Hopp til innhold

Eigedelar funne i søket etter sakna journalist og urfolkekspert i Brasil

Dykkarar frå det lokale brannvesenet har funne ein ryggsekk og ei datamaskin i eit område i Amazonas der dei leitar etter ein sakna journalist og ein urfolksekspert

Funn etter savnet journalist og urfolkekspert i Amazonas i Brasil

Ein brannmann held fram eit bilde på mobiltelefonen sin som skal vise augneblinken då leitemannskapa søndag fann fleire av eigedelane til dei to sakna.

Foto: Edmar Barros / AP

Den britiske frilansjournalisten Dom Philips (57) og den brasilianske urfolkseksperten Bruno Pereira (41) var på arbeidsreise i det avsidesliggjande Javari-området langt inne i Amazonas då dei forsvann, tilsynelatande sporlaust. Dei vart melde sakna førre søndag.

Politiet kjem med gjenstandar som vart funne i skogen på søndag i leitinga etter Dom Philips og Bruno pereira.

Politiet kjem med gjenstandar som vart funne søndag under leitinga etter Dom Philips og Bruno Pereira.

Foto: Edmar Barros / AP

Store leitemannskap har søkt etter dei to i det svært avsidesliggjande området, som og vert skildra som «lovlaust».

følge Reuters er det og funne eit helsekort tilhøyrande Pereira i området.

Leitar under vatn

Sakna-plata: Dom Philips og Bruno Pereira er sakna i Amazonas i Brasil.

Sakna-plata: Dom Philips og Bruno Pereira er sakna i Amazonas i Brasil.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Ryggsekken var knytt til eit tre som var delvis nedsokke, fortalde ein brannmann til reporterar i byen Atalaia do Norte, som er næraste by til søkjeområdet.

Det er flaumsesong i regionen, og delar av skogsområdet er overfløymt. Det har mellom anna vore søkt med dykkarar.

Politi og redningsmannskap leiter etter Dom Philips og Bruno Pereira i regnskogen i Atalaia do Norte.

Væpna politi og redningsmannskap leiter etter dei to sakna i regnskogen ved Atalaia do Norte.

Foto: BRUNO KELLY / Reuters

.

Fekk truslar

Phillips, som tidlegare har skrive mykje for den britiske avisa The Guardian, var på tur i Amazonas for å skrive bok om regnskogen. Pereira er tilsett i den brasilianske urfolksetaten Funai.

Dei to vart sist sett søndag morgon for over ei veke sidan i Javari-dalen som er det nest største urfolk-reservatet i Brasil. Dei skal ha vore påveg oppover elva i motorbåt då dei forsvann.

Området er kjent for ulovleg gruvedrift og narkosmugling. Sidan 2009 er minst 300 menenske drepne i konfliktar om ressursbruk i Amazonas, skriv Human Rights Watch.

Lokale urfolksaktivistar seier at Philips og Pereira fekk truslar under arbeidet i regionen.

Leting etter Dom Philips og bruno pereira i Amazonas

Området der det vert leita etter dei to sakna er prega av flaum.

Foto: BRUNO KELLY / Reuters

Lokal fiskar arrestert

Ein lokal mann som er mistenkt for å vere involvert i forsvinninga, er arrestert. Mannen, kjent som «Pelado», skal ha blitt tatt med narkotika, ei hagle, og militær ammunisjon.

Vitne seier han følgde etter båten til Philips og Pereira. Det er funne blod på ein presenning i båten hans.

I Rio de Janeiro var det søndag demonstrasjonar der vener og slekntingar av dei to sakna kravde at styresmaktene gjer meir for å spore opp dei to som er sakna.

Vener og slektningar til dei to som er sakna, demonstrerte for større redningsinnsats på Copacabana i Rio de Janeiro på søndag 12. juni 2022

Vener og slektningar til dei to som er sakna, demonstrerte for større redningsinnsats på Copacabana i Rio de Janeiro på søndag.

Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Atalaia do Norte ligg helt inst i Amazonas, nær grensa mot Peru og Colombia, og vert skildra som vanskeleg tilgjengeleg og «lovlaust».

SISTE NYTT

Siste nytt