Hopp til innhold

Etiopia: Minst 50 flyktningar drepne i luftangrep på skule

Både hjelpearbeidarar og soldatar i Tigray-regionen melder om luftangrepet. Minst 50 personar skal vere drepne, og fleire enn 70 såra.

Ethiopia Tigray Crisis

Det etiopiske militæret er framleis i strid med regionale styrkar i Tigray-regionen.

Foto: AP

Angrepet på eit skulebygg i landsbyen Adi Daero, som ligg nord i landet, ser ut til å vere eit av dei dødelegaste til no i krigen, melder nyheitsbyrået Reuters.

Konflikten mellom dei føderale og dei regionale styresmaktene i Tigray har gått føre seg i nesten to år, ført til fleire tusen dødsfall og gjort millionar av menneske heimlause.

Dei som heldt til inne på skulebygget skal vere blant dei som tidlegare har blitt tvungne til å forlate heimane sine. Skulen var ført opp på ei liste over skular som innlosjerer flyktningar, ifølgje Reuters, som også skriv at informasjon om dette er sendt til etiopiske styresmakter.

Det er ikkje kjent kven som står bak det angrepet. Styresmaktene har ikkje enno svart på spørsmål om angrepet, melder byrået vidare. Dei har tidlegare nekta for at dei gjennomfører angrep mot sivile.

Ethiopia Eritrea Tigray Crisis

Ein mann går forbi ein øydelagd lastebil på ein veg mot byen Abi Adi i Tigray-regionen i fjor.

Foto: Ben Curtis / AP

Usikkert kor mange som er råka

Utanrikskontoret til dei regionale styresmaktene i Tigray melder om 65 drepne og 70 såra i angrepet.

Hjelpearbeidarar i landsbyen Shire, som ligg 25 kilometer vekke, melder førebels om lågare tal.

Det siste luftangrepet i krigen med så mange dødsfall skjedde januar 2022, då 59 menneske blei drepne i ein flyktningleir i nordvestlege Dedebit, ifølge menneskerettskontoret til FN.

Fredssamtalar til helga

Styresmaktene i Tigray-regionen og Etiopia er inviterte til fredssamtalar i Sør-Afrika til helga.

Det går fram av eit brev som ein av leiarane for Den afrikanske unionen har sendt, ifølgje nyheitsbyrået Ap.

Begge partar har takka ja til invitasjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt