Hopp til innhold

Egyptisk militærtopp drepen i Kairo

Ein brigadegeneral vart skoten og drepen av ukjende menn i Kairo i dag tidleg. Seinare på dagen vart minst to menneske drepne i samanstøytar mellom politi og islamistar i byen.

Det er tungt oppbod av politi og soldatar i Kairo.

Det er eit tungt oppbod av politi og soldatar av frykt for uro under ein demonstrasjon mot dei militære makthavarane i landet.

Foto: Amr Nabil / Ap

Over 100 mistenkte medlemer av Den muslimske brorskapen er arresterte i frykt for at dei planla valdelege protestar. Egyptisk politi har vore på tå hev i fleire dagar, etter at den islamistiske organisasjonen Salafi-fronten varsla ein regjeringskritisk demonstrasjon etter fredagsbøna i Kairo i dag.

Denne demonstrasjonen fekk sine to første dødsoffer i ettermiddag. Det er også ein demonstrasjon som rettar seg mot Den muslimske brorskapen i Kairo i dag. Eit ukjent tal demonstrantar ropar slagord mot terroprisme og støtteerklæringar til president Al-Sisi.

Morsi-støttespelarar

Salafist-gruppa er ei av fleire grupperingar som reagerte sterkt på at den egyptiske hæren i fjor avsette den folkevalde presidenten Mohamed Morsi frå Den islamske brorskapen.

Identiteten til den drepne brigadegeneralen er førebels ikkje kjend. Det var i dag tidleg at ein bin utan registreringsskilt køyrde opp på sida av bilen til generalen på ein parkeringsplass og opna eld. To andre vart såra i angrepet. Angrepet skjedde i bydelen Gesr Al-Suez.

Soldat drepen

I eit anna angrep i Kairo vart ein soldat drepen i ei skotveksling mellom hæren og væpna menn i den nordlege delen av den egyptiske hovudstaden.

Fleire væpna islamistiske grupper har retta angrep mot politi og soldatar i Egypt etter hæren si maktovertaking. Gruppene har vore særleg aktive på Sinai-halvøya, men det har også vore mange angrep i Kairo.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: UD bekrefter kontakt med spionanklaget i Egypt

LES OGSÅ: I den libyske hengemyra

LES OGSÅ: Brorskaps-leder beskyldes for spionasje for Norge

SISTE NYTT

Siste nytt