Hopp til innhold

Ein uvanleg sta president

Barack Obama må ha hatt ei god stund da slagordet hans frå valkampen, "Yes, we can", gjalla gjennom Representanthuset i natt.

USAs president Barack Obama og visepresident Jim Biden

President Barack Obama og visepresident Joe Biden etter at det var klart at Demokratane hadde vunne.

Foto: Jim Watson / Scanpix/AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Presidenten hadde ingen garanti om utfallet.

Heile helga fram mot røystinga hadde han jobba med lovmakarane i Kongressen, vore på telefonen med enkeltrepresentantar, lytta, argumentert og kjøpslått.

Lørdag tok han personleg turen til Capitolhøgda for å snakke med dei andlet til andlet. Ventetida skal han ha brukt på basketball på TV.

Søndag ettermiddag var han igjen pragmatikaren og ga presidentens ord på at reformen ikkje skal endre det forbodet som gjeld om at føderale pengar ikkje kan brukast på abort.

Det fekk dei siste gjerdesittarane blant Demokratane til å hoppe ned.

Eldddåpen

Helsereformen har vore det viktigaste politiske målet til Barack Obama sidan han flytta inn i Det kvite hus i fjor vinter.

14 månader seinare står det som den første store politiske gevinsten hans som presidenten. Han har vunne ein triumf på eit område der Demokratane har prøvt og prøvt i fleire tiår utan å lykkast.

Han er blitt utfordra av dei same kreftene som knekte Bill Clinton da han gjorde forsøket sitt på å reformere helsestellet i USA.

I dei tyngste stundene har mange av partifellene hans rådd han til å glømme heile reformen. Og det kan vel vere at presidenten har vore inne på tanken, men han har i alle fall valt å fortsette og gjøre det han er best på - drive politisk kampanje og forhandle.

Han har vore langt meir pragmatisk enn dei mest idealistiske demokratane har likt. Han har forhandla vekk den beste helselova for å få igjennom den nest beste, og igjen den nest beste om det har vore det einaste mulige.

Han har reist og snakka til folket i alle hjørner av kontinentet, drive intenst lobbyverksemd i Kongressen, invitert til tverrpolitiske samlingar og gitt republikanarane alle sjansar til å vere med på seilasen.

Obama har i det heile tatt vist at han er ein uvanleg sta president, sjølv når populariteten hans fell 20 prosentpoeng på målingane.

Heilt nytt rammeverk

Reformen betyr at 32 millionar amerikanarar som tidlegare ikkje har hatt helseforsikring, får det.

Barack Obama og Nancy Pelosi

Obama i Kongressen på laurdag.

Foto: Jonathan Ernst / Scanpix/Reuters

USA vil få eit heilt nytt offentleg rammeverk for helsestellet, som blant anna betyr at forsikringsselskapa ikkje lenger vil kunne nekte enkeltmenneske ein avtale om dei har kjente helseplager på førehand eller blir sjuke. Lova vil krevje at selskapa dekker alle amerikanarar.

På andre sida blir det ei plikt for enkeltmenneske å teikne forsikring. Dei som ikkje gjør det, må betale bot. Fleire arbeidsgivarar blir også pliktige til å gi dei tilsette helseforsikring.

Regelverket skal gjøre helsestell rimelegare for folk flest. Det betyr at dei offentlege utgiftene til helsestellet vil auke dramatisk. Dei millionane fattige som nå får forsikringsavtale, vil få offentleg støtte til å dekke forsikringspremien. Og skatteauke på høge kapitalinntekter skal vere med å finansiere det heile.

Senatet på tysdag

President Obama vil skrive under den nye lova ein av dei næraste dagane. Korleis det skal skje, er ennå hemmeleg.

Først må prosessen avsluttast i Kongressen, der Senatet tysdag begynner innspurten. Det vedtaket som ligg føre frå Representanthuset, er lovverket som Senatet tidlegare har vedtatt - pluss 150 sider med tilføyelsar.

Sidan Demokratane i øyeblikket ikkje har det mye omtalte 60-40-fleirtalet som ville ha hindra filibustertaktikken til det republikanske mindretalet, er tanken til Demokratane nå å omgå filibuster ved å bruke ein fullt lovleg praksis i Kongressen som betyr at det er nok med absolutt fleirtal for å få sakene gjennom.

Målet er å ha alt i orden i løpet av dei neste par dagane.

Da kan Obama legge ut på tur igjen for å promotere helsereformen rundt i landet.

Spørsmålet er om han også kan bruke triumfen og den styrka politiske stillinga si på andre viktige område, som regulering av finanslivet eller klima og energi.

Val i november

Republikanarane er framleis opprørte, trugar med rettsstellet og lovar hemn i mellomvalet i november. Dei snakkar om Obamas Waterloo og lovar å oppheve heile reformen om dei får makt til det.

I november står heile Representanthuset og ein tredel av Senatet på val.
Men Demokratane føler at dei står sterkare nå enn dei ville gjort om reformen hadde blitt nedstemt.

USAs president Barack Obama og visepresident Joe Biden

Sigerherrarane etter pressekonferansen.

Foto: Jim Watson / Scanpix/AFP

Å drive valkamp på å svekke dei svakaste i samfunnet meiner Demokratane er dårleg strategi.

Helsereformen blei vedtatt utan ei einaste republikansk stemme. Det er ganske eineståande i moderne tid. Og noen meiner at her ligg også den største kostnaden for Obama.

Som presidentkandidat gjorde han det til ei fanesak å bygge bru mellom dei to politiske gruppene i Kongressen og ville ha alt så tverrpolitisk som muleg.

Nå står han igjen med ein sjeldan delt kongress.

SISTE NYTT

Siste nytt