NRK Meny
Normal

Erlend ventar på ny tyfon i Tacloban: – Ja, eg er redd

– Både borna og eg er redde. Vi var gjennom dette i fjor, så vi veit kva vi kan ha i vente, seier den norske hjelpearbeidaren Erlend Johannesen i Tacloban på Filippinane. I løpet av natta norsk tid vil den tropiske tyfonen «Hagupit» truleg slå innover land.

Tyfonen «Hagupit» fredag ettermiddag.

Satellittbilete av tyfonen «Hagupit» frå fredag ettermiddag norsk tid.

Foto: - / Afp

Erlend Johannesen, som driv barneheimen Streetlight i Tacloban, overlevde saman med borna der så vidt tyfonen «Haiyan» i november i fjor ved å regelrett å klamre seg fast i takkonstruksjonen på barneheimen.

7350 menneske omkom i det som kan ha vore den sterkaste tyfonen nokon gong, medan mange fleire vart heimlause.

Erlend Johannesen

Erlend Johannessen vedgår at han er redd før tyfonen «Hagupit» slår inn over Filippinane.

Foto: NRK

Barneheimen er no gjenoppbygd, men både Erlend, medhjelparane hans og borna er no evakuerte til eit hotell i byen. Likevel er dei redde for kva som kan vente dei i løpet av helga, seier han.

– Dyster stemning

– Situasjonen er veldig spent i heile byen, ja i heile regionen. Folk er redde, og er det nokon som har grunn til å vere redde så er det dei fattige. Eg snakka med ei eldre kvinne i kveld. Ho sa at ho ikkje visste om ho ville greie dette ein gong til. Stemninga er dyster. Gatene er tomme, alle butikkane er stengde, dei har spikra igjen både vindauge og dører, fortel Erlend Johannesen på telefon frå Tacloban.

NRK snakka med hjelpearbeidaren frå Trondheim ved 17-tida norsk tid, og då var klokka 01 på natta i Tacloban. Han fortalde at det bles kraftig der då, men det var langt frå tyfonstyrke på vinden.

Det som er positivt, seier han, er at styresmaktene denne gongen er førebudde på tyfonen. Soldatar i armerte køyretøy patruljerer i gatene, og i motsetnad til i fjor er det laga skikkelege evakueringsplanar.

LES OGSÅ: Reiser til sønnen på Filippinene

LES OGSÅ: Tacloban trua av ny monstertyfon

LES OGSÅ: For ett år siden ble øya nesten jevnet med jorden – nå evakueres de igjen

Evakuerte ventar på hjelp utanfor ei kyrkje i Tacloban.

Evakuerte i matkø utanfor ei kyrkje i Tacloban. Rundt 500.000 menneske er evakuerte frå heimane sine i området.

Foto: STRINGER/PHILIPPINES / Reuters

– Som dag og natt

– Evakueringstiltaka er som natt og dag i forhold til i fjor. Alle har fått beskjed om kvar dei skal evakuerast. Alle skular, hotell og offentlege bygg er stappfulle av menneske som er evakuerte frå heimane sine, seier han.

Han kan fortelje at så mange som ein halv million menneske i området er innlosjerte i evakueringssenter.

Erlend Johannessen seier at det framleis er uklart kvar og når tyfonen «Hagupit» vil treffe land. Vêrmeldingane er motstridande. Eit varslingsinstitutt på Hawaii har i kveld oppgradert tyfonen til ein supertyfon igjen (kategori 5), etter at han tidlegare i dag vart svekt etter å ha treft ein kaldfront.

Innslag med metteorolog.

VIDEO: Kristian Gislefoss orienterer om tyfonen.

Dei lokale vêrmeldingane melder framleis at «Hagupit» er i kategori 4. Dei verdata statsmeteorolog Kristian Gislefoss har fortel i videoen over at tyfonen fredag kveld er i kategori 5, men at han ser ut til å svekkjast til kategori 4 når han når land.

LES OGSÅ: Tsunami-ødeleggelser etter tyfonen Haiyan

LES OGSÅ: Må få barnehjemsbarna ut av Tacloban

600 kilometer i diameter

Evakuerte born i ei kyrkje i Tacloban.

Ei jente og ein gut kviler inne i kyrkja dei er evakuerte til i Tacloban.

Foto: STRINGER/PHILIPPINES / Reuters

– No ser det ut til at tyfonen ikkje vil gå direkte på Tacloban, men først treffe land på den austlege- eller nordlege delen av øya Samar. Men tyfonen er 600 kilometer i diameter, så det er ingen tvil om at vi vil merke han også her, seier Erlend Johannessen.

Han opplyser at, i tillegg til dei borna som bur på sjølve barneheimen, så er det 150 andre born som får hjelp av senteret. Dette er born som kjem frå fattige familiar i slummen, og dei får skule- og helsetilbod frå Streetlight-senteret.Desse borna er evakuerte saman med dei som bur fast på senteret.

Dei er no i ferd med å byggje eit nytt senter lenger nord, dit mange vart flytta etter tyfonen i fjor. Når dette senteret er ferdig vil barneheimen i Tacloban bli brukt til andre funksjonar, medan borna skal flyttast til det nye senteret.

Erlend Johannessen rosar medhjelparane sine i Tacloban, og det er fleire nordmenn blant dei, blant anna fleire arkitektstudentar frå Trondheim. Alle dei frivillige ynskte å vere her saman med borna under tyfonen, fortel han.

LES OGSÅ: Må få barnehjemsbarna ut av Tacloban

LES OGSÅ: – Det har vært et helvete

LES OGSÅ: Reiser til sønnen på Filippinene

LES OGSÅ; – Det har vært et helvete

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt