Brutal krig, blokade, massakre, svolt og etniske motsetnader. Dei siste åra har vore turbulente for Etiopia.
No har landet også store økonomiske problem. Matprisane skyt i vêret. I tillegg skaper ei omfattande tørke svolt i Etiopa og andre land på Afrikas Horn.
Det positive er at konflikten i Tigray har roa seg. Her har det vore krig eit halvanna år og ein stadig verre situasjon for sivile. Mykje tydar på at det no går føre seg fredssamtaler i kulissane.
Statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed har antyda at han er open for å bli med på fredsforhandlingar. Også ein talsperson for motparten, TPLF, seier til avisa The East African at dei er klare for å bli med på forhandlingar.
Problemet er berre at det å skape fred med ei gruppe i Etiopia fort kan føre til konflikt med ei anna gruppe.
Abiy Ahmed var eit stort smil då han i 2019 fekk Nobels fredspris for fredsavtale med nabolandet Eritrea. No kan ein ny fredsavtale vere i emning.
Foto: Heiko Junge / NTB– Abiy står framfor dei vanskelegaste hindera. Då han bygde ein koalisjon for å føre krig, så øydela han samtidig for dei som støttar fred, skriv professor og Etiopia-analytikar Alex de Waal i eit innlegg på nettstaden Responsible Statcraft.
Analytikaren meiner Abiy Ahmed er avhengig av ein truverdig fredsprosess for å overleve som statsminister i Etiopia.
Abiy Ahmed har mykje å tenke på etter at krigføringa i Tigray har køyrd seg fast i eit spor.
Foto: EDUARDO SOTERAS / AFPIngen har klart å vinne i Tigray
Tigrayfolkets frigjeringsfront (TPLF) har vore hovudfienden til Etiopias regjering i meir enn eit og eit halvt år.
Etter halvanna år med krig har konflikten køyrd seg fast. Ingen av partane har klart å vinne ein militær siger.
Rykta om fredssamtaler har aldri blitt stadfesta. Likevel vart dei forsterka då statsminister Abiy i juni sa at han «ønskjer fred med alle».
I tillegg sa han at det er oppretta ein «studiekomité» som skal drive med forhandlingar.
– Denne fredsprosessen er ikkje noko som skjer heilt plutseleg, men det er resultatet av månader med ein fastlåst situasjon som fører til at begge partar ikkje har særleg mange andre tilfredsstillande alternativ, seier Ben Hunter, Aust-Afrika-ekspert i analysebyrået Verisk Maplecroft, til AFP.
I Brussel har folk med røter frå både Tigray og Oromia arrangert protestar mot Etiopias statsminister Abiy Ahmed.
Foto: Francisco Seco / API Amhara aukar misnøya
I Amhara-regionen har det blitt stadig meir uro i takt med at rykta om fredssamtaler har auka. Amhara ligg sør for Tigray. Den lokale Fano-militsen har vore viktige støttespelarar til regjeringshæren i krigen mot TPLF.
Kompliserte konfliktar. Dei ulike regionane i Etiopia har mykje makt, og forsøk på å overføre meir makt til hovudstaden Addis Abeba skaper konflikt.
Men mykje har snudd. Over 4000 er arresterte, Blant desse er soldatar frå den nemnde Fano-militsen, samt lokale politikarar og journalistar.
Dei mest ytterleggåande kreftene i Amhara ønskjer ikkje fred. Dei vil fortsette krigen. Dei vil vinne ein militær siger over TPLF.
Rykta om ein fredsavtale skapar derfor uro.
– Desse uoffisielle forhandlingane mellom Abiy og TPLF inkluderer ikkje Amhara sine interesser. Heller ikkje tema som uroar Amhara.
Det seier grunnleggjar av den USA-baserte organisasjonen Amhara Association of America, Tewodrose Tirfe, til AFP.
Soldatar frå Amhara er aktive, og har vore med på regjeringa si side i krigen mot TPLF i Tigray. No har ting snudd, og sentralregjeringa har arrestert over 4000 amharar.
Foto: TIKSA NEGERI / ReutersHan meiner soldatar frå Amhara vil vende ryggen til regjeringshæren og statsminister Abiy om dei ikkje likar resultatet av ein eventuell fredsavtale.
I Amhara er det frykt for at ein fredsavtale kan føre til at dei igjen mister kontroll over store landområde. Dette gjeld spesielt i Vest-Tigray, som dei meiner tilhøyrer Amhara.
Desse områda vart erobra av Tigray og TPLF under krigar på starten av 90-talet. Dei siste åra har Amhara teke tilbake kontrollen over desse områda.
