersrand i Sør-Afrika.

Færre peikefingrar enn før

Denne veka følger professoren nøye med på USAs utanriksminister Antony Blinken, som reiser frå hovudstad til hovudstad i Afrika.

Blinken starta i Sør-Afrika, der han presenterte USAs rykande ferske Afrika-plan. Deretter gjekk turen til Den demokratiske republikken Kongo, før reisa blir avslutta i Rwanda.

Khadiagala meiner at USAs nye plan også viser ei ganske ny amerikansk tilnærming til Afrika.

Han meiner utanriksminister Blinken så langt på Afrika-reisa si har vist at USA har bestemt seg for å snakke om tema som USA og Afrika har til felles, i staden for å dra fram peikefingeren og snakke om dei tema som dei er ueinige om.

Velkommen, står det på ein plakat i Kinshasa, og det er bilete av Antony Blinken.

Velkommen, står det på ein plakat i Kongos hovudstad, Kinshasa. På plakaten er det bilete av Antony Blinken.

Foto: Andrew Harnik / AP

Sør-Afrikas utanriksminister vil ikkje bli «hersa» med

I den nye amerikanske Afrika-planen står det riktig nok at USA vil jobbe for opne samfunn for å motverke «skadelege aktivitetar frå Kina, Russland og andre utanlandske aktørar».

Men i staden for å overtale afrikanske land til å vende ryggen til Kina og Russland, så meiner professoren at Blinken heller bruker kreftene på å få fram kva USA kan tilby.

– Blinken var veldig dempa i sin kritikk. Og eg trur det var ein gjennomtenkt strategi å legge vekt på dei tema som sameinar Afrika og USA, seier Khadiagala om møta i Sør-Afrika i starten av denne veka.

Gilbert M. Khadiagala

Kenyanske Gilbert Khadiagala har jobba med å forstå seg på Afrikas rolle i verda i fleire tiår. No er professoren basert i Johannesburg i Sør-Afrika.

Foto: Columbia University

Og ein del kan tyde på at Blinken valde riktig strategi. For då han og Sør-Afrikas utanriksminister, Naledi Pandor, haldt pressekonferanse, var den sørafrikanske ministeren tydeleg på kva ho synest om dikteringar frå stormakter.

– Ein ting eg definitivt mislikar er å bli fortalt at ein anten må gjere slik, eller så... Eg vil ikkje bli hersa med på den måten, og det trur eg heller ikkje andre afrikanske land vil, sa Pandor til det frammøtte pressekorpset, ifølgje Washington Post.

Professor Khadiagala meiner kommentaren frå Pandor speglar det mange afrikanske land tenkjer. Dei er opne og interesserte i eit samarbeid med USA, men dei vil også kunne bestemme sjølv om dei vil samarbeide med andre land.

Antony Blinken og Sergej Lavrov

Sergej Lavrov og Antony Blinken har same jobb. Men dei to utanriksministrane står for ganske så ulik politikk. Tidlegare i år deltok dei begge på ASEAN-toppmøte i Asia.

Foto: Andrew Harnik / AP

Stormaktene står i kø

Og det manglar ikkje på land som vil samarbeide med Afrika.

  • Frankrike sende presidenten sin på tur til Afrika tidlegare i sommar, og den gamle europeiske stormakta har heilt sidan kolonitida sett på sine tidlegare koloniar som viktige samarbeidspartnarar.
  • Kina har i mange år hatt sine mange ingeniørar på plass for å bygge ei lang rekke bygg, samt vegar og jernbane. I tillegg investerer Kina stort i afrikanske naturressursar.
  • Og dei siste par åra har Russland styrka sitt samarbeid med enkelte afrikanske land, og det er spesielt leigesoldatar og våpen som russarane tilbyr.

Khadiagala meiner Russlands diplomatiske innsats dei siste åra fekk forsterka kraft då mange afrikanske land stemte blankt då FNs generalforsamling stemte over ein resolusjon med omfattande kritikk av Russlands invasjon av Ukraina.

Les også Mens verda vel side i krigen, står Afrika helst i midten

ow4smjIeEQw

– Det var venta at mange land skulle vere kritiske til Russland. Men den avstemminga har gitt Russland tru på at Afrika kan mobiliserast til å lene seg mot Russland, seier Khadiagala.

Russlands utanriksminister har også han vore på Afrika-turné i sommar. Sergei Lavrov var på rundreise i Afrika samtidig som Frankrikes president, Emmanuel Macron. Til saman har ti afrikanske land hatt besøk av dei tre mektige mennene.

Leiarar frå tre land har besøkt ti afrikanske land på få veker.

– Det er veldig tydelege forskjellar på korleis USA og Russland forholder seg til Afrika, seier Khadiagala.

Mens USA snakkar om demokrati og openheit, så har Russland langt mindre problem med å snakke med autoritære og udemokratisk regime, meiner professoren.

– Putin er jo sjølv autoritær, så han har jo inga interesse av å snakke varmt om ting som han ikkje sjølv står for på heimebane. Og derfor har Russland ingen problem med å engasjere seg i land som Den sentralafrikanske republikk, Mali og Uganda, seier Khadiagala.

Les også Dronevideoen frå Sahara er Frankrikes svar på russisk massakrepropaganda

Dronevideo

Russland med ei anna tilnærming

For Russland har Afrika-satsinga handla mykje våpen og tryggleik. Seinast denne veka fekk Mali nye kampfly levert frå sine nye russiske vener. Tidlegare har leigesoldatar og våpen vore noko Russland kan tilby både Mali og fleire andre statar i Afrika.

Mens Russland må tole å bli kritisert for mangelen på demokrati og respekt for menneskerettar, så blir vestlege leiarar stadig minna på kva historiebøkene fortel om den kvite mann i Afrika.

Og det er spesielt kolonitida som blir trekt fram, også av Sergei Lavrov då han talte på sine turar rundt i Afrika i juli.

Han fekk ifølge Deutche Welle sagt at Russland aldri har «skitna seg til med blodige, koloniale brotsverk» og har vore «trufaste støttespelarar til afrikanarar sin kamp for å bli frigjorde frå kolonial undertrykking».

Etiopias og Russlands utenriksministre drikker kaffi i Addis Abbeba

Demeke Mekonnen og Sergej Lavrov drakk kaffi saman då dei utanriksministrane møttest i Etiopia i juli.

Foto: RUSSIAN FOREIGN MINISTRY / Reuters

– Ny kald krig

Lavrov veit også at mange afrikanarar framleis hugsar at Sovjetunionen spelte ei viktig rolle for ein del frigjeringsgrupper. Det gjeld spesielt i Mosambik og Angola, der opprørsgrupper fekk våpenstøtte frå Sovjetunionen for å nedkjempe Portugal.

Den dag i dag er det framleis kommunistiske symbol i flagga til dei to landa.

Under den kalde krigen vart afrikanske land viktige brikker og allierte i USA og Sovjetunionen sin kamp om verdsherredøme. Med Ukraina-krigen og ein tilspissa internasjonal situasjon, kan ein sjå tendensar til det same igjen, meiner Khadiagala.

– Det er ein ny kald krig. Russland har veldig tydeleg gått tilbake til sin tidlegare tankegang om at dei treng partnarar over heile verda, og også partnarar som ikkje nødvendigvis er fiendar av USA.

zeN9COPU6kI

Emmanuel Macron var mellom anna i Benin då han besøkte Afrika i sommar.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Dei mange besøka frå toppolitikarar frå fjern og nær kjem til å bli følgt opp i nær framtid. USAs president Joe Biden har invitert afrikanske leiarar til toppmøte i Washington DC i desember, og visepresident Kamala Harris skal delta på eit stort businessmøte i Marrakech.

Også Russland skal arrangere eit nytt stort Afrika-toppmøte, slik dei hadde i Sotsji i 2019. Eit nytt møte var planlagd i år, men sidan Russland har gått til krig mot Ukraina er møtet no flytta til 2023.

Les også Russland og Mali knyt stadig tettare band. Kan skyve Frankrike ut på sidelinja

9xefZB0Xemc

SISTE NYTT

Siste nytt