Tacloban trua av ny monstertyfon

7350 menneske mista livet då Filippinane vart ramma av tyfonen «Haiyan» i november i fjor. No flyktar livredde menneske frå kystområda i frykt for supertyfonen «Hagupit», som er venta å nå land laurdag.

Meteorologar ser på bilete av tyfonen.

Meteorologar følgjer ein animasjon av tyfonen «Hagupit», som er venta å ramme Filippinane laurdag.

Foto: JAY DIRECTO / Afp

President Benigno Aquino III sa i ein fjernsynstale i dag at folk må vere førebudde på det verste. Også Det norske utanriksdepartementet har åtvara nordmenn busette i landet om det komande uveret.

Områda som vart hardast ramma av tyfonen i november i fjor, er i faresona også for den nye orkanen. I Tacloban, ein av byane som vart hardast ramma av «Haiyan», har mange valt å evakuere frå områda nærmast kysten. Byen har også oppretta fleire evakueringssenter, blant anna i ein stor idrettshall.

Stormflo på 3–4 meter

Filippinske styresmakter ventar rutinemessig med å sende ut krisevarsel til tyfonen er 36 timar frå å nå land. Tyfonens «auge» er for tida 1000 kilometer aust for Suriago by med vindkast på opptil 230 kilometer i timen.

Satellittbilete av "Hagupit".

Satellittbilete av tyfonen «Hagupit», som er venta å slå inn over Filippinane laurdag.

Foto: Ap

Ifølgje amerikanske meteorologar er «auget»til tyfonen no rundt 1000 kilometer aust for Suriago by. Det er målt vindkast på opptil 230 kilometer, og det er venta ei stormflo på tre til fire meter når tyfonen treff fastlandet. Dette vil truleg skje laurdag føremiddag. I kjølvatnet av tyfonen følgjer kraftig regn.

Tyfonvarselsenteret til USAs marine truleg vil føre til vedvarande vind på rundt 305 kilometer i timen, og vindkast opp til 370 kilometer i timen, på den tida det er vent at tyfonen skal treffe land. Det vil truleg skje ved byen Samar.

LES OGSÅ: Erlend vil likevel ikke forlate Filippinene

LES OGSÅ: Tenner lys på årsdagen for katastrofen

– Nesten like kraftig

Dersom desse prognosane slår til vil «Hagupit» bli nesten like kraftig som «Haiyan», som er den kraftigaste stormen som nokon gong er målt på fastlandet. «Haiyan» hadde vedvarande vind i ei fart av 315 kilometer i timen.

Den norske ambassaden i Manila opplyser at dei har auka beredskapen sin, og at dei følgjer situasjonen fortløpande. Det er uklart kva retning tyfonen vil ta, men meteorologane meiner det er ein viss sjanse for at også Manila vil bli ramma. Dette vil skje søndag eller måndag.

– Vi er i dialog med filippinske styresmakter og internasjonale organisasjonar om beredskap. Vi vil setje i verk krisestab om det viser seg nødvendig, heiter det i ei fråsegn frå norsk UD .

Evkuering i Filippinane.

Ein familie har fylt opp den vesle bilen sin med eigedelar og sett kursen bort frå kysten.

Foto: Paul Cinco / Ap

LES OGSÅ: Graver fremdeles ut døde i Tacloban

LES OGSÅ: Befolkningen vender tilbake til hverdagen på Filippinene

Ber nordmenn melde seg

Ambassaden i Manila ber norske borgarar i Filippinane om å registrere seg i den frivillige databasen ambassaden har, slik at norske styresmakter kan hjelpe dei om det skulle vere behov for det.

Nordmenn blir også bedne om å halde seg oppdatert om situasjonen via filippinske medium og følgje alle råd frå lokale styresmakter, politi og tryggingsstyrkar.

Filippinane ligg sju timar framfor norsk tid.

Evakueringssenter i Tacloban.

Denne familien har kome til eit evakueringssenter i Tacloban. Dei håpar at dei er trygge for tyfonen der.

Foto: STRINGER/PHILIPPINES / Reuters
Ny tyfon truar Filippinane

LES OGSÅ: Begraver døde i midlertidige massegraver

LES OGSÅ: – Kan vente seg verre tyfoner i fremtiden

LES OGSÅ: Plyndrer og stjeler for å overleve

LES OGSÅ: Stormjeger: Det mest skremmende jeg har sett

LES OGSÅ: Ventar i uvissa på nytt om familien i Tacloban

SISTE NYTT

Siste nytt