No fryktar Amhara at Vest-Tigray blir del av ein eventuell fredsavtale, og at områda kan bli overført til Tigray igjen. Det er også sterke krefter som kjempar for eit meir sjølvstendig Amhara.
Etiopiske styresmakter forklarer dei mange arrestasjonane i Amhara med at dei slår ned på kriminalitet.
Abiy Ahmed har også mange støttespelarar. Då statsministeren vart sett inn for å styre i ein periode til gjekk mange ut i gatene for å vise si støtte til Abiy.
Foto: AMANUEL SILESHI / AFPLangvarig konflikt i Oromia held fram
Ein annan uroleg region er Oromia. Regionen ligg både sør og vest for hovudstaden Addis Abeba.
Seinast denne veka kom nyheita om at så mange som 260, kanskje 320, menneske er drepne i Oromia.
Det skal ha vore personar med amharisk bakgrunn som er drepne. Vitne seier til The Guardian at det er Oromo frigjeringsfront (OLF) sin hær, OLA, som står bak massakren.
At det er uroleg i Oromia er ikkje nytt. Oromo frigjeringsfront (OLF) har lenge kjempa for meir sjølvstende frå Etiopia.
Også i Oromia handlar mykje av uroa om tilgang på territorium. I tillegg handlar konflikten om at mange meiner dei blir diskriminerte av den etiopiske stat.
Soldatar frå Oromia og Amhara har ofte kjempa mot kvarandre. Seinast førre veke vart OLF si militære avdeling skulda for å stå bak massedrap på over 200 sivile som tilhøyrer amhara-folket.
Det siste året har OLF og TPLF funne saman i ein militær allianse. Leiarskapet i Amhara har vore deira fiendar. Samstundes møter også regjeringshæren motstand frå grupper i Oromia.
Også i Oromia møter Etiopias regjering alvorlege skuldingar. Førre veke blei regjeringa i Etiopia skulda for å drepe 30 personar som var knytt til OLF sin hær, utan at desse personane hadde blitt dømd for noko.
Ungdom frå Oromia roper slagord til støtte for styret i regionen.
Foto: EDUARDO SOTERAS / AFPKva med Sudan og Eritrea?
Konfliktane internt i Etiopia er kompliserte. Også Afar-regionen, aust for Tigray, har vore ein del av kampane og under angrep frå TPLF sine styrkar i Tigray. Det vert endå meir komplisert når ein også ser utover Etiopias grenser.
Rett nord for Tigray ligg Eritrea. Der har regimet i mange tiår vore TPLF sine fiendar. Også Tigray og Eritrea kranglar om kor grenser skal gå. Det er spesielt eit område, som heiter Badme, som skaper konflikt.
Dette området har statsminister Abiy tidlegare lova at Eritrea skal få kontroll over. Om han skal få i land ein fredsavtale med Tigray, så kan denne lovnaden no bli vanskeleg å halde.
Eritrea stikk også kjeppar i hjula for ein fredsavtale. For TPLF ønskjer alle eritreiske soldatar ut av Tigray. Dette har ikkje Eritrea vist teikn til å vere villige til.
Så om fredsprisvinnar Abiy Ahmed skal løyse konfliktar i sitt eige land, så kan det fort føre han inn i nye konfliktar med Eritrea. Og det var nettopp fred mellom Etiopia og Eritrea som var ein av grunnane til at Abiy fekk Nobels fredspris.
I mars i fjor møtte Etiopias statsminister sin eritreiske motpart, president Isaias Afwerki. Dei to har samarbeida i krigen mot Tigray, men no kan ting vere i ferd med å snu.
Foto: ARON SIMENEH / AFPAwet Weldemichael, som er ekspert på Afrikas Horn og jobbar ved Queen's University i Canada, meiner det kan slå feil ut for Abiy Ahmed om han ender opp med å lage fredsavtale med berre ein av dei mange aktørane i Etiopia.
– Statsministeren, landet og regionen kjem betre ut av det om han forsøker å få alle partane til å møte TPLF ved forhandlingsbordet, og ikkje berre gå dit åleine, seier Awet til AFP.
Vest for Etiopia ligg Sudan. Også langs grenseområda mellom dei to landa er det gryande uro akkurat no. Eit viktig stykke landbruksområde, som heiter al-Fashaqa, står sentralt i konflikten mellom Etiopia og Sudan.
Førre helg vart sju sudanske soldatar drepne. Det har ført til krass kritikk frå Sudan.
Etiopias utanriksdepartement omtaler hendinga som tragisk. Samstundes seier dei at drapa mest sannsynleg har skjedd fordi dei sudanske soldatane har kome inn i Etiopia saman med soldatar frå Tigray.