Minst ti døde i brann i Brasil
Minst ti personar mista livet og 11 blei skadde då det tok til å brenne i eit pensjonat i byen Porto Alegre sør i Brasil natt til fredag.
Det var ikkje løyve til å drive pensjonat i huset, og det var ingen plan for korleis ein skulle nedkjempe ein brann der, seier brannvesenet.
Romma låg svært tett, og flammane spreidde seg raskt. Det var vanskeleg for dei som budde der å kome seg ut, seier den lokale brannsjefen, oberstløytnant Lucio Junes da Silva til CNN Brasil.