Hopp til innhold

Eit vanskeleg år for Uber

Uber legg verksemda på is i Norge. Det skjer etter eit trøblete år for det amerikanske selskapet.

Uber med en pause

Uber tek ein pause i Norge i slutten av oktober, seier sjefen i Norge, Carl Edvard Endresen. Det siste året har elles vore svært vanskeleg for det amerikanske selskapet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Skyssformidlingsselskapet Uber kunngjorde måndag at dei i slutten av oktober set verksemda Uber Pop på pause inntil vidare.

Kunngjeringa kjem etter eit vanskeleg år for selskapet, med tapte rettssaker, lovpålegg og påstandar om seksuell trakassering. Og som Aftenposten har skrive tidlegare, har selskapet måtte trekke seg ut av fleire store marknader den siste tida. Og det toppa seg i slutten av september då Uber mista lisensen i London.

Skandalane

Sidan februar har det kome fleire skuldingar om seksuell trakassering og mobbing i selskapet. Ein av dei som har stått fram er ein kvinneleg ingeniør som fortalde ho blei ignorert av sjefar når ho fortalde om trakassering og kjønnsdiskriminering.

Uber er også skulda for å stele teknologi frå Google, og for å ha laga ein falsk versjon av appen for å kunne operere ulovleg utan å bli oppdaga, skriv nyheitsbyrået AP.

UBER-BOARD/

Uber-gründer Travis Kalanick gjekk av som administrerande direktør i selskapet i juni, etter at han hadde fått kritikk for å ha skapt ein usunn selskapskultur. Han sit framleis i Uber-styret.

Foto: Danish Siddiqui / Reuters

Det har også kome skuldingar om ein usunn kultur i selskapet. I mars slutta ein av toppleiarane i selskapet, Jeff Jones, mindre enn eitt år etter at han starta. Grunnen var ifølge han sjølv at hans leiarfilosofi ikkje passa inn i Uber.

I sommar gjekk også Uber-gründer og administrerande direktør Travis Kalanick av på grunn av skuldingane om dårleg selskapskultur. Men han blei sitjande i styret.

Tapte rettssaker

Uber har måtte møte i retten, og tapt, i fleire byar og land dei siste åra. Paris og Brussel er blant byane som har forbode skyssappen til selskapet. I Paris måtte Uber betale 8000.000 euro for å drive ein ulovleg drosjeteneste. Og i september fekk dei altså ikkje fornya løyvet til å drive i London.

I land som Bulgaria og Ungarn er Uber også forbode. I Danmark trekte Uber seg ut av marknaden tidlegare i år. Blant anna på grunn av rettssaker mot fleire av sjåførane deira. Men selskapet arbeider for å kome tilbake på den danske marknaden, melde dansk TV 2 i sommar.

Også i Sverige la dei ned delar av verksemda i 2016 etter at meir enn 300 sjåførar blei granska for skattesvik av styresmaktene.

UBER-BRITAIN/REPORT

Dei svarte drosjene i London får ikkje konkurranse frå Uber-sjåførar etter at det amerikanske selskapet ikkje fekk fornya lisensen til å halde fram med persontransport i byen.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

Og i Norge har politiet meldt fleire Uber-sjåførar for ulovleg næringsverksemd. Fleire har fått førarkortet inndrege, og i januar sende Skatteetaten brev til over 400 sjåførar dei meinte ikkje hadde betalt skatt og moms av pengane dei hadde tent i selskapet.

I september fekk Uber i Norge også bøter på til saman fem millionar kroner fordi politiet meinte dei kunne påvise brot på yrkestransportlova.

Typisk

Førsteamanuensis Espen Andersen ved Institutt for strategi og entreprenørskap ved BI er ikkje overraska over at Uber har møtt motstand. Han forskar på disruptiv innovasjon, det vil seie korleis utvikling av nye produkt og tenester endrar dei eksisterande forretningsmodellane.

– Selskap som prøver å finne nye måtar å gjere på, som persontransport, møter nesten alltid motstand frå det etablerte.

Han meiner Uber har vist at det er mogleg å organisere persontransport på andre måtar enn vi gjer i dag.

Espen Andersen, BI

Førsteamanuensis Espen Andersen ved BI meiner Uber har opna døra for andre aktørar som vil endre måten å organisere persontransport på.

Foto: Torbjørn Brovold / BI

– Uber har gjeve oss ein teknologi, men det kan vere andre selskap med andre forretningsmodellar som utnyttar teknologien best i framtida. Eg trur difor dette er noko vi vil sjå stadig meir av.

I Norge meiner han Ruter-appen har ein teknologi som lett kan byggast ut til å omfatte også næraste drosje, nabobil, og etter kvart også førarlause bilar. På verdsbasis kan Google bli ein stor aktør, også på dette området.

– Mange bruker allereie Google Maps for å orientere seg om raskaste veg med ulike framkomstmiddel. Så Google kan fort bli viktige også når det gjeld formidling av persontransport.

SISTE NYTT

Siste nytt